To artiklar frå nettstaden The People’s Voice tek føre seg eit høgaktuelt tema: eit dramatisk fall i fødselsraten. Dette er eit problem som ein ikkje berre finn i Noreg, som er eit av dei dyraste landa i verda å oppdra eit barn i – men i heile verda. Iallfall om ein skal tru ein nyleg rapport frå FNs Population Fund, deira «befolkningsfond» (forkorta UNFPA). Ifølgje rapporten slit fleire millionar på verdsbasis med å få det ønskte talet barn, fyrst og fremst på grunn av kor dyrt det er å vere foreldre, og ikkje minst på grunn av ein mangel på passande partnerar.
I den fyrste artikkelen, skriven av Sean Adl-Tabatabai, står det:
«UNFPA-undersøkinga, som dekte 14 000 menneske i 14 land, avslører at eitt av fem individ ikkje har hatt eller forventar å få sitt ideelle tal barn. Denne alarmerande trenden understrekar ei veksande krise rundt reproduksjonsrettar og intensjonar, noko som krev raske handlingar for å adressere dei underliggjande økonomiske og sosiale barrierane.
BBC.co.uk rapporterer: Landa som vart undersøkte – Sør-Korea, Thailand, Italia, Ungarn, Tyskland, Sverige, Brasil, Mexico, USA, India, Indonesia, Marokko, Sør-Afrika og Nigeria – utgjer ein tredjedel av den globale befolkninga.
Dei er ei blanding av låg-, middels- og høginntektsland og dei med låg og høg fruktbarheit. UNFPA intervjua unge vaksne og dei som ikkje lenger var i fruktbar alder.
‘Verda har byrja ein hittil usett nedgang i fruktbarheitsratar,’ seier dr. Natalia Kanem, leiar i UNFPA. ‘Dei fleste menneska vi intervjua ønskjer to eller fleire barn. Fruktbarheitsratar fell hovudsakleg fordi mange føler seg ute av stand til å skape dei familiane dei ønskjer. Og det er den ekte krisa,’ seier ho.
‘Å kalle dette ei krise, å seie at den er ekte. Det er ein overgang, trur eg,’ seier demograf Anna Rotkirch, som har forska fruktbarheitsintensjonar i Europa, i tillegg til å gje råd til den finske regjeringa rundt befolkningspolitikk. ‘Generelt er det meir underskyting enn overskyting når det gjeld fruktbarheitsideal,’ seier ho. Ho har studert dette grundig i Europa, og uttrykkjer interesse over å sjå dette reflektert på eit globalt nivå. Ho var òg overraska over kor mange informantar over 50 (31%) som sa at dei hadde færre barn enn dei ønskte.
Undersøkinga, som er eit pilotprosjekt for forsking i 50 land seinare dette året, er avgrensa i omfang. Når det gjeld aldersgrupper i land, til dømes, er talet døme for lite til å trekkje konklusjonar ut av.
Men enkelte funn er tydelege.
I alle land sa 39% av personane at økonomiske grenser hindra dei i å få eit barn. Den høgste responsen var i Korea (58%), dei lågaste i Sverige (19%).
Totalt viste berre 12% av menneska til infertilitet – eller vanskar med å unnfange – som ein grunn til å ikkje få det talet barn dei ønskte. Men det talet var høgare i land som Thailand (19%), USA (16%), Sør-Afrika (15%), Nigeria (14%) og India (13%). […]
Inntil nyleg fokuserte byrået tungt på kvinner som hadde meir barn enn dei ønskte, og det ‘udekte behovet’ for prevensjon. Framleis oppmodar UNFPA til varsemd når det gjeld respons på låg fruktbarheit.
‘Akkurat no ser vi masse retorikk om katastrofe, anten overbefolkning eller krympande befolkning, som fører til denne typen overdriven respons, og stundom ein manipulerande respons,’ seier dr. Kanem. ‘Når det gjeld å prøve å få kvinner til å få meir barn, eller færre.’
Ho peiker på at for 40 år sidan var Kina, Korea, Japan, Thailand og Tyrkia alle bekymra for at befolkningstala deira var for høge. Innan 2015 ønskte dei å auke fruktbarheita.»
I den andre artikkelen, skriven av Baxter Dmitry, står det:
«Ifølgje FN sine eigne data, er befolkningar rundt om på kloden i fritt fall – ikkje fordi folk avviser å bli foreldre, men fordi dei i aukande grad er ute av stand til å ha råd til eller få tilgang til det.
State of the World Population-rapporten frå 2025 [«Verdas tilstand-rapporten»], offentleggjort denne veka av FNs Befolkningsfond (UNFPA), avslører at millionar av menneske på ulike kontinent er ute av stand til å ha det talet barn dei ønskjer, og viser til økonomiske vanskar, altfor dyre bustader, manglande jobbtryggleik, og ein mangel på grunnleggjande helseomsorg.
Likevel framstiller globalistane dette som noko som gjeld ‘reproductive agency’ [«reproduktiv handleevne»], noko som går utanom det eigentlege spørsmålet: kven skapte dei forholda som har gjort det å bli foreldre altfor dyrt i fyrste omgang? […]»
Nemnde rapport antydar at globalistpolitikken (økonomisk øydelegging, sosialstyring (social engineering) og miljøsabotasje) står bak dei fallande fruktbarheitsratane i verda. I utrygge tider vil dei fleste tenkjer seg om fleire gonger før dei vel å setje barn til verda. I rapporten, som The People’s Voice presenterer eit utdrag av, står det:
«Frå normaliseringa av alternative livsstilar og demoniseringa av kjernefamilien i populærkulturen, til ei matforsyning kontaminert av hormonforstyrrande kjemikaliar, til farmasøytiske legemiddel og plast som alvorleg skader menneskeleg fruktbarheit, talar resultata for seg sjølve.»
Og eit anna sitat:
«Dette pilotprosjektet er berre byrjinga. UNFPA planlegg å utvide undersøkinga til 50 land seinare i år [2025]. Men for dei som følgjer med er bodskapen allereie tydeleg: krisa handlar ikkje berre om fallande fødselsrate – det er eit system laga for å gjere familieliv ikkje-berekraftig.»
Sjå òg «Djevelsk utspekulert avfolkingsmetode: Ta frå folk motivasjonen til å formeire seg», publisert 17.februar 2022.
