Henta frå The Greater Picture. Omsett av saksyndig.
Den galaktiske føderasjonen, òg kalla Galactic Federation of Light, Konføderasjonen (av planetar), Interstellar Alliance, Sfærevesen-alliansen eller Galactic Federation of Worlds, er eit samarbeid av romfarande sivilisasjonar i galaksen vår, Mjølkevegen (òg kjent som Vinterbrauta). Føderasjonen består av fleire hundre tusen medlemmer og vart grunnlagt for fleire millionar år sidan, etter ein serie med krigar i stjernebiletet Lyra. Øydelegginga som fann stad tilbake på den tida førde til at dei overlevande deretter prøvde å løyse galaktiske konfliktar på ein fredeleg måte. Kvar bebudde galakse i universet vårt har ein føderasjon, men vår er blant dei eldste.
Den galaktiske føderasjonen har ein enorm flåte av romskip til disposisjon som går inn og meklar eller, om det trengst, grip inn kor enn ein konflikt er i ferd med å bryte ut. Dei interdimensjonale teknologiformene som dei kan bruke er på eit sopass høgt nivå at vi knapt nok kan førestille oss dei. Dei kontrollerer energi nesten perfekt, slik at det å dematerialisere seg, bli usynlege eller det å skape små kuler av energi som kan bli sendt ut med eit oppdrag (til dømes å skape kornsirklar) ikkje er noko problem i det heile.
Skipa deira er ofte skapte av levande materiale. Somme er på storleik med planetar og er fullstendig sjølvforsynte med skogar, åkrar og elvar. Føderasjonen sin flåte består av skip frå deltakarnasjonane og fleire enkelt-opererande flåtar. Somme av desse flåtane er leia av kommandørar som har blitt nokso kjende på Jorda og som stundom blir kanalisert, slik som Ashtar og Hatonn. Desse kanaliseringane byrja for rundt 50 år sidan, og i det siste har fleire og fleire sjølverklærte medium påstått å gjere dette, men mesteparten av dei ser ikkje ut til å vere so veldig reine.
Den galaktiske føderasjonen er kontrollert av eit digert råd, som består av mindre råd, som i seg sjølve består av endå mindre råd, der kvar av dei har representasjon frå alle dei separate medlemmene. På denne måten blir denne enorme organisasjonen mogleg å styre. Hierarkiet mellom medlemmer blir vanlegvis avgjort av deira spirituelle utvikling. Dei høgast utvikla medlemmene er vakre lysskapningar som formidlar Guds vilje.
For tida er ein betydeleg del av Den galaktiske føderasjonen stasjonert rundt Jorda for å hjelpe til med å styre den turbulente avslutninga på dualitetssyklusen vår til ein lykkeleg ende. Sjølv om heile universet vårt stig opp, er Jorda si oppstigning ei annleis historie. Dei fleire millionane skip som for tida svevar rundt Jorda er grovt rekna delt inn i tre lag, der det ytste laget inneheld dei største skipa. Dette er ikkje ei statisk eining, men opplever stadig ankomst og avreise frå alle typar skip som bruker hyperrommet og stjerneportar som sola for å reise til heimplanetane sine eller andre stader i universet.
Sidan befolkninga på Jorda er menneske, speler den menneskelege sivilisasjonen innåt i Den galaktiske føderasjonen er viktig rolle i å hjelpe til med oppstigningsprosessen vår. I denne gruppa finn vi til dømes skapningar frå Pleiadane og Sirius. Rundt 40% av Den galaktiske føderasjonen er menneske, medan resten består av andre artar og lysskapningar. Mange av dei deler eit genetisk band med oss, men er høgare utvikla enn vi er.
Dei har besøkt planeten vår i fleire millionar år og etterlate mange suvenirar slik som bygningar [t.d. pyramidar; oms.an.] og kunstobjekt [t.d. krystallskallar], sjølv om mange av dei har blitt laga av negative utanomjordiske gjester som ikkje er del av Den galaktiske føderasjonen. Dette bandet med utanomjordiske blir skjult so mykje som mogleg av hovudstraumsvitskapen, som er under kontrollen til Illuminati.
