Ein klok og særs intellektuell mann, del 2

Dette er del 2 av kortromanen «I dei kommunale skugganes dal». Sjå òg Del 1.

Karl sat framfor datamaskina og skreiv rapport so tastaturet bølgja seg. Carina sat framfor nabomaskina og berre såg på han i djupaste beundring. Der var trekk ved han som minte ho om sin eigen, trufaste ektemann. Hadde ho vore litt yngre og singel, so kanskje ho kunne… Nei, ho vart heilt mo i knea berre av tanken. Den dama som fekk Karl, var den heldigaste i galaksen! Ho kjende ho vart raud i kjakane. Kanskje ho kunne invitere han ut på kaffi ein dag dei begge hadde fri?

Brått kom den feite, skalla sjefen hennar inn på kontoret. Ballongtrynet hans var lilla av raseri.

«Karl og Carina!!» brølte mannen so det song i veggane. Karl snudde seg med heva augnebryn. – «Begge to!! Inn på mitt kontor, og det litt brennkvikt!!»

Skjelvane og bleik i leten reiste Carina seg og følgde lydig etter sjefen sin. Karl, fullstendig upåverka, følgde etter ho igjen. Dei enda opp inne på kontoret til den koleriske landkvalen, eit kontor som var mykje større enn det vesle kottet til Carina, og som låg på solsida av bygget. Mannen såg so forbanna ut at Carina frykta at han anten ville få hjarteinfarkt eller rasere heile kontoret. So feit som han var, var nok infarkt langt meir sannsynleg.

«Karl,» sa han med ei dempa, men dirrande stemme der han stod og ruva midt i rommet som eit fjell av kommunalt spekk. – «Har du noko imot å fortelje meg kvifor du har meldt kommunen til Arbeidstilsynet?»

Karl forklarte roleg:

«Det står tydeleg å lese i rapporten min, som du har fått tilsendt kopi av, at Tiril er ein direkte trugsel mot det psykososiale arbeidsmiljøet. Ho hindrar sin eigen sjef i å gjere jobben sin, og ærleg tala gjer ho ikkje so mykje sjølv. Faktisk må eg gjere jobben til Carina av og til, fordi ho sjølv ikkje har tid til det – og Tiril og Silje-Marie har sovisst ikkje lyst til å gjere det.»

«Karl, då…» sa Carina med ei spak røyst. Ho snufsa medan tårene rann.

«Er det sant, Carina?» spurde mannen.

«Karl er ein klok og særs intelligent mann med mastergrad frå universitetet,» sa ho stille. – «Kontorarbeid er noko han meistrar til fingerspissane.»

«Karl er helsefagarbeidar. Han er ikkje kvalifisert til å gjere kontorarbeid.»

«Han gjer jo ein betre jobb enn eg gjer… Og iallfall ein betre jobb enn Tiril og Silje-Marie.»

Den bælfeite mannen sukka tungt. Han kneip seg lett på naseryggen mellom auga. Deretter vende han seg og den enorme vomma mot Karl:

«Eg føler på ei stor uvisse knytt til din lojalitet til arbeidsgjevar no. Du burde ha diskutert dette med Carina eller meg før du valde å melde kommunen til Arbeidstilsynet. Naturlegvis, som verneombod har du rett og plikt til å rapportere om kritikkverdige forhold… Men du valde å gjere det fullstendig på eiga hand, utan å involvere verken meg eller hovudverneombodet. Eg reknar med at ikkje du heller visste om dette, Carina.»

«Nei, det gjorde eg ikkje,» sa Carina på grensa til å kviskre. Ho snufsa igjen.

«Karl, du kan tre av. Kom deg vekk frå mitt åsyn.»

Karl forlét kontoret, like roleg som alltid. Feiten lukka døra og sette seg ned på sin spesialbygde kontorstol. Carina vart ståande, bleik, skjelven og snufsande.

