Sjukehusa myrda covid-pasientar under «pandemien» for å frigjere sengeplassar – og for å tene pengar

Under covid-19-plandemien viste mange i helsesektoren sine sanne ansikt, og dei var ikkje vakre. Det som gjekk føre seg rundt om på sjukehus i Vesten var ifølgje varslarar systematisk massemord. Eit av dei mest paradoksale aspekta var at legar som ordinerte ivermectin møtte disiplinærstraffer frå autorisasjonsstyresmaktene, medan dei mange tusen legane og sjukepleiarane som myrda covid-pasientar gjennom den sokalla «covid-protokollen», sjeldan eller aldri møtte liknande straffereaksjonar. Det finst derimot unntak, og desse blir no utfordra i rettssalar. «Pandemien» hadde mykje kritikkverdig hefta ved seg, og eit endeleg oppgjer må til for at vi skal kunne gå vidare som menneskeheit.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Medan verda taklar etterspelet til covid-19-skandalen, held urovekkjande avsløringar fram med å dukke opp – og dei eksponerer eit helseomsorgssystem som prioriterer profitt og frykt over pasientomsorg. Dr. Mary Talley Bowden, ein autorisert lege og forkjempar for medisinsk gjennomsiktigheit, var nyleg med i ein episode av The Joe Rogan Experience for å eksponere ein av dei dødelege delane av covid-protokollane. Ho forklarte korleis eit systematisk, skjult eutanasi-program vart sett i verk på amerikanske sjukehus for å frigjere sengeplassar ved å drepe pasientar som hadde blitt falskt diagnostiserte med covid-19-testar.

Dette var ikkje ei isolert hending. Liknande protokollar vart sett i gang i Storbritannia, der midazolam og morfin vart verktøya for tidleg død. Implikasjonane er sjokkerande: Sjukehus fekk ikkje berre incentiv ved hjelp av føderale midlar for covid-innleggingar, men dei gjorde obligatorisk upålitelege PCR-testar som bles opp tal tilfelle og sjukehusinnleggingar, noko som førde til isolasjonsprosedyrar og skadelege legemiddelprotokollar som mislykkast i å adressere immunforsvaret til pasienten. Det medisinske etablissementet stoppa effektive behandlingar slik som ivermectin, vitamin D, C og sink, og hydroksyklorokin – medan dei dreiv og pusha utesta mRNA-injeksjonar. […]

Mord forkledd som medisin

Dr. Bowden sitt vitnesbyrd på podcasten til Rogan sendte sjokkbølgjer gjennom medisinfridomssamfunnet. Ho la ut i detalj om korleis pasientar – der mange av dei hadde testa falsk-positivt ved hjelp av ubrukelege PCR-testar – fekk HLR-minus-ordrar [Do Not Resuscitate (DNR) på engelsk; gjenoppliving skal ikkje iverksetjast; oms.an.] utan samtykke, for so å bli administrert dødelege dosar med morfin og insulin.

‘Dei gav ho ein HLR-minus-ordre endå ho ikkje hadde gjeve samtykke til ein offisielt,’ sa Bowden, og viste til saka om Grace Schara. ‘Dei utførde eutanasi på ho. Dei trong senga, og dei sa: ‘Vel, dei kjem til å døy likevel’.’

[Kommentar frå Saksyndig: Grace Schara vart ifølgje faren Scott myrda på sjukehus som 19-åring i 2021, etter å ha blitt injisert med ein kombinasjon av legemiddel som han seinare fann ut var del av ein føderal sjukehusprotokoll. Grace hadde Downs syndrom.]

Rogan, tydeleg forbløffa, spurde: ‘So, dei var altso på sjukehuset med covid og dei gav dei noko som tok livet av dei?’ Svaret til Bowden var nifst: ‘Jepp. Det skjedde heile tida.’

Dette var ikkje skurkestrekar – det var retningslinjer. Sjukehus, som drukna i falsk-positive tilfelle, vart finansielt incentiverte til å merkje pasientar som covid-positive. Når dei fyrst vart innlagt, vart pasientar isolerte, nekta skikkeleg behandling og ofte utført eutanasi på for å lage plass til fleire.

Storbritannia sine ‘midazolam-mord’ og eit globalt mønster

Over Atlanteren fann den same dødelege speleboka stad. National Health Service (NHS) [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] administrerte midazolam – eit roande legemiddel som aldri var meint for pustevanskar – saman med morfin, noko som fekk fortgang i dødsfall hjå eldre og sårbare pasientar.

Maajid Nawaz i Radical Media sette søkjelys på saka om Derek Dimmock, der familien hans hevda at han fekk ufriviljug eutanasi under NHS-protokollen. Sir Andrew Dillon, tidlegare leiar i det britiske National Institute for Health and Care Excellence (NICE) – organet som godkjende midazolam-protokollar – gjekk brått av då ein byrja å formelt undersøkje dødsfallet til Dimmock.

Parallellane er unektelege: regjeringar over heile verda sette i verk protokollar som gjorde sjukehus om til dødskammer, medan dei undertrykte tidlege behandlingsmetodar som kunne ha redda liv. Mange sjukehus i den indre bykjernen er typisk i full kapasitet i vintermånadene; dette var eit problem lege før covid-skandalen fekk massevis av skremde personar til sjukehus, der dei so vart nekta skikkeleg behandling.

Søksmålet til Schara-familien representerer ei sjeldan juridisk utfordring til desse fæle hendingane. Ved å tiltale for medisinsk overfall – administrasjon av ikkje-godkjende legemiddel – har dei som mål å gå utanom PREP Act, som gjev universell immunitet til sjukehus og legar for covid-relatert ‘omsorg’.

I mellomtida held legar slik som Bowden, Peter McCullough og Robert Malone fram med å kjempe mot eit medisinsk-industrielt kompleks som prioriterer profitt over liv. Som Bowden sa: ‘Dersom covid-vaksinen hadde vore eit kva som helst slags anna legemiddel, hadde den blitt trekt tilbake no.’

Sanninga til covid-19-skandalen og medisinsk tyranni dukkar opp, bit for bit i all si skrekkelege prakt.»

One comment

  1. Kjenner jeg blir skikkelig lavfrekvent av å tenke på at disse arrogante svina ikke har fått noe som helst form for backlash enda

    Likar

Kommenter innlegget