Resett sitt kommentarfelt hamnar bak betalingsmur

Frå og med natt til fredag 18.mars må ein abonnere på Resett for å kunne kommentere på artiklane. Dette skriv redaktør Helge Lurås fire minutt over midnatt same dato. Han skriv vidare at dette er eit forslag som har kome frå nokon av brukarane:

«De ønsker å få bort såkalte troll og gratispassasjerer slik at dette blir et forum for dedikerte brukere.»

Å abonnere på Resett kostar 99 kroner per månad. Lurås skriv at abonnementsprisen vil vere med på å dekkje modereringskostnadene til det som han skildrar som Noregs mest aktive kommentarfelt. I snitt kjem det inn 2500 kommentarar dagleg frå lesarane, og eigne folk sit og modererer frå sju om morgonen til midnatt. Ifølgje Lurås kostar denne modereringa Resett over éin million kroner i året. Som han skriv vidare:

«Styret i Resett har besluttet at vi må få opp inntjening og kutte i kostnader. Å legge kommentarfeltet bak betalingsmur er et av tiltakene vi nå prøver.»

Han skriv vidare at det å gjere kommentarfeltet eksklusivt for abonnentar, gjer dei mindre sårbare for det han kallar sabotasje. Frå å førehandsmoderere, vil Resett no gå over til å ettermoderere, slik blant anna Facebook gjer.

Lurås ser ut til å spesifikt bekymre seg for «kommentarer som ødelegger for Resetts omdømme», og at betalande abonnentar er for ansvarlege til å gjere dette. Dei vil jo ikkje øydeleggje ryktet til ei avis som dei sjølv abonnerer på.

Moglegheita for å kommentere anonymt via Disqus vil framleis vere der.

Det er med eit visst vemod at eg registrerer at kommentarfeltet ikkje lenger er synleg for ikkje-abonnentar. Dermed vil ein måtte betale 99 kroner for å kunne lese dei mange underhaldande og interessante ytringane i det Lurås kallar «Norges mest levende diskusjonsforum».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s