«Karl er for smart til å jobbe som helsefagarbeidar,» sa han. Han snakka til veggen og bokhylla meir enn han snakka til Carina. – «Han er openbert overkvalifisert, og det lyser av han lang veg at han veit det sjølv. Han ser ned på oss, for å seie det mildt. Situasjonen er uheldig. Vi må gjere noko med dette.»

«Eg har spurt han fleire gonger om han vil søkje seg inn på vernepleie,» sa Carina med fortviling i den lyse røysta. – «Han ser ut til å vere i ideologisk opposisjon til vernepleie. Han meiner vi er for fulle av oss sjølve til å lytte til andre typar helsepersonell.»

«Det tviler eg ikkje på at han gjer.» Han trekte pusten. – «Carina, vi må lure han. Du skjøner… Han har allereie kontakta sin tillitsvalde om Tiril. Og denne tillitsvalde har kjefta på meg.» Han sukka. – «Eg bruker no dagane på å få kjeft av ymse tillitsvalde. Snart kjem sannsynlegvis etatsdirektøren hit for å kjefte òg. Eg er sikker på at du skjøner at det ikkje er so morosamt å få kjeft heile tida.»

«Ja, det skjøner eg.» Fleire tårer kom trillande. Ho skalv sånn at ho knapt greidde å stå oppreist. – «Men kva meiner du med å lure han? Kan han lurast i det heile? Han er jo mykje smartare enn vi er! Han har mastergrad frå universitetet!»

Mannen bles i forakt:

«Han har ei mastergrad i noko som er fullstendig irrelevant til jobben sin.» Deretter vende han seg rundt og logga seg inn på datamaskina. – «Der er ein skule i byen som tilbyr eit toårig deltidskurs i miljøarbeid for psykisk utviklingshemma.»

«Er det høgskulen?» spurde Carina.

«Nei, det er berre ein slik tulleskule som tilbyr kurs som ikkje kan brukast til noko som helst.» Han smilte sleskt. Panna glinsa av sveitte. – «Det er opp til arbeidsgjevar å avgjere om kompetansen ein får frå desse kursa vil føre til lønnsauke eller ikkje.»

«Eit toårig deltidskurs? Karl vil bestå med glans utan å prøve nemneverdig hardt.»

«Ja, under ideelle omstende der han har arbeidsgjevar på si side.» Det sfæriske fjeset lyste av skadefrygd. – «Greitt, Carina. Her er kva som kjem til å skje.» Han lente seg tilbake på stolen i majestetisk positur, med nevane falda rundt den enorme magen. – «Karl og Tiril har sete uroleg i båten altfor lenge. Og du har gjort ingenting for å halde dine undersåttar i age. Dette er eit typisk konflikttriangel. Det er nesten som branntrekanten. Dersom du fjernar eitt av elementa derifrå, vil det ikkje vere nokon brann. Eg har snakka med den nye HR-leiaren i administrasjonen, ei viss Katinka Dahl. Ung, men veldig flink. Ho har i sin tur snakka med ein spesialist innan arbeidskonfliktar. Vi har legitime grunnar til å tru at Tiril ikkje er det einaste problemet. Faktisk er ho det minste av tre vonde, der dei to andre er Karl – og du

«Meiner du alvor?» spurde Carina tynt.

«Ja. Carina, du kjem til å bli fjerna frå leiarstillinga di fyrste september.» Carina sleppte frå seg eit klynk og heldt seg til hovudet. – «Men…» Han heva hendene avvæpnande. – «Du får ikkje sparken, berre for å presisere. Der er for tida ledig ei 100%-stilling som miljøterapeut i eit bufellesskap her i bydelen. Det ligg ti minutts spasertur frå der du bur. Du vil behalde den lønna du har i dag, so du vil ikkje tape på det økonomisk. Arbeidsoppgåvene dine vil derimot ikkje vere noko som kan klassifiserast som leiaroppgåver.»

Carina såg på han i sjokk og tristheit:

«Eg skjøner.» Ho snufsa medan fleire tårer kom trillande.

