Eliten vil AVLIVE våre eldre for å spare pengar

Skribenten som går under namnet «VOX» fekk 9.mars 2025 publisert ein artikkel i nettavisa UtenFilter om ei for tida aktuell sak: Venstre driv visstnok og utreiar moglegheita for å hjelpe eldre med å ta livet av seg. Målet kan vere å spare pengar, som so kan brukast til å smøre mektige aktørar i den supranasjonale djupstaten, som so vil lønne «våre» politikarar med godt betalte stillingar i til dømes EU. Dei har same tankegods som nazistane, men nazistane var i det minste ærlege i sine føremål.

VOX konkluderer innleiingsvis at «[v]i gamlinger dør ikke kjapt nok!». Eldre i vestlege land blir subtilt oppfordra til å sjå til å daue slik at dei ikkje lenger belastar «samfunnets milder med å holde seg i live for lenge. Og dertil opprettholde budsjettbelemrende pensjonsutgifter.»

«Senest ute er vårt eget land, der flere i partiet Venstre ikke ser noen hensikt i at eldre, ikke-arbeidende besteforeldre skal klamre seg til unyttige liv. […] Og skal det bli nok cash på stadig flere land worldwide, er en av løsningene rett og slett å hjelpe flere gamle til å begå selvmord. Etter deres ‘eget ønske’ selvfølgelig.»

Debatten rundt aktiv dødshjelp – eller eutanasi – var tidlegare avgrensa til enkelte drapslystne og mentalt forstyrra individ. Om ein helsefagarbeidar eller sjukepleiar på ein sjukeheim snakka i lunsjen om eutanasi, ville vedkomande garantert bli møtt av indignasjon, sjokk og vantru av kollegaene. Etter «pandemien» ser det for meg ut til at synet helsepersonell har på denne saka har blitt meir… avlivingsvennleg, kan ein seie. Tilbake i 2023, då eg framleis jobba på sjukeheim, sat ein helsefagarbeidarlærling i lunsjen og erklærte med patos at ho var tilhengjar av eutanasi. Ingen sa ho imot.

Eg har ved fleire høve tidlegare skrive om eutanasi på Saksyndig. 17.mars 2022 publiserte eg ein artikkel med tittelen «Den vanskelege samtalen om livets siste fase: Bør aktiv dødshjelp bli lovleg?». Eutanasi ligg i ein juridisk gråsone, ettersom drap er straffbart medan sjølvmord ikkje er det. Hjelp til å gjennomføre sjølvmord er derimot straffbart. Om ein person blir so sjuk og gammal at han sjølv ikkje greier å avslutte livet, trass eit intenst ønske om det, kva gjer vi då?

Det kan sjå ut som ein del eldre førebur seg på nettopp det scenarioet. Dei veit at ingen vil hjelpe dei med å ta livet av seg. I staden skal dei bli haldne i live i årevis på ein sjukeheim. Josefine Bru (1984-2024) skreiv ein artikkel om problemstillinga som vart publisert 16.juni 2023. Ho baserte den på ein artikkel i Bergens Tidende (BT), 14.juni 2023-utgåva. I eit debattinnlegg underteikna Arnfinn Fiskå, Geir Sverre Braut og Ingelin Testad fortel dei om sjølvmord som tema i norsk eldreomsorg. Skodespelar Lise Fjeldstad (fødd 1939) lurte på det ville ha vore lurt å samle opp tablettar for å sjølv kunne setje punktum når ein merka at nok var nok. Heller det enn å bli prisgjeven ein mangelfull eldreomsorg.

Når det gjeld å leve so lenge som mogleg når alderdommen er fylt til randa av plagar, sjukdommar og skavankar, finst det nok fleire argument som talar for aktiv dødshjelp, enn mot. Husdyr blir kategorisk avliva. Bilar blir sendt til vraking. Bygningar blir kondemnerte og jamna med jorda. Logisk sett burde eutanasi bli eit standardtilbod for sjuke eller alvorleg alderdomssvekte. Heldigvis (?) sit ikkje logikken i førarsetet hjå menneske flest. Problemet med eutanasi er at når eit slikt lovverk fyrst er innført, har det ein lei tendens til å bli utvida til å gjelde andre grupper som eliten ønskjer å bli kvitt. Canada er sjølve skrekkdømet, der funksjonshemma og psykisk sjuke no er to av gruppene som blir tilbodne ein «utveg». Ikkje fordi dei ikkje ønskjer å leve lenger, men fordi dei kostar litt for mykje for samfunnet.

Sjå òg «Canada drep fleire tusen i veka gjennom eutanasi – media er musestille», publisert 10.desember 2023 (omsetjingartikkel).

Det er heller ikkje garantert at sjølve eutanasi-prosessen går føre seg raskt og smertefritt, noko denne artikkelen vitnar om. Legemiddelblandinga som vart brukt til å avslutte livet på ein kreftpasient fungerte ikkje, då tok helsepersonellet heller ei pute og kvelte vedkomande.

For å vende tilbake til VOX-artikkelen, ser eliten ut til å spele på dårleg samvit hjå eldre. Folk flest ønskjer ikkje å vere til bry for fellesskapet. Ligg ein der med halvsidig lamming, inkontinent for urin og avføring og treng hjelp til absolutt alt, er det lett å tenkje at alle ressursane som blir brukt på ein sjølv kunne blitt brukt på andre ting – til dømes å sende bistandspengar til Ukraina eller byggje ballbinge til saksbehandlarane på det lokale NAV-kontoret. Enkelte eldre bruker særs lang tid på å døy, og dette kostar pengar som den norske staten tydelegvis ikkje har (dei har jo blåst alle pengane på Ukraina og NAV-ballbingar!).

«Eldre mennesker vil gjerne ikke være en belastning for noen. Eller bidra til å hindre yngre menneskers helbredelse. Det er derfor lett å tenke seg at det i en del tilfeller ikke er noen umulig oppgave å spille på de gamles dårlige samvittighet i sakens anledning. Mange eldre er dessuten enslige. Og uten hjelp fra yngre slektningers bistand når det røyner på. Da er det fort gjort å tenke at de kan bistå samfunnet med å frigjøre et overbelastet helsevesen. For ikke å snakke om å berge trygdebudsjettet.»

VOX konkluderer – ikkje utan eit visst snev av sarkasme – at sidan Noreg har ambisjonar om å redde heile planeten, so kan vi ikkje sløse vekk pengar på eldreomsorg. Vi må bli kvitt «flere av de unyttige gamlingene».

Denne saka er mildt sagt betent, og har minst to sider. Vi har på den eine sida ein elite som gladeleg myrdar menneske for eiga vinnings skuld, og på den andre sida har vi enkelte eldre som føler dei har levd lenge nok og ikkje orkar eit liv i sjukdom, smerter og einsemd. I gamle dagar gjekk naturen sin gang. No har legar gjort seg til herrar over liv og død, og denne hybrisen høyrer ikkje heime hjå vanlege dødelege. Det finst ein gyllen middelveg mellom å bli kaldblodig avliva ved minste teikn på sjukdom og skrøpelegheit, og å tilbringe sine siste tjue år av livet som dement pleiepasient på somatisk langtidsavdeling. Vi må trekkje ei linje i sanden, for so å bli einige om å aldri nokosinne krysse den.

Kommenter innlegget