Denne artikkelen er meir ein kommentar til ein særs viktig artikkel av VOX, publisert i nettavisa UtenFilter 21.mars 2025. Mange som ytrar seg på nettet i dag har valt å vere anonyme, og dei har frå enkelte fått kritikk for dette. Anonyme skribentar blir karakteriserte som feige, som om dei ikkje ønskjer å stå personleg ansvarlege for ytringane sine. Dette er i beste fall ei feiltolking, i verste fall eit personåtak fordi motdebattanten ikkje har eller vil leggje fram saklege motargument. Stråmannsargument, personåtak og andre slike verktøy fører til at ein eigentleg debatt aldri finn stad.
Som den faste lesaren av Saksyndig veit, er redaktøren og alle medarbeidarane i redaksjonen anonyme. Alle har sine særs vektige grunnar, mellom anna den høgst reelle faren for represaliar frå arbeidsgjevarar, omgangskretsen og til og med barnevern, fastlege og PST.
Slik den politiske situasjonen og debattklimaet er i Noreg anno 2025, er det for mitt tilfelle livsfarleg og uansvarleg å skrive under mitt ekte namn. Familie, venner, arbeidsforhold og helse ville alle ha blitt alvorleg skadelidande. Innhaldet i det eg skriv er langt viktigare enn kven eg er som privatperson, og temaa eg tek opp ville ha fått dei aller fleste til å setje kaffien i vrangstrupen om eg hadde snakka om dei i lunsjpausen på jobben. Eg er og blir anonym, noko anna er altfor risikabelt.
VOX skriv innleiingsvis:
«Enkelte mener seg berettiget til kraftig å kritisere debattanter eller motstandere for ikke å stå frem med fullt navn når det skrives på nettet. Til disse er å si at i en normal verden vil dette selvsagt være det beste. Men i en verden der annerledes-tenkende eller politiske utfordrere, av radikale motstandere nærmest blir ansett som rene krigsforbrytere, kan det selvsagt være nødvendig for bidragsyteren å beskytte både familie og barn, venner og seg selv. Både for fysiske overgrep, men også for det urimelige i at man skal miste jobben eller bli fysisk angrepet for å mene noe som i et sunt og normalt samfunn burde ses på som nyttige bidrag til å belyse viktige sider ved samfunnsdebatten.»
Ein vakker junidag i 2021 vart eg på dagen fjerna frå min dåverande arbeidsplass på ein sjukeheim. Prosessen var eit forsøk på avskjed på grunn av «grovt pliktbrot» overfor arbeidsgjevar på grunn av meiningane mine om covid-19 og mRNA-injeksjonane. Saka enda i sluttavtale, eit her hemmeleg vederlag, og i praksis framtidig arbeidsforbod hjå denne store, kommunale arbeidsgjevaren. Dette gjekk eg til dåverande Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito med, og saman med ho skreiv eg ein artikkel som vart publisert i nettmagasinet. Derimot-redaktør Knut Lindtner lånte artikkelen av Hemali, og i det høvet kom det kommentarar frå det som visstnok skal vere tidlegare kollegaer på den arbeidsplassen. Den interesserte lesaren kan sjølv gå til nemnde artikkel og lese i kommentarfeltet. Alt eg vil gjere her, er å kommentere at dei hadde eit vesentleg anna syn på saka enn eg sjølv hadde. Og dei var anonyme.
Sjå òg «Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen», publisert 15.november 2021. Artikkelen vart same dag òg publisert på Derimot.
VOX trekkjer fram eit viktig døme på at anonymitet ikkje har med manglande mot og feigskap å gjere. Fleire motstandsfolk under Andre verdskrig var anonyme, nettopp for å unngå negative konsekvensar. Negative konsekvensar på den tida var ikkje å misse jobben eller å bli utstøytt frå vennekretsen eller familien. Snakka du mot naziregimet i okkuperte Noreg, vart du skoten. Her handla det både om å beskytte sin eigen identitet og sitt eige liv. Om naziregimet fann ut kven dei var, ville dei gå etter både dei og familien.
Viktige grunnar for anonymitet som VOX nemner, er å beskytte kjelder (kjeldevern). Anonymitet er òg akseptert når utsegnene er viktige for samfunnsopplysinga. Hets og mobbing av «spesifikke, sakesløse, identifiserbare enkeltpersoner» er naturlegvis unnteke dette. Saksyndig driv ikkje mobbing av personar med fullt namn som har inga interesse for offentlegheita. Difor er alle personane frå verkelege hendingar i mitt liv anonymiserte. Ingen har eigentleg interesse av å vete kven dei er, og eg ønskjer ikkje å bli politimeldt for «hensynsløs atferd» eller andre juridiske omgrep i Straffelova.
Avslutningsvis kjem VOX med følgjande oppfordring:
«Personlig vil jeg anbefale kritikerne av anonymitet-prinsippet i de vestlige demokratiene å argumentere innholdet i sakene. For derved å bidra til å belyse det som det skrives om. Skribentens identitet og følgelig hans hjemmeadresse og familiære forhold er i den anledning sekundært. Og bidrar kun til å tåkelegge debatten. Men det er kanskje hensikten?»
Doxxing, altso avsløring av private detaljar om nokon som ønskjer å vere anonyme, er diverre eit ofte brukt våpen mot dei som vågar å tale makta imot. Gjerne òg kombinert med anonyme bekymringsmeldingar til arbeidsgjevarar, barnevern og i enkelte tilfelle fastlegen. Er du som fritenkjande skribent viljug til å godta den risikoen, ver so god – skriv under fullt namn. Vi som er litt klokare og meir vørdne, held fram å skrive under pseudonym.
Eg trekkjer til slutt fram nokre utvalde innlegg frå kommentarfeltet:
GP skriv:
«Raddisene og «de gode» brenner vanlige folks biler fordi de er av feil merke og de «tror» derfor at disse har «feil» politisk oppfatning og brenner uskyldige folks biler.
Vi har sett eksempler på at folk som har stått frem mister jobben og blir trakassert.
Hele bydeler har faktisk blitt brent ned av «de gode».
Det at folk må opptre med Nick sier mest om «de gode» som er så ekstreme at de ikke tillater andre meninger enn de de selv har.
Så det å bruke nick på nettet er faktisk ikke bare fornuftig, det er en nødvendighet for å få ut relevant informasjon og samtidig ha et normalt liv.»
HereForAGoodTimeNotALongTime skriv:
«Det er sunn fornuft å være anonym på nett. Det er så mange tullinger på nett, alt fra sjalu damer til sjalu menn, ideologisk overbeviste sprø gærninger som ser seg berettiget til å skade om de finner det nødvendig, til undermennesker som mener de har både plikt og rett til å ringe arbeidsgiveren din for å prøve å få deg sparket.
Livet er bedre uten å måtte forholde seg til alle tullingene, selvfølgelig, får man betalt er det en annen sak, men da er du praktisk talt kjendis og må forholde deg til det.»
Amund Garfors skriv:
«Tusen takk VOX for din meget gode artikkel idag. Det er helt forståelig at du skriver med synonym, og holder ditt navn vekk fra offentligheten. Og der jeg ser at flere og flere som kommenter på UF, Document, Rights, Derimot og andre nettviser, de velger å være anonyme. For vi lever nå i en meget farlig tid der vi patrioter, nasjonlister og fedrelands-elskere og islam-kritikere, blir holdt under oppsikt av PST 24/7,
Og særlig slike som er i jobb, har store lån, familie og barn, de er svært redd for å stå fram med fullt navn, for slikt det kan koste dem både jobben, karrieren, framtida og der hele hans/hennes gode navn og rykte kan ryke. Ja der det vil bli en kosbar affære å stå fram med fullt navn og bilde.
Sjøl ble jeg innkalt på teppet til personalsjefen i et kystrederi jeg jobbet for på 90-tallet, og der fikk jeg klar beskjed om at dersom jeg hadde planer om å bli Overstyrmann på dette skipet jeg jobbet ombord på, så måtte jeg legge av meg «muslimhetsen» som han kalte det for. Ja der jeg stadig var å finne i avisene i Nordland og Troms fylke. Så slik er det blitt i dette syke overvåkningssamfunnet, der ytringsfriheten er faset ut. I hvert fall for enkelte som skriver sannheten, noe jeg alltid har gjort, og med fullt navn! Men som ikke er populært. Og derfor har de lagt lokk på ytringsfriheten. Jfr, visepresident J.D.Vance sin tale til Europs såpekokere og krigshissere…
Og tusen hjertelig takk for alle de gode skriv du har tilført UF med. Og stevn fram på samme kurs som du alltid har holdt!»