«Du er 58 år gammal. Du kan gå av med AFP når du er 62. Eg har innsett at denne situasjonen er delvis min feil òg. Eg burde ha gjort dette for lenge sidan. Du burde aldri ha blitt leiar, og Tiril burde aldri ha blitt tilsett på dette teamet.»

«Kva om eg nektar å slutte som leiar?» spurde ho stille.

«Då blir det ei oppseiingssak.»

«Greitt.» Ho bøygde audmjukt nakken. – «So eg er den du vel å gjerne frå dette ‘konflikttriangelet’. Kva med Karl og Tiril, då?»

«I morgon skal du fortelje han om kurset. Du skal fortelje han at kurset vil gje han tittelen miljøterapeut, og at kurset tilsvarer det ordinære vernepleiestudiet på høgskulen. Du skal fortelje han at ved å ta kurset, vil han ikkje berre gå betydeleg opp i løn, men han vil òg bli formelt kvalifisert til å bli leiar.»

«Er… Er noko av dette sant?»

«Ikkje eit ord.»

«Vil du at eg skal lyge til ein av dei beste tilsette denne etaten nokosinne har hatt?»

«Carina…» Han flirte hovent. – «At Karl er ‘den beste tilsette’ er det berre du som meiner. Eg kan få tak i ein betre helsefagarbeidar på timen. Og som verneombod er han beint fram farleg. HR har mistanke om at han har ei personlegdomsforstyrring.»

«Og det har liksom ikkje Tiril?»

«Det er ikkje Tiril vi snakkar om her. Dessutan har jo Tiril ved fleire høve kome med alvorlege skuldingar om seksuell trakassering frå hans side, mot både bebuarane og ho sjølve.»

«Og du trur ho faktisk?» Ho såg på han med store auge og eit drege ansikt.

«Slik åtferd er naturlegvis fullstendig uakseptabelt for ein mannleg helsefagarbeidar, spesielt overfor jenter som er lamma frå livet og ned, og som i tillegg har psykisk utviklingshemming.»

«Eg har sagt tydeleg til deg tidlegare at Karl umogleg kan gjere slikt! Han er ikkje typen til det! Han er altfor smart til å gjere noko so dumt!» Ho var raudsprengt og hoven i trynet av alle tårene.

«Igjen, du og du åleine påstår at han er so smart. Åtferda hans risikerer å øydeleggje det gode namnet og ryktet til etaten. Og so nektar han jo å samarbeide med Tiril, og det er–»

«Det er Tiril som nektar å samarbeide med han! Ho skoftar jobben kvar gong dei to jobbar ei vakt i lag!»

«Ver god og ikkje avbryt meg, Carina. Kombinasjonen av påstandar om seksuell trakassering og hans manglande vilje og/eller evne til teamarbeid, i tillegg til denne affæren med Arbeidstilsynet, har gjort han til den største av tre vonde. Altso er det ingen veg utanom å fjerne han òg. Då kjem berre Tiril til å bli verande.»

«So då blir ho leiar? Vel, det var jo det ho alltid ville.»

«Nei, nei. Misforstå meg ikkje.» Han vifta avvæpnande med armane. – «Ho passar på ingen måte som leiar. Dama er sjuk i hovudet. Men ho må bli verande, har eg fått beskjed om frå administrasjonen. Å omplassere ho vil berre flytte problemet til ei anna avdeling. Ho må bli verande der ho er. Folk lever jo ikkje evig. Og ho vil definitivt ikkje vere arbeidsdyktig for evig. Innan to år er ho høgst sannsynleg uføretrygda.»

«Greitt, då kan vi konstatere følgjande… Du vil at eg skal overtale Karl til å ta det kurset. Kvifor skal han det?»

Igjen fekk mannen eit sleskt smil:

«Fordi då vil eg få ein gyldig grunn til å fjerne Karl frå avdelinga di. Den nye HR-dama har mange våpen i arsenalet. Det er faktisk ikkje berre Karl som er smart her i verda. No skal eg fortelje kva eg skal gjere med Karl.»

