Språkproblem tok livet av to pasientar i Finnmark

Sjå òg «Urovekkjande trend: Det blir stadig fleire utlendingar og stadig færre nordmenn i helse og omsorg», publisert 2.juni 2023.

I byrjinga av juni 2023 skreiv eg ein meiningsartikkel om språkproblem i den norske helsesektoren fordi det jobbar so mange utlendingar med varierande norskkunnskapar der. Eg skreiv at språklege misforståingar i verste fall kunne få dødelege utfall, til dømes om ein utanlandsk pleiar serverte ein bebuar matvarer vedkomande er allergisk mot.

No har mine mistankar blitt bekrefta, og det er verre enn matallergi. Ein lesar har tipsa Saksyndig om ein NRK-artikkel publisert 26.mars 2025 om to dødsfall i Finnmark. Begge dødsfalla blir av NRK knytte til språkproblem.

Bakgrunnen er at ein pasient i januar i år fraus i hel utanfor omsorgsbustaden sin i iskalde Karasjok. I rapporten etter dødsfallet blir det trekt fram at nattevakta ikkje skjønte kva kveldsvakta sa. Om det andre dødsfallet skriv NRK følgjande:

«Helsesektoren i Finnmark har tidligere hatt et dødsfall hvor grunnen var manglende språkforståelse.

Sommeren 2022 ble en pasient med alvorlige pusteproblemer i Kirkenes fratatt oksygen og døde.

Språkbarriere mellom de ansatte i helsevesenet var en av faktorene til den uforsvarlige helsehjelpen.»

Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk forening for allmennmedisin (NFA), meiner at det bør stillast strengare krav til norskkunnskapane i helsevesenet. «Når man har norsk autorisasjon, må man kunne forstå pasienten og motsatt», er hennar meining. Ho får støtte av fylkeslegen i Finnmark, Anne Grethe Olsen, som seier at språk er ei utfordring i helsesektoren. Med hennar eigne ord:

«Vi antar at det er en del vikarer både i kommunehelsetjenesten og spesialisthelsetjenesten, som har mangler i sine norskkunnskaper.»

Underforstått: mange vikarar har dårlege norskkunnskapar og burde kanskje ikkje jobbe i helsesektoren. Ikkje om nemnde dårlege norskkunnskapar bokstavleg tala tek livet av pasientane. Dei to dødsfalla grensar etter mitt syn over i aktlaust drap.

Når det gjeld tiltak for å få vekk slike «uønskede hendelser» (litt av ei formulering å bruke om tragiske dødsfall som lett kunne ha vore unngått!), meiner fylkeslegen at arbeidsgjevar må gjere «trygge ansettelser»:

«Det kan gjøres ved å sjekke hvordan hvert enkelt helsepersonell har fungert i tidligere jobber.»

Det som i jobbsøkjar-samanheng blir kalla referansar. Personleg erfaring seier meg at slikt ikkje er so nøye når det er utlendingar det er snakk om – då blir dei i ekstreme tilfelle henta inn frå gata og gjeven ei uniform.

Olsen nemner derimot ingenting om norskundervisning, som kanskje er rette staden å byrje. Sylvi Listhaug føreslo i 2021 i Stortinget å innføre nasjonale krav til norskkunnskapar i helsevesenet. I ein artikkel publisert i NRK 21.juli 2023 sa ho at ho ville ha slutt på helsepersonell som ikkje kan norsk. Ho viste til dødsfallet i Kirkenes i Finnmark som fann stad sommaren 2022, der ein pasient fekk akutt lungesviktsyndrom på ein sjukeheim, og der ein sjukepleiar på grunn av manglande språk- og fagkompetanse fjerna oksygentilførselen.

Sitat frå nemnde NRK-artikkel:

«Frp-politikeren påpeker at det er språkkrav i barnehagen, men ikke for helsepersonell. Hun mener kravet særlig burde stilles overfor personell som tar seg av eldre.

‘Hvorfor i all verden skal vi ikke stille språkkrav også i helsevesenet? Jeg synes ikke vi skal ansette folk som ikke kan språket godt nok til å hjelpe syke og pleietrengende. Det må stilles krav til at helsepersonell kan norsk.’

[NRK spør] ‘Vi vet det er rekrutteringsutfordringer i helsevesenet. Er det ikke bedre å få inn fagfolk som kan bidra?’

‘Det er også bemanningsutfordringer i barnehagene. Vi kan ikke kaste inn hvem som helst som ikke kan språket i helsevesenet. Da må kommunene sette i gang norskkurs for de som trenger det, før de kan settes inn i helsevesenet og eldreomsorgen. Det fortjener de eldre,’ sier Listhaug.»

2.nestleiar Kai Øyvind Brenden i Norsk sykepleierforbund sa i 2023-artikkelen at det er opp til arbeidsgjevar å vurdere om «språkkompetansen er tilstrekkelig». Derimot sa han òg at det ligg problemstillingar knytt til EU-direktiv som gjer det vanskeleg for Noreg å setje språkkrav til utanlandsk helsepersonell. Med andre ord står og fell alt på arbeidsgjevar, og i sin desperasjon etter arbeidskraft (og kjekke, servile utlendingar) har dei ein tendens til å velje etter andre kriterium enn norskkunnskapar. Iallfall om leiaren er ei kvinne som lengtar etter romantikk og spenning i jobbkvardagen.

Når ein spoler fram til januar 2025 og personen som fraus i hel i Karasjok, so ser det ut som lite har blitt sett i gang av norskopplæring og/eller språkleg kvalitetssikring av utlendingar. Framleis er mangelfulle norskkunnskapar ein av dei største trugslane i sektoren, og akkurat som i juni 2023 blir den norske helsesektoren mindre norsk for kvart år som går. Det blir diverre ikkje pasientane.

One comment

  1. Lurer mest på korleis det går med Susanne på asylmottaket? Skulle tro hun har det greit, det er vel som på hotell tar jeg ikke mye feil….

    Likt av 1 person

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar