Noko som ser ut til å bli stadig meir vanleg rundt om, er at utanlandske menn misbruker eldre kvinner seksuelt. Saksyndig skreiv i slutten av januar 2022 om ei særs stygg sak som Document opphavleg publiserte, der 92 år gamle «Emma» ved omsorgssenteret i Alta vart valdteken av den 20-årige pleieassistenten «Mohamad». Ungdommen nekta for å ha valdteke bebuaren, trass i at sæden hans vart funnen på den gamle dama. I retten trong Mohamad tolk på grunn av dårlege norskkunnskapar. Han vart dømt til fire og eit halvt års fengsel, og til å betale oppreisningserstatning på 175 000 kroner. Advokaten hans hadde på den tida ikkje teke stilling til anke.
Det at mannlege innvandrarar seksuelt misbruker sårbare, ofte skrøpelege kvinner, er ikkje eit problem vi berre finn i Noreg. Nettstaden Remix News har samla eit knippe saker som dei meiner berre er toppen av isfjellet. Nyleg vart ein 33 år gammal irakisk mann arrestert for ei rekkje seksuelle overfall og valdtekter av eldre kvinner i den svenske byen Umeå. Politiet mistenkjer at mannen kan ha seksuelt overfalle og valdteke tre eldre kvinner. Mannen må gjennomføre rettsmøta ved hjelp av ein arabisktalande tolk.
33-åringen hadde i fortida nekta å jobbe, slik at han kunne leve på sosiale ytingar og dermed sleppe å jobbe. Sjokkerande nok fekk Umeå kommune ein rapport 27.februar 2025 der det stod at han hadde overfalle ei eldre kvinne seksuelt på ein sjukeheim – men trass dette fekk han utruleg nok framleis jobbe der. Assisterande operasjonsdirektør i sjukeheimsomsorga i Umeå, Malin Hansson, nekta å svare på spørsmål som den svenske avisa Samnytt stilte om mannen, mellom anna kvifor han ikkje fekk sparken etter å ha seksuelt overfalle ein bebuar. Ho var desperat etter å avslutte samtalen.
Remix News skriv vidare at tilfelle der innvandrarmenn valdtek eldre kvinner, er langt frå uvanleg i Europa. Mange tilfelle har sannsynlegvis aldri blitt meldt, sidan desse kvinnene er i ein sårbar situasjon, ofte isolert frå familiane sine, og stundom med avgrensa kognitive evner på grunn av alder (og ikkje minst demens). Nettstaden skriv vidare at sakene som dei sjølve har dekt, berre er ein brøkdel av dei totale sakene – dei manglar ressursar til å dekkje kvar slik sak som blir rapportert i Europa.
Her følgjer nokre saker som nettstaden har dekt.
12.september 2024 rapporterte Remix News at ein 39 år gammal mann frå Guadeloupe fekk 20 års fengsel for valdtektsforsøk av ein 102 år gammal bebuar på ein sjukeheim i den franske byen Rouen. Offeret hadde blitt funne i sjokk og med kloremerke på armane, i ansiktet og på nedre del av magen. Ho fortalde pleiarane at ein mann hadde prøvd å valdta ho medan ho låg i senga, men ho hadde greidd å gjere motstand, noko som hadde fått han til å flykte i panikk. Offeret døydde ein månad etter åtaket. Fram til rettssaka byrja, nekta mannen for å ha prøvd å valdta, og påstått at han hadde vore hjå eks-kjærasten sin den natta åtaket skjedde. Seinare endra han historia si til at han var heime. Historia endra seg nok ein gong i retten; der hevda han at han forveksla den 102 år gamle dama med si 58 år gamle elskarinne – noko han hevda var eit hemmeleg forhold. Ein psykiatrisk rapport hevda at mannen var «pervers» og hadde «under middels intelligens», men at ingen psykiatriske sjukdommar var til stade. Han fortalde retten at han hadde ein vanskeleg oppvekst, der mora hadde vore valdeleg og visstnok praktisert heksekunst med dyrekadaver.