Etterpå gjekk Carina grinande langs vegen. Ho hiksta for kvart eit pinefullt steg ho tok. I kva slags sjuk kommuneverd vart dyktige tilsette fjerna med djevelsk list, medan dei som laga alle problema vart verande?

Den stygge, svarte Volvoen køyrde i ein fæla fart ut på hovudvegen akkurat då den grinande, gråhåra dama kom tuslande langs fortauet. No skulle det bli godt å kome heim – og heldigvis var det fredag!

**

Klokka var to om ettermiddagen denne lagnadstunge sommardagen. Karl hadde akkurat kome tilbake frå 13:30-oppdraget, dagens siste oppdrag. Carina var ikkje å sjå nokon stad – ho hadde nok avspasert sidan det var fredag. Tiril var heldigvis ikkje her heller, men ho skulka jo arbeid kvar gong han var på jobb. Han tok seg ein slurk kaffi. Sidan det var ein time igjen av arbeidstida, bestemte han seg for å lese litt i den nye pensumboka til det kurset Carina hadde nærast trygla han om å ta. Han følte seg djupt smigra – dette var perfekt for han, og han ville jo få same lønn og respekt som ein vernepleiar. Framtida såg like lys ut som denne vakre sommarettermiddagen.

Akkurat då fall det ein skugge i rommet. Den feite, skalla sjefen til Carina stod i døropninga. Han kom seg knapt gjennom døropninga. Lesebrillene kvilte oppå den nakne issen hans.

«Karl,» sa tjukken. Han heldt eit papir i neven. – «Vi har eit problem.»

«Jaso, kva slags problem?» spurde Karl.

«Skulen som du har gått på i to veker er ikkje godkjent av kommunen,» sa han. – «Du har ikkje rett på lønt permisjon om måndagane, då du går på skulen.»

«Verkeleg?» Han la hovudet på skakke. – «Seier kven?»

«Seier eg!» Tjukken gliste sleskt. – «Sidan du allereie har søkt på og fått godkjent permisjon kvar måndag, må eg gje deg dette. Men det vil vere ulønt permisjon. Difor, frå og med septemberløna, vil du bli trekt i løn sju timar kvar måndag.»

Karl la sakte ned boka. Han sa so:

«Greitt, då trekkjer eg tilbake søknaden min om lønt permisjon. Då kan eg heller gå over til seinvakt dei måndagane det er aktuelt. Eg går jo på skulen frå åtte til halv tre.»

Den ruvande branden med den endå meir ruvande vomma flirte nedlatande, før han sa:

«Nei, det fungerer ikkje slik, Karl. Du er på skulen kvar måndag, og det er ingen automatikk i at vi treng folk kvar einaste seinvakt måndag. Og trekkje tilbake permisjonen er ikkje lurt, for då blir det jo skoft kvar måndag. Det er gyldig grunn til å seie deg opp.»

«Javel? Seier kven

«Seier eg!» Mannen tårna seg framfor Karl som ei bølgje som truga med å kantre ein lovande karrierebåt. – «Du valde å byrje på eit kurs som kommunen ikkje godkjenner. Og sidan du òg valde å søkje om ulønt permisjon, so er vi jo ikkje vanskelegare enn at vi innvilgar deg det.»

«So det er umogleg å byte til seinvakt dei måndagane eg jobbar tidlegvakt?»

«Turnusen er den den er.»

«Men eg kan vel byte vakt til ein annan dag i veka, vel?»

«Igjen, det fungerer ikkje slik i denne etaten. Spesielt ikkje i denne avdelinga. Turnusen din er, etter krav frå deg, spesielt laga slik at du jobbar so lite som mogleg saman med Tiril. Ho skulkar jo kvar gong ho jobbar med deg, og dersom du då plutseleg dukkar opp på ei vakt med ho, må vi jo få inn ein vikar til for å dekkje hennar fråvær. Det er difor for deg heilt umogleg å byte vakter.»

