Etter oppdaginga av det som skal vere ein underjordisk by under Giza-pyramidane, meiner enkelte at historia bør skrivast om. Fortida er ikkje det vi har blitt fortalt i lærebøkene, kan det verke som. Det kan no sjå ut til at den nylege historia til vårt eige solsystem òg må skrivast om. Vi er ikkje åleine, og det finst andre intelligente artar i universet – og som folkeslag og nasjonar på Jorda er dei òg i jamleg krig med kvarandre.
Joseph Farrell har skrive ei bok ved namn The Cosmic War, der han kjem med sin hypotese om ein interplanetarisk konflikt som kan ha ført til at ein heil planet vart sprengt i småbitar. Restane av planeten skal vere asteroide-beltet mellom Mars og Jupiter.
Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Kan mytane om eldgamle gudar so krigar i himmelen vere meir enn berre historier? Kva om dei var ekko av ein ekte, kataklysmisk krig kjempa med teknologi ein ikkje kan førestille seg – ein slik som knuste planetar og endra solsystemet for alltid? Dette er den provokative teorien som er utforska i Joseph Farrel si bok The Cosmic War: Interplanetary Warfare, Modern Physics and Ancient Texts [«Den kosmiske krigen: Interplanetarisk krigføring, moderne fysikk og eldgamle tekstar»], som vev saman eldgamle legender, planetariske avvik og banebrytande fysikk for å fremje ein oppsiktsvekkjande hypotese: Jorda og hennar naboverder kan ein gong ha vore slagmarka til den øydeleggjande konflikten til ein avansert sivilisasjon.
Teorien til Farrell baserer seg på ideen om at solsystemet ein gong var langt meir ustabilt, der planetar hadde annleis posisjonar og vart råka av kraftige elektriske utladingar. Sentralt til argumentet hans er asteroide-beltet mellom Mars og Jupiter – som astronomar lenge har teoretisert er restane av ein øydelagt planet. Men Farrell går endå lengre, og antydar at denne øydelegginga ikkje var eit uhell. Farrell, som viser til arbeidet til den avlidne astrofysikaren dr. Tom Van Flandern, som føreslo Hypotesen om den eksploderte planeten, legg Farrell fram at ein massiv planet – kanskje so stor som Saturn – vart tilinkjegjort i ei tilsikta krigshandling for rundt 3,2 millionar år sidan. Etterspelet, argumenterer han, etterlét arr over heile solsystemet, frå dei kollosale Valles Marineris på Mars til dei underlege, kunstig utsjåande trekka til Saturn-månen Iapetus.
Dersom slik ein krig fann stad, kva slags teknologi kan ha forårsaka slik ei øydelegging? Farrell peiker på spekulativ fysikk, inkludert arbeidet til forskarar slik som oberstløytnant Tom Bearden og Paul LaViolette, som teoretiserer om skalar-bølgjer og pulsar-baserte kommunikasjonsnettverk. Desse konsepta, som riktig nok er kontroversielle, antydar moglegheita for våpen som er i stand til å manipulere tyngdekraft, vêr eller til og med stjerneenergi – teknologiar som kan forklare dei apokalyptiske slaga som er skildra i eldgamle sumeriske, babylonske og vediske tekstar.
Den store pyramiden i Giza, spekulerer Farrell, kan ha vore meir enn berre ei grav – den kan ha vore eit skalar-bølgje-våpen, eit apparat laga for å hente og målrette energi over enorme avstandar. I mellomtida antydar avvik slik som «Ansiktet på Mars» og den unaturlege geometrien til Iapetus, som forskarar som Richard C. Hoagland har retta fokus på, kunstige strukturar bygt av ein tapt sivilisasjon.
Eldgamle mytar skildrar ofte konfliktar mellom gudar om mektige artefaktar, slik som Dei sumeriske lagnadstavlene, som skal seiast å gje ein kontroll over kosmiske krefter. Farrell antydar at desse historiene kan vere forvrengde forteljingar om ein ekte kamp om avansert teknologi, kanskje til og med ein borgarkrig innåt i ein interplanetarisk sivilisasjon. Månen sjølv, med sine seismiske reaksjonar som antydar eit holt indre, og sin særskilde bane, kan vere ein annan etterleivning – ein kunstig konstruksjon eller kampstasjon som fekk nytt føremål etter konflikten.»
Som venta er hovudstraumsvitskapen djupt skeptisk til Farrell sine påstandar, og avviser dei nærast blankt. Bevisa som er å finne overalt i dagens solsystem krev – ifølgje Farrell – ein nærare titt. Akkurat som den underjordiske byen under Giza-pyramidane, utfordrar den konvensjonelle narrativ om fortida vår.
Ein video om Farrell si bok kan sjåast her.
Sjå òg «Historia til Jorda», publisert 26.november 2022.