18.oktober 2023 rapporterte Remix News at 44 år gamle Samir B. hadde blitt arrestert av det franske politiet under mistanke av å ha valdteke to eldre damer i 90-åra (93 og 95, høvesvis). Valdtektene skal ha skjedd på geriatrisk avdeling ved sjukehuset Victor Dupouy i Argenteuil i dei nordvestlege forstadene til Paris. 95-åringen leid av demens, medan 93-åringen plutseleg vart dårleg og miste medvitet ein laurdag ettermiddag. Ho døydde av hjarteinfarkt kort tid etter. Samir B. var allereie ein kjenning av politiet på grunn av tidlegare tiltalar for seksuelle overfall.
30.januar 2025 rapporterte Remix News at den 36 år gamle irakiske innvandraren Hawzheen A., måtte møte i retten, tiltala for å ha valdteke ei 82 år gammal dame i hennar leilegheit i Hamburg to gonger sommaren før. 36-åringen var ifølgje Bild arbeidslaus, og leid visstnok av «psykologiske problem». Han skulle difor ikkje sone i vanleg fengsel, men på ein «terapeutisk institusjon». Han skal ha gått til åtak på den gamle dama, drege ho med seg til eit soverom og der valdteke ho. Under det andre åtaket drog han dama til ei anna leilegheit i etasjen under, som var eigd av ein venn, og valdtok ho der. I januar 2023 vart han skulda for å ha gått til åtak på ei ukjent dame bakfrå i ein kafé i Horn-distriktet. Han la ho i bakken og byrja å sparke på ho. Gjester greip inn for å berge dama, og då politiet kom, byrja han å slåst med dei òg. To veker seinare var han involvert i skadeverk på eigedom. Tre politibetjentar vart skadde under arrestasjonen.
14.januar 2022 rapporterte Remix News at ein 33 år gammal irakisk statsborgar måtte møte i strafferetten i den tyske byen Dresden, tiltala for å ha valdteke ei 90 år gammal handikappa enkje på toalettet på akuttmottaket til eit lokalt sjukehus. Ho budde på aldersheim, men var på sjukehuset for å ta røntgen etter eit fall. 33-åringen nekta for at det skjedde ei valdtekt, og at han berre ville «hjelpe kvinna».
Nettstaden skriv i same artikkel at sidan migrasjonskrisa sommaren 2015, då dåverande kanslar Angela Merkel opna Europas grenser for flyktningar frå Midtausten, har tryggleik vore eit hyppig debattema i Tyskland. Og nyttårsaftan 2016 vart det utført ein bråte seksuelle overfall av nyankomne frå Nord-Afrika og Midtausten i Köln og Hamburg. Andre innvandrarar reiser til og med til andre EU-statar og utfører brotsverk der. På den tida (januar 2022) sa den då nye tyske koalisjonsregjeringa, som bestod av Sosialdemokratane, Dei grøne og liberale FDP, at dei hadde ingen planar om å leggje band på innvandringa. Alle som éin støtta dei masseinnvandring og tilstrøyming av «sårt trungen arbeidskraft», slik at tyske produkt kunne vere konkurransedyktige på den internasjonale marknaden.
Slike historier viser tydeleg at politikarane handlar etter ein agenda som er i strid med folks interesser og velferd, og at dei ikkje kan eller vil vedkjenne seg realitetane som masseinnvandring av kriminelle fører med seg.

Kan det bero på en plan for at også de eldste brugdene skal få seg litt? Samfunnet er jo innstilt på at det bare er «Kvinnene» er berettiget til å få seg litt, skikkelige Ariske menns seksualitet er jo så skitten og fæl, atte. Bedre med rDNA fra en halvrase, som forderver det menneskelige genom til noe sykt.
Send heller ei busslast med dyr fra innavelsdalen på turnè, bedre det.
Nordfjordinger er som annet svineri, det kommer inn på scenen av seg selv, for å få det til så gale som det overhode kan bli.
LikarLikt av 1 person
Å bruke frasen «få seg litt» om valdtekt blir omtrent som å tvangsfôre nokon med avføring, for so å hevde at det trass alt er betre å ete skit enn å vere svolten. Dei får jo sex (i motsetnad til mange), sjølv om det ikkje er friviljug. Sjølve politikken bak masseinnvandring av uintegrerbare er ein del av den klassiske splitt og hersk-teknikken til eliten. Vi skal setjast opp mot kvarandre slik at vi ikkje kan gjere motstand mot den verkelege fienden.
LikarLikar