«So, du står altso her og seier til meg at eg vil gå vesentleg ned i løn?»

«Korrekt.»

«Men eg tek jo ei utdanning som vil auke kompetansen min. Det er jo absolutt i arbeidsgjevars interesse å ha nokon som har spesialutdanning innan psykisk utviklingshemming.»

«Ja, og akkurat der ligg problemet. Vi har allereie slike spesialistar, og dei heiter vernepleiarar. Du har konsekvent nekta å studere vernepleie. Vi verken ønskjer eller treng alternative utdanningar med tvilsam terapeutisk verdi.»

«Pensumbøkene er jo identiske med dei til vernepleie!»

«Bøkene og det du lærer på kurset kan nok vere identisk med vernepleie, men sjølve utdanninga er det ikkje. Eit toårig deltidskurs er ikkje det same som eit treårig fulltidsstudium på høgskulen. Eg har som vernepleiar treårig høgskule. Det du har byrja på er i beste fall eit årsstudium.»

«Hmm, no skjøner eg ikkje heilt kva som skjer. Carina bad meg ta kurset. Ho sa at det ville gjere meg kvalifisert til å bli leiar.»

«Leiar? Du?» Han flirte rått, før han rista på hovudet. – «Nei, det skjer berre ikkje. Berre dei med treårig høgskule, primært vernepleiarar, kan bli leiarar i denne etaten. Og med det kurset blir du ikkje leiar. Ikkje i nærleiken. Ei heller blir du kvalifisert til ei leiarstilling.»

«Vernepleiarar er strengt teke ikkje kvalifisert for leiarstillingar heller. Du lærer ingenting om leiarskap i det studiet.»

«Å ja? Seier kven?» Han kvilte hendene på hoftene.

«Det seier læraren min Thorleif, ein tidlegare vernepleiar.»

Tjukken stod der med eit uleseleg ansiktsuttrykk. Han fann deretter fram eit stykke papir.

«Eg har snakka med HR-leiar Katinka Dahl i administrasjonen,» sa han. – «Ho og resten av oss vurderer konflikten mellom deg, Carina og Tiril som uløyseleg. Tiril erklærer seg ute av stand til å jobbe kvar gong du viser trynet ditt i bygningen, og sidan ho er ein vernepleiar, treng vi ho meir enn vi treng deg. Eg har fått nok av dette tullet. Nokon må gå, og Tiril kan ikkje rørast sidan ho har ein kronisk sjukdom og dermed sterkare stillingsvern. Fyrste september byrjar Carina å jobbe som miljøterapeut i Svelledalen bufellesskap. Naturlegvis skal eg og etatsdirektøren få tak i ein ny leiar til teamet, ein vernepleiar. Vi står for tida overfor ei omfattande omorganisering i etaten. For å vere ærleg, Karl, ser eg ikkje ditt ansikt oppi alt dette. Du har ikkje råd til å halde fram på teamet, sidan du, som alle andre, har eit bustadlån å betale.»

«Hmm, eg trur eg skjøner.»

«Og vi treng visseleg ikkje ein tilsett som sit på ræva og les i arbeidstida!» Mannen nikka bryskt på boka som låg på bordet.

«Eg kom nettopp tilbake frå dagens oppdrag. Og denne boka er ei pensumbok om utviklingshemming.»

«Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre.» Han landa ein arbeidsavtale på bordet. – «Frå og med fyrste september er det ledig ei 100%-stilling som helsefagarbeidar i Skuggedal bufellesskap. Det er eit årsvikariat med moglegheit for forlenging – dersom du held ut.»

«Oidå. Eg veit om den avdelinga. Eg har fått ein haug med skademeldingar frå verneombodet Dominika.»

«Kva? Kvifor har du fått dei?»

«Fordi eg er REVO – det overordna verneombodet i resultateininga…?» Han la hovudet lett på skakke. – «Eg er den som får skademeldingar frå dei andre verneomboda rundt om på avdelingane. Visste du ikkje det? Eg har vore REVO i eit år. Ein tidlegare kollega av meg frå ei anna avdeling anbefalte meg til hovudverneombodet. Ho sa eg var ein klok og særs intelligent mann.»

