Historia til Jorda

Henta frå The Greater Picture. Omsett av saksyndig.

Universet vårt er nesten 50 billionar år gammalt og byrja å eksistere som ein idé frå Skaparen. Jorda er meir enn 600 milliardar år gammal. Mesteparten av den tida eksisterte ho i ein gassfase som tok slutt for rundt 70 milliardar år sidan. På den tida fekk Jorda sakte, men sikkert forma si. Vi sjølve kallar planeten vår «Jorda», men i universet er ho betre kjent under namna «Terra» eller «Gaia». For særs lenge sidan var namnet «Shan» vanlegare. Dei fyrste utanomjordiske besøkande landa på planeten vår for meir enn éin milliard år sidan; det var ei gruppe reptil. Sidan då har mange kome og gått.

Den noverande verdssivilisasjonen er den tredje som har eksistert. Den fyrste vart kalla Hyperborea eller Hybornea. Ein veit ikkje mykje om dei, men om vi skal tru kanaliseraren og kontaktpersonen Sheldan Nidle i boka si Your First Contact, var dette eit samfunn av intelligente grupper av reptil-liknande skapningar, dinosaur- og kval-liknande vesen. Sistnemnde såg vesentleg annleis enn dei gjer i dag, fordi dei levde på land og «var fullstendig dekte av hår, hadde lange snutar og øyre og var rundt 150 til 165 centimeter høge». Desse tre gruppene levde fredeleg saman i fleire millionar år, fram til dette vart forstyrra av vondsinna besøkande frå Orion-konstellasjonen. Dette enda i ein atomkrig for åtte millionar år sidan.

Vi veit mykje meir om den andre sivilisasjonen, som bestod av Atlantis og Lemuria (eller Mu). Talrike bøker har blitt skrivne om dei og mange kan hugse mykje frå denne perioden gjennom minne frå tidlegare liv. Desse var teknologisk og spirituelt avanserte sivilisasjonar, mykje høgareståande enn vår eigen. Lemuria vart etablert av utanomjordiske vesen på ei gruppe øyar i Stillehavet. Atlantis, i Atlanterhavet, oppstod seinare. Begge sivilisasjonane var i kontakt med utanomjordiske nasjonar og levde i fleire hundre tusen år i fredeleg sameksistens.

På slutten av den siste 26 000-årssyklusen kom Atlantis og Lemuria i konflikt merd kvarandre og Lemuria vart øydelagt av Atlantis. Atlantis sjølv gjekk under på slutten av den siste 11 500-årssyklusen fordi dei var for uforsiktige med teknologiske eksperiment slik som laser. I ein periode av då usette naturkatastrofar, ei oppriving av jordskorpa og ei tipping av aksen til Jorda, vart dette verdsimperiet slukt av havet. Mange lemurarar og atlantidar rømde under jorda i desse turbulente periodane, og etterkomarane deira lever der den dag i dag.

Den veksande Jorda

Akkurat som dei fleste andre planetar og månar, er Jorda hòl inni. Jordskorpa er rundt 1100 kilometer tjukk og tyngdekrafta ligg i den skorpa. Der er fleire korridorar som fører frå utsida til innsida. Ved begge polane er der òg digre hòl i skorpa. Skorpa er nett som ein sveitsarost. På dei fleste stader, men ikkje overalt, vil du finne magma. Der finst grotter og avgrunnar som er fleire hundre meter lange. På innsida av kloden og i rundt 120 underjordiske byar finst der ein sivilisasjon ved namn Agartha, som er mykje høgareståande enn vår eigen. Områda utan magma blir brukte for å knyte satellittbyane saman med «det indre». Dei fleste byane har fullstendig uavhengig fungerande økosystem.

Då Jorda nettopp hadde teke hennar faste form, var ho mykje mindre enn ho er no. Under påverknad av sentrifugalkrafta – ekvatoren vår går rundt i ein fart av meir enn 16 000 km/t – har planeten vakse betydeleg gjennom åra. Ho veks framleis nokre centimeter i året. For 200 millionar år sidan var ho berre ein fjerdedel av sin noverande omkrins, og tyngekrafta var mykje svakare. Det er grunnen til at dinosaurar kunne utvikle seg til enorme monster som kunne vege so mykje som 80 tonn. Med den noverande tyngekrafta ville dei utan tvil ha lidd av fysiske plagar, slik som beinbrot, hjartesvikt, osb.

