Den vanskelege samtalen om livets siste fase: Bør aktiv dødshjelp bli lovleg?

I ein artikkel i Resett 15.mars 2022 skriv Svein Otto Nilsen om Pensjonistpartiet sitt syn på aktiv dødshjelp. Han skriv følgjande: «I dag kan man velge det meste fra vugge til grav, men en avslutning av livet er ikke akseptert utført i Norge. Aktiv dødshjelp er straffbart etter straffeloven i Norge.»

Aktiv dødshjelp omfattar to ulike former for hjelp:

  1. Assistert livsavslutning. Ein lege skriv ut resept på eit dødeleg legemiddel som pasienten sjølv må ta.
  2. Eutanasi. Ein lege set ein injeksjon på pasienten med det føremål at pasienten skal døy.

So langt er Sveits det einaste landet som tek i mot utanlandske borgarar som ønskjer å avslutte livet sitt. Reise, opphald, avslutning og heimsending (av den avdøde) kostar om lag 10 000 euro. Nilsen skriv:

«I Norge har et av argumentene mot aktiv dødshjelp vært at vi har såpass god palliativ behandling, at ingen pasienter skal behøve å lide i sluttfasen.

Det er ikke alle sykehjem som har den nødvendige kompetansen til å gjennomføre god palliativ behandling. Derfor hender det at pasienter ikke får mer morfin tross store smerter, ettersom legen er redd morfinen til ta livet av vedkommende.

Pensjonistpartiet ser det som viktig at partiet følger opp sitt mål om mest mulig frihet fra vogge til grav. Man må derfor også tørre å ta diskusjonen om livets slutt.»

Etter mitt syn ligg aktiv dødshjelp i ein juridisk gråsone. Å hjelpe nokon til å ta sitt eige liv er rekna som drap i Straffelova. Hadde personen sjølv klart å avslutte livet, hadde det vore rekna som sjølvmord. Sjølvmord er ikkje forbode, ettersom offeret og gjerningsmannen er same personen. Det er derimot sett på som eit stort tabu i det norske samfunnet når nokon vel å ta sitt eige liv. I gamle dagar var faktisk sjølvmord og sjølvmordsforsøk straffbart i fleire jurisdiksjonar rundt om i verda, blant anna i 1800-talets England. Dei etterlatne etter eit sjølvmordsoffer kunne risikere å misse arveretten. Difor dikta enkelte opp ganske so tvilsame dødsårsaker: Eit offer som hadde hengt seg, fekk som dødsårsak at han «uheldigvis» fekk ei løkke rundt halsen då han skulle reparere ein takbjelke; legar og obdusentar vart utan tvil betalt under bordet for å halde kjeft om sjølvmordet. Ikkje berre førde sjølvmord til straff frå Staten, men òg til ei fordømming av den avdødes minne.

Tabuet rundt sjølvmord heng framleis igjen i våre dagar. Handlinga er ikkje lenger kriminalisert, men sjølvmord er framleis ikkje rekna som ein like «stoverein» og «sosialt akseptabel» dødsårsak slik til dømes død på grunn av sjukdom eller ulykker er. Ein 54 år gammal bedriftsleiar eller toppsjef får gjerne ein bygning kalla opp etter seg om han døyr av kreft. Om han tek sjølvmord, derimot, vil biletet av han sannsynlegvis bli fjerna frå veggen med bilete av tidlegare sjefar og gøymt inst inne i eit mørkt arkiv.

Sameleis blir sjølvmordforsøk hengjande ved personen resten av livet. Han eller ho blir stadig mint på handlinga av venner, familie, ektemake, avkom eller kollegaer. Og hamnar ein fyrst innanfor dei kliniske veggane til psykiatrien, er løpet definitivt køyrt – iallfall om ein hamnar på trygd og blir ein «useless eater»!

