Vitamin B17: Ei ernæringsbasert tilnærming som kan forhindre og kurere kreft

Sjå òg «Ein potensiell kur mot kreft blir systematisk UNDERTRYKT av grådige Big Pharma», publisert 2.mai 2025.

Leon Chaitow si bok An End to Cancer: The Nutritional Approach to Its Prevention and Control [«Ein slutt på kreft: Ei ernæringstilnærming for å hindre og kontrollere den»], utfordrar konvensjonell kreftlære og argumenterer for ei radikal endring i forståinga av og kampen mot sjukdommen. Ei holistisk (heilskapleg) tilnærming blir tilrådd. I likskap med G. Edward Griffin si bok (sjå artikkellinken ovanfor), blir laetril, eller vitamin B17, trekt fram som det moglege næringsstoffet. Chaitow er derimot meir varsam i sine påstandar, her er laetril meint å vere del av ei vidare tilnærming som inkluderer streng diett, vitaminterapi, enzym- og mineraltilskot og psykoterapi. Målet er å støtte det naturlege forsvarssystemet til kroppen og gå til åtak på kreftceller medan ein samstundes minimerer skade på friske celler.

Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Den sentrale premissen dreiar seg om laetril, eit konsentrert ekstrakt av vitamin B17, som Chaitow presenterer som ein hjørnestein i ein holistisk kreftbehandlingsstrategi. Dette er ikkje ein ny idé, men utforskinga til Chaitow er både omfattande og gripande. Han baserer seg på erfaringane til dr. H. Moolenburgh, ein leiande europeisk spesialist som har vore vitne til utrulege tilfriskningar hjå pasientar som har brukt laetril. Moolenburgh skildrar behandlinga som eit ‘vendepunkt’ i sin praksis, og gjenfortel historia om ein pasient som gjekk frå å ‘hive etter pusten’ til å berre vere ‘litt kortpusta’ etter hagearbeid. Slike vitnesbyrd er kraftige, men dei set òg søkjelyset på den kontroversielle naturen til laetril som eit behandlingsalternativ.

Chaitow er rask med å erkjenne at laetril ikkje er ei enkeltståande løysing. I staden er det del av ei vidare, holistisk tilnærming som inkluderer ein streng diett, vitaminterapi, enzym- og mineraltilskot og til og med psykoterapi. Dette omfattande programmet er laga for å støtte kroppens naturlege forsvar, og går til åtak på kreftceller medan det minimerer skade på friske celler. Forfattaren legg vekt på at denne tilnærminga krev ei djup forståing av naturlege lækingsprinsipp og det å forplikte seg til livsstilsendringar.

Vitskapen bak laetril er både fascinerande og kompleks. Chaitow forklarer at laetril slepper ut cyanid ved tilstadevering av eit enzym som finst i kreftceller, noko som effektivt øydelegg dei utan å skade friskt vev. Denne mekanismen adresserer ein av hovudgrunnane til kritikk av laetril – at det er giftig. Ifølgje Chaitow er laetril, når det blir brukt korrekt, ikkje-giftig og kan vere eit kraftig verktøy i kampen mot kreft.

Derimot glir ikkje boka unna kontroversen rundt laetril. Chaitow konfronterer skepsisen til det medisinske etablissementet og den farmasøytiske industrien, som historisk har vore fiendtlege overfor ideen om ein naturleg kur mot kreft. Han gjenfortel dei juridiske og profesjonelle kampane som laetril-tilhengjarar har vore gjennom, tilhengjarar som har blitt skulda for kvakksalveri og stått overfor betydeleg motstand.

Chaitow kjem òg med kritikk av forsøka som har blitt utført av organisasjonar slik som National Cancer Institute (NCI), der han argumenterer at dei ofte hadde ibuande feil i seg. Han peiker på at desse forsøka brukte substandard-utgåver av laetril og ignorerte dei livsviktige diett- og kosttilskotskomponentane som er essensielle for at det [laetril] skal vere effektivt. Denne kritikken understrekar behovet for upartisk, omfattande forsking som verkeleg evaluerer potensialet til laetril.

Utanom laetril er Chaitow si bok eit ønske om ei fullstendig biologisk tilnærming til kreft. Han legg vekt på kor viktig det er med ein diett som er rik på vitamin B17, som ein finn i mat slik som aprikoskjernar, eple og bambusskot. Han kjem med ei detaljert liste over matvarer som ikkje berre er næringsrike, men som òg har potensial til å kjempe mot kreft. Denne dietten handlar ikkje berre om å unngå ting, men òg om aktiv inkludering av matvarer som kan hjelpe kroppen med å heile seg sjølv.

Den holistiske tilnærminga til Chaitow omfattar òg dei emosjonelle og psykologiske aspekta til kreft. Han diskuterer håpets kraft og den mentale haldninga, og viser til studiar og casus-historier som antydar at eit positivt syn kan betydeleg forbetre løpet til sjukdommen. Dette teamet myndiggjering resonnerer gjennom boka, og oppmuntrar lesarar til å ta kontroll over helsa si og omfamne eit tankesett som støttar læking.»

Kommentar frå Saksyndig: Boka vart opphavleg gjeven ut i 1978, og er til sals på Amazon, mellom anna her (1983-utgåva). Ei lettare tilgjengeleg og mindre kontroversiell bok om generelle råd om ernæring for å unngå eller bekjempe kreft, er boka Beating Cancer With Nutrition av dr. Patrick Quillin (1994). Boka kan bestillast her. Dr. Quillin tilrår matvarer slik som grøne grønsaker, gulrot, tomat, kvitfisk, laks, aure (bokmål ørret), tunfisk, lever, frukt, kornsortar, bønner, ingefær og grøn te. Desse matvarene blir ikkje påstått å kurere kreft, men er på grunn av sitt høge vitamininnhald gunstig for immunforsvaret. Eg er sjølv i tvil om at kornprodukt og frukt er so sunt, sidan dei kan føre til rask stigning av blodsukkeret. Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar rundt forholdet mellom stabilt blodsukker, eit godt immunforsvar og faren for «vestlege» sjukdommar slik som diabetes, høgt blodtrykk, hjarte- og karsjukdommar, demens og nettopp kreft.

Kommenter innlegget