På den tida hang alle kontinenta saman og dekte heile Jorda. Store område på Jorda som no er land, var då dekt av grunne hav. Dette er grunnen til at fossila til havdyr har blitt funne på dei mest underlege stader, slik som langt inne på det amerikanske kontinentet.

Fordi Jorda voks, vart kontinenta rivne frå kvarandre og store område tørka ut. Skiljinga av kontinenta vart ikkje sett i verk av mystiske krefter som flytta tilfeldig rundt på dei tektoniske platene, slik som følgjarar av «Pangea»-modellen hevdar. Desse vitskapsfolka blir framleis forbløffa over det faktum at havbotnen berre er nokre titals millionar år gammal på somme stader, medan platene til den solide landjorda er fleire milliardar år gamle. Forklaringa på dette er at veksten til Jorda finn stad blant forkastningslinjene på havbotnen, som går vertikalt over planeten.

Istider

Ei anna feiloppfatning som framleis lever i dagens vitskap, er eksistensen av istider. Periodar på tusenvis av år der Jorda visstnok kjølna. Den gjevne forklaringa er at «Jorda si bane mellombels flytta seg lenger vekk frå sola.» Dette viser derimot at ein ikkje skjøner banda til tyngdekrafta. Strålinga frå sola har ein tiltrekkjande, so vel som fråstøytande effekt for å halde Jorda trygt på plass. I tillegg har ein aldri funne noko bevis for denne effekten.

Openbert har der vore større temperaturendringar i fortida. Men bortsett frå katastrofar, slik som vulkanutbrot og meteorittnedslag, som mellombels leia sollys vekk frå Jorda og fekk ho til å kjøle seg ned, gjekk temperaturane aldri ned nokon stad. Somme område ville ha vore kaldare, andre ville ha vore varmare enn i dag.

Niburu

Forklaringa for dette ligg i hellinga av aksen til Jorda, som forårsakar polforskyvingar. Sjølv om jordaksen verkar rimeleg stabil (bortsett frå presesjon – eller «vingling»), var posisjonen til den annleis i fortida.

Grunnen til dette var passeringa av planeten Nibiru/Planet X. Denne planeten er bustad for Anunnaki: halvt menneskelege, halvt reptilske utanomjordiske som har hatt ein enorm påverknadskraft på historia til menneskeheita. Niburu har ei omløpsbane på meir enn 3600 år. Denne bana fører rundt sola vår og den brune dvergen. Saman dannar dei eit binært system. Den brune dvergen si tyngdekraft er òg ansvarleg for dei merkelege omløpsbanene til dei ytre planetane i solsystemet vårt. Niburu har ein særs tett atmosfære og produserer varme, so liv er mogleg sjølv langt vekke frå sola.

Når Niburu passerer sola vår, påverkar den dei elektromagnetiske felta til dei andre planetane på ein slik måte at aksane deira ofte endrar posisjon. Dette skjer ikkje kvar gong, det heile er avhengig av posisjonen deira mot sola vår. Når du ser på alle planetane sine aksar ser det ut som eit rot som ikkje har nokon logikk i det heile. Til dømes er Merkur sin akse nesten vertikal, medan den til Uranus nesten er horisontal.

Den siste forskyvinga

Sist gong Jorda vår sin akse gjekk gjennom ei betydeleg endring, var ikkje dette forårsaka av Niburu, derimot, men av dødelege fysiske eksperiment gjort av leiarane frå Atlantis. Denne katastrofen fekk Nordpolen til å flytte seg frå Nord-Skandinavia til Aust-Sibir. Det er grunnen til at Europa, som framtil då for det meste var dekt av is, plutseleg fekk temperert klima og ismassen smelta.

Farten dette skjedde i kom som ei total overrasking på livet i Nord-Asia og Nord-Amerika. Temperaturane fall radikalt, mammutar fraus til is der dei gjekk og stod. Vi kan framleis finne ei «dødssone» der tusenvis av mammutar, pelskledde nashorn og andre dyr ligg djupfrosne. Forskarar kunne ikkje forklare dei ufordøyde planterestane i magane på dei. Desse plantene voks normalt berre i område med temperert klima.

Flaumar

Rørsla av vassmassar på grunn av helling av aksen gjev ei heilt ny meining til ordet «tsunami». Hav vart flytta på og kasta inn på land. Det er grunnen til at vi finn restar av sjøliv, skjel og kvalbein, over heile Amerika. Stundom til og med i fjella.

Ismassen på den gamle Sørpolen vart boren av garde og delvis sleppt ned på det antarktiske kontinentet. Dette landområdet brukte å liggje omtrent der Australia ligg no, so det hadde eit mykje varmane klima. Den plutselege invasjonen av is sletta fullstendig ut den eksisterande sivilisasjonen. Gamle kart, slik som Piri Reis-kartet, viser den antarktiske kystlinja slik den brukte å vere, før isen kom.

Denne hendinga forklarer skilnaden i alder mellom isen på dei ulike sidene av Sørpolen. Forsking har vist at isen på austsida av Antarktis er fleire millionar år gammal, medan den på vestsida, inkludert den antarktiske halvøya, er berre rundt 11 500 år. Dette er fordi denne vestlege sida berre byrja å fryse til etter at den hadde gått inn i issona gjennom hellinga av jordaksen.

Dette fekk ein diger påverknad på havnivåa i verda. Medan Sørpolen bokstavleg tala hadde landa, fraus mindre sjøvatn til. Mykje av den gamle polisen byrja å smelte. Auken i havnivå tvinga menneske som levde ved sjøen å flytte vekk. Over heile verda, frå India til Egypt, finn vi leivningar av blomstrande sivilisasjonar fleire meter under kystlinja. Nordsjøen, som fram til då for det meste hadde vore tørt land, vart fylt opp òg.

Etter denne store forskyvinga av jordaksen for rundt 11 500 år sidan, fann det stad nokre mindre forskyvingar på grunn av Niburu, men aldri igjen so dramatisk. Nordpolen enda opp med å vere meir ein sjø enn under den siste «istida», difor fraus meir vatn til. Men sidan temperaturane på Sørpolen er fleire titals Celsius-grader lågare enn på Nordpolen, vart ikkje endringar i begge ismassane jamna ut. Havnivåa heldt seg høge over heile verda.

Månen

Vår Måne er kunstig og hòl, og har ein metallkonstruksjon på innsida. Der finst ruinar og pyramidar på den, og mange underjordiske basar. Desse ligg i hovudsak på den mørke sida av månen. For lenge sida hadde Jorda to naturlege månar. Éin vart øydelagt under åtaket av Atlantis på Lemuria. Utanomjordiske erstatta den andre månen med vår noverande måne, som brukte å vere i eit anna solsystem.

Som eit fin detalj vart månen, som er 400 gonger mindre enn sola, plassert i ein avstand frå Jorda som er 400 gonger mindre enn avstanden til sola. På denne måten ser begge to himmellekamane like store ut for oss, og frå tid til anna kan vi nyte noko so vakkert som ei solformørking med ein korona.

Trua om at månen går rundt Jorda og Jorda går rundt sola er ikkje heilt riktig, fordi sola ikkje er stasjonær. Den reiser i høg fart gjennom rommet, og vi reiser med den. Altso går planetane og månane i ei sylinderforma rørsle gjennom rommet.

Månen er ei fargerik verd og har ein lett atmosfære. Der finst vatn og is. Gras og andre småplanter, slik som ein type potet, veks der. Foto frå månen som blir publisert av NASA, blir konsekvent tukla med for å fjerne alle spor av fargar eller liv. Og dermed held folket fram med å tru at månen er ei støvete, livlaus verd.

I tillegg var den amerikanske månelandinga i 1969 omgjeven av feilinformasjon. Sjølv om landinga faktisk fann stad, kom dei fleste bileta frå eit studio i Hollywood, etter ordre frå president Nixon. Under den ekte månelandinga var der faktisk so mange UFO-ar som kom for å ta ein titt, at det ville ha vore umogleg å vise desse bileta til allmennheita. Dette førde til frustrasjon frå astronautane si side, som svor å halde dette hemmeleg då dei vende heimatt, og vart haldne vekke frå offentlegheita so mykje som mogleg. I 1994 sa Neil Armstrong, då han ein sjeldan gong stod fram offentleg, til ein ny generasjon astronautar: «Der finst fabelaktige, uoppdaga idear, gjennombrot som er tilgjengelege for dei som kan fjerne eit av dei beskyttande laga til sanninga.»