For å lyde den universelle Lova om å ikkje gripe inn so mykje som mogleg, har kontakt med jordbuarar blitt halde på eit minimum av Den galaktiske føderasjonen fram til no. Folk som dei tek kontakt med jamleg, slik som Billy Meier i Sveits, Carlos Diaz i Mexico, og Howard Menger i USA, har ofte eit genetisk band til ein viss galaktisk sivilisasjon. Dei lever eit liv her på Jorda på vegner av dei, slik at erfaringane deira kan bli delte seinare. Sidan dette vanlegvis skjer i ein høgare dimensjon, kan dei andre bokstavleg tala ta del i energien til ei viss oppleving og gjenoppleve den.
Berre unntaksvis dannar det seg vennskap mellom vennlegsinna romvesen og jordbuarar når dette ikkje var planlagt på førehand. Generelt held dei seg i bakgrunnen so mykje som mogleg. Derimot er dei garanti for at oppstigningsprosessen går etter planen, og at handlingane til Illuminati, som gjer alt i si makt for å forstyrre denne prosessen, ikkje er for effektive. Dei held oksygennivået i lufta vår på adekvat nivå, hindrar atomåtak og krigar, reinsar opp radioaktivt nedfall, eliminerer (kjemisk) forureining, chemtrails og sjukdommar og minimerer effekten av naturkatastrofar, menneskeskapte eller ikkje, osb.
So fort regjeringsoverhovuda rundt om på Jorda, der mesteparten av dei veit om eksistensen til utanomjordiske, utviser gjennomsiktigheit, vil dette endre seg. Ifølgje kanaliseringane som er måten medlemmer av Den galaktiske føderasjonen har kommunisert med oss fram til no, vil dei vise seg sjølv offentleg meir, og den overlegne teknologien deira vil bli delvis tilgjengeleg for oss.
«Under normale omstende unngår vi direkte kontakt, sidan det er essensielt å late sivilisasjonar under utvikling finne sin eigen veg til forståing og erfaring av eige val. Det ville ha vore temmeleg uriktig dersom vi, ut av eit ønske om å hjelpe dykk, endra evolusjonsretninga, og det er grunnen til at vi ofte forklarer til dykk at vi kan ikkje bli sett gripe inn. Det er noko anna når Skaparverkets herrar gjev oss autorisasjon til å gjere det, sidan det er dei som planlegg syklusane dykkar.» – SaLuSa, kanalisert av Mike Quinsey, 22.desember 2010.
Kven er The Greater Picture? (Utdrag frå nettsida deira, omsett av saksyndig):
«Vi er ei internasjonal gruppe av forskarar som ikkje lèt dogme eller profesjonell deformasjon stoppe oss. Vi har ikkje eit namn og vårt einaste verktøy er sunn fornuft. Vi kjem frå alle slags bakgrunnar (frå legar til lærarar og frå omsetjarar til kunstmålarar), og med det felles utgangspunktet at vi er nysgjerrige og har opne sinn. […] Vi utførde ein årelang studie av dei nemnde kjeldene [på nettsida; oms.an.]. Akkurat som mange andre som fann ut at ein helst bør slå av TV-en og seie opp abonnementet på avisa dersom de verkeleg ønskjer å lære noko, kom vi til den konklusjonen at biletet som blir måla av media, er fullstendig feil. Sanninga om verda vår og alt rundt den, viser seg å danne eitt stort puslespel der bitane passar saman perfekt. Der finst rett og slett ingen spørsmål som ‘ingen veit svaret på’. Det klargjorde puslespelet er det som vi prøver å presentere på denne nettsida. […] Vi er overtyda om at ein dag vil vakre historiebøker bli skrivne, der alle fakta vil vere 100% korrekte. Dersom du vil, kan du sjå på denne nettsida som ei fyrsteutgåve av desse.»