Drap er ulovleg medan sjølvmord er tabu. Aktiv dødshjelp fell difor mellom fleire stolar. Om assistert hjelp til å avslutte livet hadde blitt lovleg, hadde likevel stigmaet og tabuet rundt ønsket om å døy hange igjen: Ønsket om å avslutte livet oppstår når livet blir uuthaldeleg å leve. Det er fellestrekket mellom ønsket til ein 90-årig pleiepasient som er mett av dage, og ein ulykkeleg, avstandsforelska 17-åring. Begge ønskjer å døy, men det er éin vesentleg forskjell mellom desse to som ingen kan nekte for: Om begge dei to fekk innvilga ønsket sitt om å døy, kven ville samfunnet ha sakna mest?

17-åringen har heile livet framfor seg, medan 90-åringen har heile livet bak seg. 90-åringen har etter beste evne gjort nytte for seg i samfunnet, medan 17-åringen i beste fall kan bidra til samfunnet i minst femti år framover. Dei som støttar aktiv dødshjelp vil difor vinkle det til at det er «rettare» å leggje til rette for at 90-åringen skal bli avliva, enn at 17-åringen skal det. Det er berre naturens gang: Dei gamle skal døy medan dei unge skal leve. Om aktiv dødshjelp blir tillate, kva er det då i lova som til dømes hindrar ein lege å skrive ut eit dødeleg legemiddel til ein 17-åring med hjartesorg?

Eg går utifrå at Pensjonistforbundet ønskjer at det skal stillast strenge, medisinsk objektive kriterium for kven som får lov til å avslutte livet med assistanse. Personar som allereie er i terminalfasen, eller som har ein degenerativ, uhelbredeleg sjukdom slik som ALS eller kreft med spreiing. Personar som etter ei ulykke er lamma frå halsen og ned, og som vil vere heilt avhengige av omfattande bistand resten av livet. Kandidatane er mange, men fellestrekket er at ingen av dei vil vere i stand til å avslutte livet på eiga hand. Ønsket om å forlate denne verda må difor utførast av eit anna menneske, som då vil gjere seg til drapsmann og vil måtte leve med det resten av livet. Assistert dødshjelp må difor berre kunne utførast av legar, gjerne legar med spesialutdanning innan assistert livsavslutning. Ei grunding psykiatrisk evaluering av personen må finne stad, i lag med ei evaluering av personens livssituasjon og moglegheitene for ei framtidig forbetring.

Medisinske, objektive vurderingar gjort av sakkyndige vil difor hindre at ulykkeleg forelska 17-åringar vil få hjelp til å avslutte det som elles kunne ha vore eit rikt liv med framtidig kjærleik, nyting og tilfredsstilling. Slike føringar bør etter mitt syn vere eit minimumskrav for å legalisere assistanse til å avslutte livet. Noko anna vil vere å legalisere drap, og opne opp for grov utnytting av konseptet – til dømes vil Staten kunne bruke det som argument for å «avlive» dei som Staten sjølv meiner ikkje bør leve. Til dømes dei som ikkje på nokon måte kan gje gyldig samtykke til å få livet avslutta.

Ettersom dette er ein Resett-artikkel, har eg som vanleg lese gjennom det velkjende kommentarfeltet. Her er nokre utdrag:

«Torkjell Knausgaard Jensen» skriv: «Fra ett [sic] rent logisk perspektiv så er det ingen argumenter mot å nekte en person dødshjelp ettersom en tillater abort.»

«Tom Waaler» skriv: «Det er pur ondskap av norske politikere å pine folk som allikevel snart skal dø, helt unødvendig. Selv katter og hunder blir behandlet med mer respekt. Folk som pines på dødsleiet får en svamp med fuktighet i munnen, kun for å holde de i live litt til. Måtte de ansvarlige få oppleve det samme.»

«huhuhuttetu» skriv: «Alle kan ta sitt eget liv. Ser ikke at staten trenger å involveres i dette.»

«Smalfjord» tipsar likegodt om ei sokalla sjølvmordsmaskin ved namn Sarco, funnen opp av dr. Philip Nitschke ved organisasjonen Exit International. Maskina er meint for dei som lid av den frykta tilstanden locked-in syndrome, der dei er heilt lamma og berre kan bevege auga. Maskina har blitt lovleg i Sveits, og tek livet av personen ved hjelp av nitrogen-gass. Prosessen skal visstnok vere rask og smertefri – korleis dei enn har funne ut dét!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s