Prosjekt Redsun: Var menneske på Mars i 1973?

Som dei fleste veit, handla Apollo-programmet til NASA om å få mennesket til Månen, noko vi visstnok fekk til i juli 1969. Det var i alt 17 delar av Apollo-programmet, der det siste fann stad i 1972. Ein kontroversiell teori påstår derimot at dei tre siste delane av Apollo-programmet, 18, 19 og 20, tok mennesket langt lenger enn til Månen.

Mennesket var visstnok på Mars allereie i 1973.

Albert Harmon på nettsida Galaxy.ai skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I 1957 markerte oppskytinga av Sputnik byrjinga på Romalderen, og sette i gang ein beinhard konkurranse mellom USA og Sovjetunionen. Som respons på at Sovjet leia romutforskinga, etablerte den amerikanske regjeringa NASA i 1958, og presenterte det som eit sivilt byrå vigd til vitskap og utforsking. Derimot var det underliggjande oppdraget klart: slå sovjetarane i å nå Månen.

Romkappløpet og Apollo-programmet

NASA sin strategi utfalda seg i tre stadium: Mercury, Gemini og Apollo. Mercury-programmet viste at menneske kunne overleve i rommet, medan Gemini viste evna til å utføre romvandringar. Apollo-oppdraga kulminerte i den historiske Apollo-11-landinga, der Neil Armstrong vart fyrste mennesket som sette sine bein på Månen i 1969. Etterfølgjande oppdrag, inkludert Apollo 11, 12, 14, 15, 16 og 17, etablerte USA som den dominerande parten i måneutforskinga.

Derimot vart Apollo-programmet i 1973 brått avslutta, og der tre oppdrag aldri vart sette i verk. Offisielt vart budsjettkutt gjevne som årsaka for avlysinga. Der dukka derimot opp ein teori som antyda at Apollo 18, 19 og 20 ikkje vart avlyste, men snarare utførde i all hemmelegheit, noko som førde til ei sjokkerande avsløring: NASA landa visstnok på Mars i 1973.

Opphavet til Prosjekt Redsun

Konseptet til Prosjekt Redsun hadde sine røter i tidlegare planar, slik som Prosjekt Horizon, lagt fram i 1959, som hadde som mål å etablere ein atomvæpna militærbase på Månen. Sidan trugselen for atomkrig låg og lurte, erkjende begge supermaktene behovet for ein beredskapsplan for å sikre at menneskeheita overlevde. Ideen var å skape ein menneskekoloni på Mars, eit mål som verka uoppnåeleg utan samarbeid.

Månen, som ligg 239 000 miles unna [384 600 kilometer; oms.an.], kunne nåast på tre dagar, men Mars utgjorde ei langt større utfordring, der avstanden kunne variere frå 34 millionar [54 717 700 km] til 250 millionar [402 336 000 km] miles. Saturn V-raketten var det einaste fartøyet som var kraftig nok til ei slik reise, medan sovjetarane hadde overlegne livsoppretthaldande system. Saman kunne dei gjere draumen om å nå Mars til ein realitet.

Den hemmelege oppskytinga i Amazonas

23.mars [1973] vart ein rakett skoten opp frå ein hemmeleg fasilitet djupt inne i Amazonas-jungelen, slik at dei unngjekk å bli oppdaga av NATO og Warszawa-pakt-nasjonane. Denne raketten hadde med seg det interplanetariske romfartøyet Columbus, med eit mannskap som inkluderte dei amerikanske astronautane Neil Armstrong [og Edwin «Buzz» Aldrin ifølgje denne kjelda], og den sovjetiske kosmonauten Vladimir Uian [Vladimir Mir Sergeyevich Ilyushin ifølgje denne kjelda; oms.an.]. Etter 158 dagar i rommet, landa dei på Mars, og dokumenterte funna sine i hemmelegstempla loggbøker og opptak.

Folket vart aldri informert om denne monumentale prestasjonen, sidan mannskapet raskt oppdaga at dei ikkje var åleine på Den raude planeten.

Varslarar og bevis

I 2011 heldt den italienske journalisten Lucas Kentan Boro ein pressekonferanse der han hevda at Prosjekt Redsun var ekte, og presenterte bevis som inkluderte e-postar og dokument frå prosjektarbeidarar. Den mest oppsiktsvekkjande avsløringa var eit kornete bilete som visstnok viste Buzz Aldrin som gjekk på Mars. Det at Aldrin var so opprømt over Mars-utforsking, har ført til spekulasjonar om skjulte sanningar når det gjaldt fortidige oppdrag.

Fleire varslarar dukka opp, inkludert ei kjelde ved namn Bravo X Sierra 24, som påstod å ha smugla fotografi frå NASA-arkiva. Desse bileta skal ha vist astronautar på Mars, som utforska kunstige strukturar og eit pyramideliknande objekt.

Det kontroversielle videomaterialet

Narrativet fekk bein å gå på då ein video dukka opp, som visstnok viste opptak frå Columbus-oppdraget. Videoen byrja med NASA-logoen og ei åtvaring om at den berre var til intern bruk, og som deretter dokumenterte mannskapet si reise til Mars. Opptaka viste deretter Mars-landskapet og antyda uvanlege rørsler på overflata, noko som førde til spekulasjon om liv på Mars.

Trass den gripane naturen til videoen, peikte skeptikarar raskt på inkonsekvensar og bevis på manipulasjon, og antyda at opptaka vart fabrikkerte ved å bruke eksisterande bilete frå ymse romfartsoppdrag.

Den noverande debatten

Historia om Prosjekt Redsun reiser betydelege spørsmål om gjennomsiktigheita til romutforsking. Medan enkelte bevis har blitt avslørt som falske, antydar eksistensen av varslarar og lekne dokument at der kan liggje meir bak historia enn det som blir offisielt anerkjent. Narrativet vev seg inn i meir omfattande tema slik som hemmeleghald, militære interesser og potensialet for menneskeleg kolonisering av andre planetar.

No når private selskap slik som SpaceX og Blue Origin førebur Mars-oppdrag, ligg implikasjonane til Prosjekt Redsun der og lurer. Moglegheita for at eit hemmelegstempla romfartsprogram har halde fram under radaren, utfordrar forståinga vår av romutforsking og informasjonen som blir delt med publikum. […]»

Det finst enkelte som meiner at mennesket har reist endå lenger ut i verdsrommet enn til Mars. Denne Nyhetsspeilet-artikkelen publisert 19.mars 2017 (skriven av Terje Wulfsberg), hevdar at menneske har vore del av eit kosmisk utvekslingsprogram i eit anna stjernesystem! Programmet blir kalla Prosjekt Serpo, oppkalla etter planeten som 12 astronautar visstnok reiste til på 1960-talet og var der i heile 13 år. Lesaren blir her høgst oppfordra til å gjere sine eigne undersøkingar.

Sjå òg «Trump lover å nå Mars innan 2028», publisert 8.oktober 2024.

Kommenter innlegget