Tulleutdanningar og tullejobbar

Forleden kom eg over ei gammal utgåve av studentavisa Studvest, Bergens offisielle nyheitsorgan for studentane på universitetet (og i mindre grad høgskulen og NHH, som dei ser på som sine «naturlege fiendar»). Utgåva er frå våren 2005, og kan faktisk lesast her. På den tida var eg sjølv student, ei tid eg hugsar som eit miserabelt tilvære der eg levde frå hand til munn, til tider i djupaste armod. Ute av stand til å finne jobb, måtte eg leve på lån og stipend, og bu i ein kummerleg hybel rett over vegen frå Studentsenteret på ærverdige Nygårdshøyden. Både damer og potensielle arbeidsgjevarar såg ein annan veg.

Akkurat det nummeret av Studvest oppsummerer etter mi meining glimrande det som var «Zeitgeisten» (tidsånda) tilbake i 2005. Eit lesarinnlegg legg ut i indignerte ordelag om ein Studvest-journalist si oppleving på bussen, der nokre medisinstudentar sat og la høglytt ut om kjønnssjukdommar hjå eldre menn og andre særs intime (og tausheitsbelagte!) emne, til dei andre passasjerane sin høglytte avsky. Ein annan artikkel parodierer den ekstreme drikkekulturen i universitetsmiljøet, spesifikt tendensen til å alltid hamne på utestaden Garage og vandre dritings rundt og prate med vilt framande menneske, før ein til slutt endar opp i taxi på veg til eit nachspiel på Os. Eller at ein vaknar opp og finn ein pingvin i dusjkabinettet, og med vage minne om innbrot på Akvariet.

Ein annan epistel legg ut om det som visstnok er eit intenst hat mot studentar: «Petter» skriv «at det er mennesker i denne byen som går på studentjakt om natten, væpnet til tennene med kjettinger og knokejern». Grunnen til dette hatet, skal visstnok vere at studentar i 2005 vart sett på som unyttige for samfunnet (ein utgiftspost), og at Staten brukte mykje pengar på fjas og fanteri: folk tok tulleutdanningar som ikkje på nokon måte var nyttige for samfunnet, og den vanlege borgar måtte betale gjennom skattepengane.

Eg kan ikkje hugse at studentar nokosinne vart banka opp i gatene med kjettingar eller knokejarn. Eg hugsar derimot at fleire hadde sterke meiningar om at det ikkje var alle utdanningar som lønte seg å ta. Spesielt universitetet var kjent – og berykta – for å ikkje førebu studentar på arbeidslivet, og dei som ikkje er førebudd på dei harde realitetane der ute, vil få seg den eine stygge overraskinga etter den andre. Det er vel den tingen som ikkje har endra seg sidan 2005. «Petter» skriv:

«Eldre studenter med erfaring fra arbeidslivet, det virkelige livet, påpeker at studenter flest vet fint lite om hva som venter dem. Og de smiler i det skjulte over våre forsøk på å forklare verden ved hjelp av teorier og tabeller. Det er mulig at vi er overmodige. Det er mulig at vi ikke vet noe som helst. Men det ligger i ungdommens natur å vite alt, uavhengig av reelt kunnskapsnivå. Vi vokser det nok av oss, dessverre.»

Ungdomleg overmot var ikkje unikt for 2005 – ei heller i dag. Det er eit fenomen som har eksistert til alle tider. Det ligg i menneskets natur å ville finne opp hjulet på nytt for kvart generasjonsskifte. Og det er sant at samfunnet ikkje burde betale i dyre dommar for at «folk skal kunne studere ‘IKT som sosial konstruksjon’». Det «Petter» ikkje visste tilbake i 2005, var at antropologen David Graeber vel 13 år seinare, i 2018, ville publisere boka Bullshit Jobs: A Theory, som nettopp handlar om arbeidslivsekvivalenten til ei tulleutdanning: Ein tullejobb! Essensen i Graebers bok er at halvparten av samfunnsarbeidet er meiningslaust, og at arbeidet blir psykologisk destruktivt når ein kombinerer det med ein arbeidsetikk som assosierer arbeid med sjølvverdi (du føler deg nyttig om du har ein nyttig jobb, og omvendt). Tilbake i 2005 var mesteparten av universitetsutdanningane temmeleg meiningslause – iallfall slik eg personleg hugsar det.

Samfunnet taper på at studentar kastar vekk tid og pengar på å ta ei utdanning ingen treng. Men samfunnet taper endå meir på at dei same menneska får seg like samfunns-unyttige jobbar! At desse tullejobbane er langt betre betalte enn ekte jobbar, legg berre meir stein til børa og gjer folk flest forbanna: At nokon skal sitje på eit kontor og prate skit dagen lang medan dei sjølve må jobbe ræva av seg for halvparten av lønna, vil føre til meir og meir mistillit mot Staten – statsfinansierte tulleutdanningar og framtrylla tullejobbar er to soleklare teikn på at det noverande systemet ikkje fungerer. Kva skjedde med tilbod og etterspørsel?

