Sjå òg «Leiaren som forsvann – var det karma? », publisert 17.april 2023.
Like etter at eg i byrjinga av 2024 fekk meg jobb etter å ha gått arbeidsledig i lengre tid, dukka det opp nye opplysningar om den berykta kommunale sjukeheimen eg jobba på i fire år. Lesaren kjenner godt til den historia, som involverte «Christine», ein psykisk ustabil leiar, hennar pinleg lojale barndomsvenninne og underordna «Karla», det opportunistiske og systemtru verneombodet «Synnøve», og ikkje minst den vondsinna einingsleiaren som brukte Byrådsavdelinga som våpen for å få meg fjerna frå den kommunale helsesektoren i 2021. Dette er kanskje ikkje noko å stadig rippe opp i, men opplysningane i denne artikkelen avsluttar lagnaden til Christine. Ho har fått det ho fortente, og det har kanskje visse andre òg.
Sist vi høyrde gjete om sjukeheimen var i artikkelen «Jungeltelegrafen melder: Bebuarane på kommunal sjukeheim får berre éi bleie per vakt og blir nekta iskrem fordi det er ‘tomme kaloriar’», publisert 30.september 2023. Eg gjekk ofte tur i ein skog i nærleiken av sjukeheimen, og der møtte eg av og til ein tidlegare kollega som budde i området, og som ofte gjekk tur der med hunden sin. Ho fortalde at einingsleiaren hadde innført ei totalitær linje på arbeidsplassen, noko som gjekk utover både dei tilsette og bebuarane. Dei tilsette fekk ikkje lov å bestille mat til seg sjølve i helgane fordi bebuarane kunne bli «misunnelege», og bebuarane vart nekta iskrem og fekk berre éi bleie og éin vaskeklut per vakt. Det skal her skytast inn at reinhaldsleiaren hadde blitt nekta å ta ekstravakter i pleia på avdelinga ho hadde jobba på i over ti år, og slutta i reinhaldsstillinga si i protest. Dermed måtte sjukeheimen leige inn reinhaldsarbeidarar frå eit vikarbyrå, noko som var dyrare enn om dei hadde behalde reinhaldsleiaren og late ho få ekstravakter i pleia.
Christine høyrde eg sist gjete om frå ein annan kollega i artikkelen «Leiaren som forsvann – var det karma?», publisert 17.april 2023. For å ta ei rask oppsummering av det profesjonelle forholdet til ho og meg, so hadde vi av ymse årsaker dårleg kjemi. Ho hadde private utfordringar som påverka jobben hennar negativt. Mannen hadde funne seg ei anna dame og gått frå ho, og dei måtte selje praktheimen sin i utkanten av byen. Døtrene byrja å vere saman med den nye stemora si i staden for med Christine, si biologiske mor. Den sønderknuste dama flytta i blokkleilegheit i området ho voks opp i.
Etter fleire månader med stadig meir underleg åtferd, som toppa seg då den nye einingsleiaren byrja på sjukeheimen, fekk ho eit nervøst samanbrot med meg i avdelinga i januar 2021, i samband med at eg hadde delt eit Facebook-innlegg om Covidfilmen 2020. Einingsleiaren handla i affekt og gav meg skriftleg åtvaring – og Christine gjekk ut i ei langtidssjukemelding. Til slutt vart «Karla» konstituert avdelingsleiar. I juni 2021 vart eg fjerna frå sjukeheimen, truga med avskjed av ein jurist i Byrådsavdelinga, og inngjekk sluttavtale med kommunaldirektøren.
Om eg på den tida følte at eg sjølv miste alt, var det òg tilfellet med Christine. Ho miste ekteskapet, døtrene, huset, helsa og til slutt òg leiarstillinga. Ein leiar kan jo ikkje gå sjukemeldt på ubestemt tid.
Nemnde langtidssjukemelding var Christine framleis i då eg snakka med den tidlegare kollegaen i april 2023 (meir enn to år etter at ho gjekk ut i sjukemeldinga i februar 2021). For å sitere nemnde artikkel:
«Christine kom aldri tilbake i sin jobb som avdelingsleiar. Etter eit års sjukemelding forsvann ho, og jobbar ikkje lenger på sjukeheimen. Det er faktisk djupt uvisst kva ho eigentleg driv med.»
I april 2024, like etter at eg hadde byrja i den nye jobben, møtte eg den tidlegare kollegaen med hunden sin i skogen i nærleiken av sjukeheimen. Ho kunne fortelje at Christine no var ein vanleg tilsett ved sjukeheimen, men at ho jobba deltid eller gradert (at ho var delvis trygda, altso). Ho hadde ingen leiaroppgåver, og såg ut til å fungere nokolunde greitt i jobben. Kva forhold Christine no hadde til einingsleiaren og sine tidlegare underordna (inkludert «Karla» og «Synnøve»), kunne ikkje kollegaen svare på – ho hadde nemleg gått av med pensjon og sakna ikkje den arbeidsplassen eit sekund!
Når det gjaldt Karla, såg eg ho på ein butikk i utkanten av bydelen rundt den tida. Ho såg bleik, sliten og kvapsete ut – eldre og med nokre ekstra kilo. Vi stod vel ti meter frå kvarandre. Det tok faktisk nokre sekund før eg kjende ho igjen. Auga var livlause og stirande. Ho såg meg rett i auga i fleire sekund utan å trekkje ei mine. So såg eg vekk nokre sekund, og då eg såg i hennar retning igjen, var det ingen der. Av ein eller annan grunn følte eg djup tilfredsheit over å sjå kor mykje ho hadde tapt seg under det nye sjukeheimsregimet som ho sjølv var med på å mogleggjere.
Og at Christine, som openbert ville vere leiar for ein kvar pris – bokstavleg tala – no var ein vanleg tilsett som jobba deltid… Vel, det er vel det mest tilfredsstillande av alt. Kall meg hemngjerrig, men det er faktisk noko som heiter karma. Ein får tilbake det ein deler ut. Leiaren forsvann, til alle sitt beste.