Guds framsyningskabinett

Jorda vår er ein av dei vakraste planetane som finst. I universet blir ho stundom kalla «Guds framsyningskabinett». Variasjonen av landskap og livsformer som vi har her, er ukjent nokon annan stad i universet. Der finst ein bråte planetar med fjell, hav, ørkenar eller junglar, men ikkje mange som har alle desse. Det er grunnen til at planeten vår historisk sett har vore involvert i mange galaktiske krigar, og vart sett på som eit trofé.

Det opne slaget, med romskip av lys og mørke som jaga kvarandre høgt oppe på himmelen som ei scene frå Star Wars, var lenge sidan. No rådar galaktisk fred, sjølv om denne aldri har blitt offisielt signert. Begge leirar var rett og slett utslitne av dei millionar av år med konstant krig, som kosta tallause liv og som aldri produserte ein tydeleg vinnar.

Den noverande befolkninga

Den noverande sivilisasjonen er eit unikt tilfelle i universet, fordi i Fiskanes alder var planeten vår tenkt å vere ein planet ser sjeler kunne oppleve fenomenet «dualitet» (godt og vondt i eitt samfunn). Det oppmuntrar til den spirituelle veksten til sjela. For å skape den maksimale kjensla av separasjon frå kvarandre og resten av universet, vart Jorda sett i karantene. Dette tyda at medlemmene av Den galaktiske føderasjonen ikkje fekk lov til å ha nokon kontakt med oss, og kan berre overvake oss på avstand.

Fordi negative utanomjordiske rasar ofte bryt Universelle lover, besøkte dei Jorda, med alle konsekvensane dette førde med seg. Men dette passar faktisk temmeleg godt inn i dualitetsscenarioet, og difor såg Den galaktiske føderasjonen mellom fingrane med det. Berre dersom dei negative rasane truga med å forstyrre livsbalansen på Jorda for mykje, til dømes om dei hadde planar om å utrydde menneskeheita i stor skala ved hjelp av virus eller atomkrig, ville inngrep finne stad. Det vart heller ikkje tolerert dersom deira menneskelege brikker ønskte å reise utanfor solsystemet vårt.

Befolkninga som utvikla seg under desse isolerte omstenda, blir sett på med ei blanding av forbløffing og forvirring av sivilisasjonane som observerer oss. På éi side verkar vi å vere kjærlege og i stand til å skape vakre ting, som alle former for artistar og kunstnarar har vist. På den andre sida er vi til tider ekstremt vondskapsfulle og uforsiktige, sjølv mot vår eigen art og den planeten som er heimen vår.

Vi er den einaste sivilisasjonen der det eksisterer noko slikt som pengar og har fått so mykje makt, der vitskapen ikkje tek Gud og utanomjordisk liv på alvor, og der fri energi framleis ikkje har fått gjennomslag i sivilsamfunnet. Sistnemnde er faktisk ikkje vår feil, fordi mange oppfinnarar som ønskte å introdusere revolusjonære idear til gode for menneskeheita, vart stilna av Illuminati. Ta til dømes Nikola Tesla, som på byrjinga av det 20.hundreåret utvikla fleire perfekt fungerande nullpunktenergi-apparat, men som vart stoppa.

Jorda vart til og med kjent som «fengselsplaneten» der sjeler frå heile universet kom for å løyse sin negative karma (eller ikkje, fordi dei lykkast ikkje alltid med det). Dette er situasjonen fram til denne syklusen er fullført, og det er no nesten tilfelle.

Den levande Jorda

Det folk flest ikkje innser, spesielt i Vesten, er at sjølve Jorda er eit levande vesen. Eit høgt utvikla vesen som veit nøyaktig kva som skjer på, i og rundt seg. Ifølgje Matthew Ward, ånda til ein omkomen gut som kommuniserer med mora si frå himmelen, har sjela til Gaia alltid vore i den femte dimensjonen. Men negativiteten her på Jorda førde til at kroppen hennar enda opp i den tredje dimensjonen i løpet av denne syklusen. Dette vil òg ta slutt snart, fordi med Oppstigninga vil kroppen og sjela til Moder Jord bli gjenforeint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s