Den feite tosken bles i forakt. Deretter sa han med sitt sleske bollekjakesmil:

«Vel, då er eg sikker på at ein klok og særs intelligent mann ikkje vil ha nokon problem med å jobbe med og kommunisere med multihandikappa personar som manglar verbalt språk. Og eg er sikker på at du er klok nok til å skjøne at dersom du ikkje takkar ja til denne stillinga, vil du bli ‘ein klok og særs intelligent mann’ med eit hus som har blitt tvangsselt

Karl bleikna heilt til beinet:

«Har de verkeleg tenkt å gjere dette mot meg?»

«Visst faen! Éin ting må du skjøne, Karl Heldal. Du er ikkje so smart som du trur. Administrasjonen og spesielt HR-leiar Katinka Dahl, er mykje smartare, og dei veit å handtere slike som deg. Arrogante som dagen er lang.» Han bles nok ein gong i forakt. – «Og når du er ferdig med dette tullekurset, kva då? Det er opp til arbeidsgjevar å gje deg auke i lønn, og vi kjem definitivt ikkje til å gjere det. Ikkje med deg, som meldte kommunen til Arbeidstilsynet!»

«Kva om eg sluttar på kurset, då?»

Mannen såg ut som han skulle eksplodere. Han dundra neven i bordet so Karl nesten fall av stolen i sjokk:

«Karl, no har eg fått nok av denne ulydigheita di!!» Stemma hans song i veggane. – «Du kan ikkje snakke deg ut av dette!! Du skal ikkje under nokon omstende slutte på kurset, og du skal skrive under på den jævla arbeidsavtalen!!»

«Eg kan ikkje etter beste evne forstå logikken i alt dette! Fyrst ber Carina meg om å melde meg på kurset og søkje om betalt permisjon, sidan ho sa at eg hadde rett på det! So seier du at eg berre får ulønt permisjon! Og no seier du at eg ikkje kan slutte på kurset! Eg forstår ikkje kva som skjer!»

«Det er fordi du ikkje er ein vernepleiar!» sa spekkberget i djupaste triumf.

Karl vart ti år eldre i ansiktet. Hans hybris hadde fått han til å gå rett i fella. Han hadde tapt.

«Greitt…» Han sukka tungt. – «Eg skal skrive under.»

Tjukken tilbydde han ein kommunepenn, men Karl hadde allereie fire andre pennar som var langt overlegne i kvalitet. Han signerte kontrakten med sin eigen penn i ei siste handling av opposisjon mot makta. Den vakre handskrifta hans stod i skjerande kontrast til dei uleselege kråketærne til leiars leiar.

«Du vil naturlegvis ikkje lenger kunne vere REVO når du byter avdeling, sidan alle REVO-ar allereie må vere verneombod på si eiga avdeling,» sa mannen, liksom berre for å gni det inn. – «So frå og med fyrste september vil du vere ingenting anna enn ein helsefagarbeidar. Nøyaktig det vi storsinna har tilsett deg som.» Han såg på klokka på veggen. – «Du sluttar tre. Skriv rapport, so kan du tre av. På måndag har du ferie, men veka etter byrjar du i Skuggedal bufellesskap. God sommar.»

Utan å vente på svar, forlét fleskeberget kontoret i vaggande ganglag. Han kom seg sovidt gjennom døropninga.

2 comments

  1. Nei, dette tykkjar eg ikkje videre om. Håper dette er en frisk og freidig novelle, utan ekte aktørar frå verkelegheita.
    Men Vår Mann er verkeleg ute og siglar, no når Line og Tara Louise er på saka.

    Likt av 1 person

    • Rarare ting har skjedd i det norske arbeidslivet. Diverre, får ein seie. Inkompetent leiing og vondsinna tilsette er ein farleg kombinasjon som har øydelagt mange lovande karrierar.

      Likar

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar