Bruk av autopenn kan gjere alle dokument demens-Biden signerte UGYLDIGE

Joe Biden vil sannsynlegvis gå inn i historia som den mest udugelege presidenten i amerikansk historie. Ikkje berre er kontroversen knytt til Hunter Bidens berbare PC, «pandemien» og Ukraina-krigen, men òg til hans eigen kognitive tilstand. Tallause videoar sirkulerer der han ikkje ser ut til å vere orientert om tid eller stad, ein klar indikasjon på det mange meiner er langt framskriden demens. No vil delstaten Missouri sin Attorney General («general-advokat») Andrew Bailey at Justisdepartementet skal etterforske korleis Biden sin mentale tilstand var under presidentperioden. Det blir antyda at hans reduserte kognitive evner kan ha late ikkje-valde byråkratar styre skuta, mellom anna ved å underskrive på dokument med ein sokalla autopenn.

S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Heritage Foundation Oversight Project avdekte akkurat den største oppdaginga i den moderne æraen, som kanskje kan velte kvar einaste horrible politiske retningslinje, handling, dokument og ordre som senile Joe Biden skreiv under, fordi nokon brukte ein autopenn kvar gong, bortsett frå då han skreiv under på oppseiingsbrevet sitt. Dersom dette held vatn, er det på tide å legitimt trekkje tilbake kvar einaste ordre Biden signerte, sidan kven som helst kunne ha brukt autopennen, noko som tydar at kven som helst av hans kohortar kunne ha styrt heile landet dei siste fire åra.

Det einaste dokumentet som då vil vere legitimt, vil vere brevet der han erklærer at han trekkjer seg frå 2024-presidentvalet, som enkelte spekulerer at Obama likevel skreiv for han. Førestill dykk det. Kanskje det er grunnen til at Biden på førespurnad ikkje kunne hugse noko han skreiv under på eller gjorde berre nokre dagar tidlegare, fordi han ikkje berre var i stadium 4-demens, men òg fordi svikefulle kohortar brukte hans autopenn-signatur til å utføre ulovlege transaksjonar og distribuere billionar av dollar til sine underslagsutførande venner med falske organisasjonar og falske selskap.»

Wells skriv vidare:

«Bruken av president-autopennen går tilbake til 1950-talet, og lovlegheita har blitt stilt spørsmål ved heile tida sidan. I 2013 brukte Obama autopennen til å signere eit lovforslag slik at det vart til lov, medan han var på ferie på Hawaii. Var Biden i det heile teke klar over at autopennen vart brukt til å signere namnet hans på tusenvis av dokument i ein periode på fire år, eller sat han og sov i strandstolen sin ved havet i Delaware heile tida?

No krev general-advokaten i Missouri, Andrew Bailey, at Justisdepartementet etterforskar om Bidens demenstilstand og openberre kognitive forfall tillét ikkje-valde byråkratar å styre regjeringa utan at presidenten hadde noka som helst oversikt. Og Demokratane klagar over at ‘ikkje-valde byråkratar’ etterforskar bedrageriet deira no – førestill dykk konsekvensane dersom ‘autopennen’ gjer ugyldig alt som har signaturen til Biden på seg.

Dette tydar at alle benådingane som Biden utstada til sine kriminelle kohortar og sonen sin no er fullstendig ugyldige.

Dette brevet som er skrive til Michael E. Horowitz, general-inspektøren i Justisdepartementet, gjev det heile inn med teskei. [Uthevingane er Wells sine eigne; oms.an.]:

Eg skriv for å be Dykk om at De utfører ei full etterforsking rundt dei mentale evnene til president Biden i hans siste dagar i embetet. Innan no er Bidens mentale forfall berømt. Under det 25.tillegget burde hans manglande evne til å ta avgjerder ha ført til ei maktoverdraging. I staden ser det ut til at stabsmedlemmer og offiserar i Biden-administrasjonen kan ha utnytta Bidens tilstand til å utstade ordrar utan at ein tilrekneleg president med fornuft og forstand kunne godkjenne dei. Dette kan forklare kvifor ordrane til Biden-administrasjonen låg meir aggressivt til venstre enn nokon tidlegare president. Dersom stabsmedlemmene til Biden faktisk utnytta hans mentale forfall, er desse ordrane fullstendig ugyldige.»

Klarare kan det vel knapt seiast. Kapteinen har ikkje styrt skuta. Presidentperioden til Biden blir meir og meir skandaløs for kvart kritikkverdige aspekt som dukkar opp på overflata. Dette blir neppe den siste overraskinga frå den kanten.

One comment

Kommenter innlegget