I 1963 vart det publisert ei bok med tittelen The Adam and Eve Story, som åtvara om ein komande apokalypse som kom til å utslette vår noverande sivilisasjon. Dette var ikkje fyrste gong dette hadde skjedd med menneskeheita, faktisk gjentok fenomenet ser med rundt 6500 års mellomrom. Vi er den sjette avanserte menneskesivilisasjonen som (visstnok) snart skal bli utsletta. Boka skremde lesarane frå sans og samling, og var visstnok so kontroversiell at CIA hemmelegstempla boka. Fyrst i 2013 vart ei tungt redigert utgåve tilgjengeleg for offentlegheita. Av dei vel 284 sidene, var berre vel 50 tilgjengelege. Namnet på forfattaren var Chan Thomas (1920 – 1998), ein amerikansk ingeniør, UFO-ekspert og – blant skeptikarar – konspirasjonsteoretikar.
Den «CIA-redigerte» utgåva kan for den interesserte lesar lesast her. Ei utvida utgåve kan lesast her. Ein video om boka kan sjåast her.
Konseptet jamlege apokalypsar går ut på at det skjer eit sokalla polskifte med jamne mellomrom. Desse geologiske hendingane skaper jordskjelv og enorme flodbølgjer, noko som skal ha gjeve opphav til dei mange syndeflodmytane som finst rundt om i kulturar i heile verda. Som geologar er klare over, samsvarer ikkje den magnetiske nord- og sørpolen med den geografiske, og moderne GPS kompenserer for dette avviket. Det siste polskiftet skjedde for rundt 780 000 år sidan, so enkelte meiner det er på høg tid at det skjer igjen.
Det at dei magnetiske og geografiske polane ikkje samsvarer, fann Roald Amundsen ut i 1904. medan James Ross oppdaga den magnetiske polen i 1831, oppdaga Amundsen at den magnetiske polen hadde flytta seg heile 50 kilometer frå staden som Ross opphavleg hadde kryssa av. Polen har flytta seg med ein gjennomsnittsfart på 40 kilometer i året, men har dei siste tiåra auka.
Det scenarioet Chan Thomas tenkjer seg vil skje ved eit apokalyptisk polskifte, er at landmassane fleire stader på planeten rett og slett stoppar opp på grunn av jordskjelv. Sidan vind og vatn framleis er i rørsle på grunn av jordrotasjonen, vil det oppstå enorme tsunamiar og vindar som blæs like fort som lyden (1225 km/t). Dette vil utslette alle spor av den noverande sivilisasjonen og ta livet av mesteparten av menneskeheita. Ingen stader på Jorda er trygge, og dei få som overlever, må byrje heilt på nytt i ein ny steinalder, slik det (visstnok) har skjedd fem gonger før med avanserte sivilisasjonar som liknar vår eigen. Her kan ein trekkje fram Atlantis og Lemuria (Mu), der fyrstnemnde kan liggje i noverande Mauritania (Richat-strukturen eller «The Eye of Sahara»), medan Mu skal ha vore eit enormt kontinent i Stillehavet, der ein finn restar av landmassen på ymse stillehavsøyar.
For arkeologar har Sfinksen i Egypt lenge skapt hovudbry. Det enorme monumentet viser spor av vasserosjon, endå det ikkje har vore betydelege nedbørsmengder i området sidan istida. Tydar det at Sfinksen vart bygt av ein sivilisasjon som levde i området lenge før egyptarane kom dit? Få ønskjer å grave vidare i den saka, akkurat som dei helst ikkje vil tenkje for mykje over dei enorme strukturane som ein har funne under pyramidane like ved. Det rokkar ved det som har blitt etablert som den «korrekte» verdshistoria – det rokkar ved sjølve konsensus (Gud forby!).
På grunn av dei oppsiktsvekkjande påstandane i boka, har den blitt gjenstand for ei rekkje faktasjekkar. For å gjere ei lang historie kort, slår dei fast at Thomas sine teoriar er pseudovitskap, og at CIA faktisk aldri hemmelegstempla sjølve boka, men diverse arbeidsrelaterte dokument som låg saman med manuskriptet. Ingen sider i boka vart på noko tidspunkt «sensurert», og kopiar av den komplette boka har sirkulert heilt sidan 1963. Sjølve boka er faktisk på berre litt over 50 sider, ettersom konklusjonen, som naturlegvis er siste delen av boka, byrjar allereie på side 45.
Reelle polskifte kan føre til mellombelse forstyrringar i magnetismen, noko som fører til at GPS og straumforsyning kan falle ut i periodar. Dyr som navigerer ved hjelp av jordmagnetisme vil òg bli forvirra, men dette er òg eit mellombels problem. Eit verre problem er at magnetfeltet som beskyttar Jorda mot farleg stråling frå Sola, ligg nede for teljing. Ein kan vente solstormar og ein auke av hudkreft dei neste åra. Men sjølve menneskeheita vil ikkje gå under i ein global apokalypse – håper vi. Vi har langt meir reelle trugslar å uroe oss for, og dei trugslane ligg langt meir innanfor vår kontroll enn åtferda til Jordas indre.

Melted brick castle.
Old world Tartaria.
Mudfloods.
LikarLikt av 1 person