Dei einaste som vinn på denne samfunnsdestruktive ordninga, er dei som høgst sannsynleg står bak den: Den vondsinna eliten som skapte SARS-CoV-2 og no prøver å få den vestlege verda til å kollapse i krig, kaos og ei konstruert energikrise. Lærer ein opp ein heil generasjon til å fylle hjernane sine med masse unyttig tull og fanteri, som dei deretter bruker heile sitt yrkesaktive liv på å spy ut av seg i skamlaus ord-onani rundt om i ymse fancy kontorlandskap, tydar ikkje det på inkompetanse – det ligg ein medviten agenda bak det heile. Som eit konkret døme kan eg nemne WEFs program Young Global Leaders, der fleire og fleire kjende namn dukkar opp. Denne organisasjonen er rekna som eit opprettsanlegg for desse «globale leiarane». Dei har null yrkeserfaring, men dukkar likevel opp i toppleiarstillingar eller politiske verv. Deira mentor Klaus Schwab og hans allierte og gode venn Bill Gates har openlyst snakka om ei «nullstilling» av samfunnet og ein «befolkningsreduksjon». Samfunnskollaps er middelet for å nå målet.

Allereie i 2005 byrja nokon å ane konturane av framtidas dystopiske samfunn av pseudo-kunnskap og pseudo-jobbar. Kimen til tullejobbane vart sådd då universiteta rundt om i verda (deriblant i Noreg) byrja å opprette utdanningar med ein særs tvilsam nytteverdi, gjerne innan politikk og samfunnsvitskap. Allereie i 2002 kunne eg lese om ein student ved Universitetet i Bergen som hadde studert sidan tidleg 1970-tal. Han og nokre få andre tilhøyrde den harde kjernen av folk som aldri greidde å kome seg ut av universitetet og finne seg ekte, samfunnsnyttige jobbar. Dei vart berre verande innanfor dei trygge veggane til akademia. Sjølv tok eg til slutt master i kultur- og samfunnsvitskap, og jobbar i dag som helsefagarbeidar. Mitt noverande yrke kunne ikkje ha vore meir irrelevant i forhold til universitetsutdanninga mi, men eg gjer i det minste nytte for meg i samfunnet.

Enkelte kjem seg aldri ut av rolla som nokon som må forsørgast og passast på av personar som anten er foreldre eller har foreldrerolla. Dei treng formyndarar. Dei kan ikkje stå på eigne bein og treng at nokon er der og held dei i handa medan livet viser sitt stygge ansikt. Staten blir for dei eit naturleg framhald av denne foreldrerolla, og universitetet blir for dei intellektuelt sterke ei «trygg» hamn der dei i det minste får struktur i kvardagen – og ei slags inntekt, i form av den beskjedne pengesummen som eit lån og eit stipend jo utgjer.

Det har danna seg ein stereotyp rundt den fattige (mannlege) studenten. Han er ein outsider som ikkje kan danne seg naturlege relasjonar med dei rundt seg, og er avhengig av foreldra sine for støtte til livets opphald. Arbeidslivet opplever han som skremmande og absurd; han er ikkje ønskt der, og kjensla er gjensidig. Han vel difor å utsetje «vaksenlivet» ved å inngå ein infantiliserande og umyndiggjerande kontrakt med Staten i form av å immatrikulere seg ved universitetet. Når so studiane uunngåeleg går til helvete etter nokre nervesamanbrot, hamnar han i det trygge, klamme grepet til psykiatrien, som køyrer han full i medisinar og lesser på han diagnosar – deretter inngår han den særs audmjukande og barnleggjerande kontrakten som blir kalla trygd. Løpet er køyrt. Han er ein «useless eater» og vil dermed vere blant dei fyrste som må døy når Staten startar sin utryddingsagenda i ei nær framtid.

Det bringer oss til den eigentlege grunnen til at Staten ser ut til å meine at det er heilt greitt at visse personar byrjar på tulleutdanningar som kan eller ikkje kan skaffe dei tullejobbar i framtida. Ved å velje eit slikt livsløp, vil du signalisere til din fiende, Staten, at du ikkje tør eller ikkje vil ta ansvar som eit vakse menneske og skaffe deg ein samfunnsnyttig jobb. Dette er ei naturleg utluking som jo er gjort av «fri» vilje. At du ikkje aner dei framtidige konsekvensane, er irrelevant. Er det rart Staten ikkje stengjer universitet eller avskaffar openbert unyttige studium? Desse er jo kløktige feller og utspekulerte IQ-testar for å eliminere dei som likevel ikkje ville ha vore til nytte i Den nye verdsorden!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s