To terapeutar, éin diagnose

Dette er del 4 av kortromanen «I dei kommunale skugganes dal».

Der var to terapeutar som møtte Karl då han kom inn på det solbada kontoret ei veke før jul. Ute hang sola lågt og skein frå ein skyfri himmel. Dei nåledekte trea var dekte i frost frå dei mange minusgradene. Karl tok av seg vinterjakka og hengde den sirleg opp på veggen. Desse to sinnekspertane, ein tilårskomen mann og ei ganske ung dame, handhelste på han.

«Eg heiter Elias,» sa mannen.

«Eg heiter Melissa,» sa dama.

«Karl,» sa Karl.

«Du kan setje deg der,» sa dama og peikte på ein stol ved eit lite bord der det stod ei øskje papirlommetørkle. Karl sette seg. – «Ja, Karl… Fastlegen din har sendt tilvising hit til deg på grunn av arbeidsrelatert utmatting og angst. Fortel oss litt om jobben din. Vi forstår det slik at du er helsefagarbeidar, og at du jobbar i Etat for tenester til utviklingshemma?»

«Det stemmer,» svarte Karl.

«Fortel oss litt meir om jobben din,» sa Melissa. – «Kva er det eigentleg du gjer?»

«Eg har jobba med psykisk utviklingshemma dei siste seks åra,» sa Karl. – «Tre av dei jobba eg på eit ambulerande team som reiste rundt til utviklinghemma som budde i private bustader. Altso ikkje på institusjon eller bufellesskap.»

«Ja… Fortel oss litt meir om dette teamet.» Melissa skreiv ivrig i boka si. – «Kva gjer du eigentleg med dei? Tilbyr du helsetenester slik som heimesjukepleia gjer? Eller er det meir slik at du vaskar, slik heimetenesta gjer?»

«Vel, det er ei blanding av alt mogleg. Fellesnemnaren er at alle bur heime, og at dei har diagnosen psykisk utviklingshemming. Dei har vedtaksbestemt hjelp, so og so mange timar i veka.»

«Hmm, so psykisk utviklingshemma kan bu heime hjå seg sjølv, altso?» spurde Elias med tilsynelatande interesse.

«Vel, dei mest høgtfungerande kan det,» sa Karl. – «Naturlegvis kan dei ikkje klare seg heilt åleine. Dei treng hjelp med visse dagleglivsaktivitetar. Vi – pleiarane – hjelper dei med alt frå husvask, handling, personleg økonomi og personleg hygiene. Teamet tilbyr tenester til utviklingshemma som er for høgtfungerande til å bu i bufellesskap, der bebuarane gjerne er langt meir kognitivt svekte enn dei sjølve.»

«Vi forstår,» sa Melissa. – «Og du brukte å arbeide på det teamet?»

«Det stemmer. Men sist haust vart eg omplassert mot min vilje til arbeid i ei avdeling kalla Skuggedal. Og det gjekk ikkje so bra der. Eg opplevde betydeleg vrangvilje frå kollegaene frå fyrste dag. Det var akkurat som om alle rotta seg saman mot meg so fort eg sette mine bein i det helvetesholet.»

«Eit helvetestol?» spurde Elias med heva augnebryn. Melissa noterte ivrig, om ikkje iherdig. – «Kan du presisere dette litt nærmare for oss? Det er jo sterke ord. Kva føler du er gale med den avdelinga?»

«For det fyrste har dei samla for mange krevjande bebuarar i ei og same avdeling.»

«Kva meiner du med krevjande?» spurde Elias.

«Multihandikappa unge menneske utan talespråk. Alvorleg hjerneskadde. Ein av dei har noko slikt som hundre alvorlege epilepsianfall i veka.»

«Hmm, det er då mykje,» sa Melissa.

«Visst er det det. Med sopass alvorlege hjerneskadar, er epilepsi nesten alltid til stade.»

«Vel, vi forstår både Melissa og eg at alvorleg epilepsi kan vere ei utfordring, sjølv for erfarent helsepersonell,» sa Elias.

«Ja, for ikkje å snakke om kor forferdeleg det må vere for den som lid av det,» sa Melissa.

«Eg vil påstå at personalet lid like mykje,» sa Karl. Elias og Melissa la hovuda sine på skakke med rynka panner. – «Eg meiner… Hundre epilepsianfall i veka. Vi snakkar 13-14 anfall per dag. Kvar einaste dag. Og det sjølv om han går på kraftige medisinar.»

«Og om han får anfall, korleis behandlar du det?» spurde Elias.

«Stesolid, administrert per rektum. Ofte treng vi opptil fem dosar for å stoppe anfallet.»

«Fem dosar Stesolid?» spurde Melissa med store auge. – «Er det eigentleg trygt?»

«Dersom vi må gje meir enn to dosar, ringjer vi AMK og får godkjenning frå vakthavande lege.»

«Han må ha ei eksepsjonelt aggressiv form for epilepsi,» sa Elisas. – «Vanlegvis fungerer antiepileptika. I det minste reduserer dei talet anfall.»

«Han er vanvitig hjerneskadd. Eg vil ikkje eingong vete kva som skjedde under fødselen. Dei må ha kasta babyen rundt i rommet som ein sprettball. Og han er berre éin av sju. Dei seks andre er minst like utfordrande.»

«Har alle sju alvorleg epilepsi?» spurde Elias med store auge.

«Nei, ikkje so alvorleg som Epilepsi-guten. Men alle krev omsorg og tilsyn døgnet rundt. Eg forstår det slik at dersom du snur ryggen til dei i eit sekund, vil hovuda deira eksplodere.»

«Er du ofte med den bebuaren som du kallar Epilepsi-guten?» spurde Melissa.

«Vanlegvis ikkje,» svarte Karl. – «Foreldra hans vegrar seg mot å late menn jobbe med han. Vanlegvis er det unge, ufaglærde damer som jobbar med han. Men sidan dei er ufaglærde, har dei ikkje lov til å administrere Stesolid. Difor ringde dei ofte på meg slik at eg kunne gjere det. Ingen andre ville det.»

«Ingen andre ville det?» gjentok Elias undrande. – «Var du den einaste der med autorisasjon og løyve til å delegere medisin?»

«Nei, eg meiner det bokstavleg tala. Ingen andre ville gjere det. Og eg fekk ikkje lov til å ta med meg bebuaren eg var med den vakta, so eg måtte forlate han eller ho.»

Elias og Melissa såg på kvarandre med rynka panner. Deretter vende dei seg mot han igjen.

«Du var med ein bebuar den og den vakta, ikkje sant?» spurde Elias. – «Det var ein-til-ein-bemanning?»

«Ja. Eg hadde berre ansvaret for éin bebuar per vakt. På teamet besøkte eg opptil femten brukarar på kvar vakt.»

«Og du kunne forlate den bebuaren for å hjelpe Epilepsi-guten?» spurde Melissa.

«Eg fekk kjeft for å gjere det, men anfalla var so valdsame at dei andre bebuarane vart redde, so eg kunne ikkje ta dei med meg dit heller. Eg fekk kjeft for å gå ifrå dei, og kjeft for å ta dei med meg, og på same tid gav ansvarsvakta meg ordre om å fare inn til Epilepsi-guten for å gje Stesolid.»

«Var ansvarsvakta den som hadde det overordna ansvaret for avdelinga?»

«Ja. Og det var alltid ein vernepleiar.»

«So ansvarsvakta hadde det overordna medisinske ansvaret òg, då?» spurde Melissa.

«Ja.»

«Kunne ikkje ansvarsvakta gje Stesolid, då? Kvifor var det alltid du som måtte gjere det?»

«Ho ville ikkje gjere det.»

«Ville ikkje?» Melissa smilte perplekst. – «Eg er ikkje heilt med her.» Ho såg på Elias.

«Nei, denne skjøner ikkje eg heller,» sa han. – «Ansvarsvakta, som har som ei av oppgåvene å administrere Stesolid, altso ein behovsmedisin, vil ikkje gjere det. So ho sender deg, ein helsefagarbeidar, for å gjere det, noko som tvingar deg til å gå ifrå bebuaren du har ansvaret for. Du får ordre om å gå ifrå bebuaren, og so får du reprimande når du følgjer ordre? Har eg tolka situasjonen riktig?»

«Ja, det har du, Elias. Det er ein slik situasjon der du er føkka same kva du gjer. Eg fekk kjeft når eg følgde ordren, og kjeft når eg ikkje følgde den. Eg fekk kjeft likevel. Kvar einaste vakt. Og dei som kjefta på meg må ha vore minst ti år yngre enn eg.»

«Ja, det høyrest verkeleg ikkje bra ut, og det har vi full forståing for,» sa Melissa.

«Og det var berre éin av mange ubehagelege situasjonar i det møkkaholet,» sa Karl. – «Eg har ikkje eingong byrja å snakke om Sprutefyren.»

«Sprutefyren?» spurde Elias.

«Ein som dreiv med tvangsprega onani, og som ejakulerte på deg so fort du fjerna bleia.»

«Hmm, eg visste ikkje at multihandikappa visste korleis ein onanerte,» sa Elias og gnei seg på haka. Melissa vart temmeleg raud i kjakane.

«Somme handlingar oppstår ut av instinkt, snarare enn kunnskap,» sa Karl. – «Sjefen min har vurdert det som eksepsjonelt utrygt for damer å vere med han, so berre menn blir sett på han. Det er han eg er mest med, og eg avskyr den fyren.»

«Avskyr du han?» spurde Melissa.

«Han er utruleg vanskeleg å jobbe med. Eg vart sendt til han utan at nokon hadde gidda å informere meg om denne uvanen hans. Foreldra hans vil at han skal gå med eit slags pappdeksel under bleia, slik at han ikkje får tilgang til kjønnsorganet sitt. Det er for å unngå sår og blemmer på grunn av all runkinga. Fylkesmannen har godkjent dette tvangsvedtaket.»

[Dette var ein del år sidan. Fylkesmann heiter i dag Statsforvaltar.]

«Åh, Fylkesmannen er jo den som gjer vedtak om bruk av tvang i helseføretak,» sa Melissa. Karl nikka. – «Det er situasjonsbestemt og skal berre brukast når det å ikkje bruke tvang vil føre til fare for liv og helse.» Ho såg intrigert på Elias. – «Eg visste ikkje at slike restriksjonar i det heile teke var naudsynt.»

«Alternativet er å late han onanere seg til blods,» sa Karl. Elias krympa seg. – «Du må minst ha fagbrev som helsefagarbeidar for å feste pappdekselet, so eg fekk nesten alltid ordre om å feste dekselet på han av ansvarsvakta.»

«Hmm, ansvarsvakta kunne ikkje gjere det sjølv?»

«Nei, ansvarsvakta ville ikkje det. Sjølv i dei tilfelle der ansvarsvakta var ein mann.»

«Veit du, Karl…» byrja Elias. – «Dette høyrest nesten ut som tenesteforsømming.» Melissa nikka einig.

«Det var vitterleg tenesteforsømming,» sa Karl. – «Ein gong glei Sprutefyren ut av dusjstolen under dusj. Han hadde spastiske bein på grunn av CP, so han sat i rullestol. Eg ringde på assistanse for å få han opp frå golvet. Ingen kom. Eg spurta ut i korridoren og ropte på hjelp. Etter langt om lenge kom det ein høggravid vernepleiar og sa at eg måtte ‘motivere’ han til å kome opp frå golvet. Fyren kan ikkje stå på beina. Altso måtte eg løfte han opp frå golvet med handemakt, og han er større enn eg er. Eg sprakk eit blodkar i auget og kasta opp etterpå.»

«Oisann!» utbraut Elias med store auge. Melissa sat der med hakeslepp. – «Kva følgjer fekk denne hendinga?»

«Eg klaga til verneombodet,» sa Karl. – «Ho kalla den gravide vernepleiaren inn til samtale med meg og ho sjølv. Vernepleiaren påstod at Sprutefyren ikkje låg på golvet, og at han sat i stolen. Ho skulda meg for å lyge. Eg skulda ho for å lyge.»

«Kva skjedde so?» spurde Melissa med ei lett skjelven stemme.

«Eg fekk munnleg påtale for å lyge,» svarte Karl. – «Eg vart òg fortalt at dei forventa at eg som erfaren helsefagarbeidar skulle handtere slike situasjonar åleine.»

«Det må ha kjenst særs urettferdig ut for deg,» sa Melissa i noko som såg ut som empati.

«Det var ein skandale. Heilt sidan eg byrja på den arbeidsplassen har eg blitt behandla særs respektlaust. Alle trur eg er dum, og eg kjenner meg dum òg.»

«Det er ikkje ein hyggjeleg situasjon,» sa Elias. – «Korleis er den arbeidsplassen samanlikna med andre stader du har arbeidd?»

«På teamet var eg djupt respektert, og eg hadde eit godt forhold til sjefen.»

«Og hadde du eit godt forhold til alle kollegaene dine òg?» spurde Elias.

«Alle, bortsett frå éi. Ein middelaldrande vernepleiar som byrja å fortelje løgner om meg til administrasjonen. Ho heiter Tiril. Ho terroriserte meg i tre år, og ho terroriserte sjefen Carina i minst ti år. Eg har grunn til å mistenkje at ho har ei personlegdomsforstyrring.»

«Hmm, det er ein drastisk ting å seie om nokon,» sa Elias. – «Kva får deg til å tru at ho har ei personlegdomsforstyrring?»

«Ho oppførde seg særs inkonsekvent. Ho var nesten overdrive hyggjeleg mot visse folk, men var ope fiendtleg overfor meg og Carina. Det var utruleg at dei andre kollegaene ikkje såg denne openbert inkongruente åtferda. Vel, ei av dei gjorde det. Ei dame ved namn Oddveig.»

«Fortel oss litt meir om denne Tiril,» sa Melissa. – «Kan du tenkje på nokon logiske grunnar til at ho hadde denne antagonistiske åtferda overfor deg og sjefen din?»

«Nei, eigentleg ikkje. Eg gjorde ho aldri noko gale. Det gjorde heller ikkje Carina. Eg meiner, eg er mykje meir intellektuell enn gjennomsnittspersonen, men at Tiril skulle hate meg so mykje…»

«Meir intellektuell?» spurde Melissa.

«Ja, eg har mastergrad i lingvistikk frå universitetet.»

«Gjer du?» spurde Melissa imponert. – «Kvifor jobbar du ikkje innan akademia?»

«Fordi det var fullstendig umogleg å finne jobb.»

«Vel, det er ikkje fullstendig umogleg,» sa Elias. – «Der finst jobbar.» Han veksla blikk med -Melissa. – «Fortel oss litt om deg sjølv. Er du gift? Har du barn?»

«Nei,» svarte Karl.

«Har du kjærast?» spurde Melissa.

«Nei.»

«Har du venner?» spurde Melissa.

«Nei.»

«Har du… ingen venner?» spurde Elias overraska.

«Nei, eg har ikkje prioritert venner. Eg har vore meir fokusert på utdanning og karriere.»

Elias og Melissa sat der og stira på han ei stund. So sa Elias:

«Veit du, Karl, det er svært uvanleg for ein mann å fokusere fullstendig på utdanning og karriere og fullstendig velje vekk vennskap. Kjenner du deg einsam?»

«Nei, aldri.» Karl trekte på skuldrene. – «Eg meiner, eg hadde venner då eg var yngre, men vi dreiv frå kvarandre. Det er særs vanskeleg å finne venner når du er over ein viss alder. Alle er so sinnssjukt opptekne. Eg føretrekkjer å vere åleine.»

«Har du nokon hobbyar?» spurde Melissa.

«Eg snakkar sju-åtte språk flytande,» sa Karl. – «Inkludert russisk.»

«Sju-åtte språk?» spurde Melissa med store auge. Elias var like storøygd. – «Vel, dei ferdigheitene er særs ettertrakta innan akademia. Du kunne jo ha vore språklærar.»

«Der var ingen lærarjobbar å søkje på.»

«Jammen, det er jo alltid masse lærarstillingar ledige!» utbraut Melissa.

«Vel, det finst kanskje jobbar, men dei er ikkje for meg. Den einaste grunnen til at eg jobbar i helsesektoren er fordi det var einaste staden eg fekk jobb. Eg sendte meir enn 200 jobbsøknader, men ingen tok nokosinne kontakt.»

«Hmm, har du teoriar om kvifor du aldri vart kontakta av nokon?» spurde Elias.

«Truleg berre uflaks. Der er jo so mange om beinet. Det er nesten eit lotteri.»

Elias og Melissa såg på kvarandre igjen.

«Det resonnementet kan du bruke når du får avslag på éin, fem eller kanskje ti jobbsøknader,» sa Elias. – «Å sende 200 jobbsøknader på jobbar du er kvalifisert for og ikkje få eit einaste svar… Det er ikkje uflaks eller ‘mange om beinet’. Det er ei konsekvent avvising. Korleis vil du skildre ein typisk jobbsøknad à la Karl?»

«Vel, eg fortel litt om meg sjølv. Eg skriv at eg er over snittet intellektuell, og at eg snakkar sju-åtte språk flytande. Eg skriv feilfritt, utan nokon skrive- eller punktsetjingsfeil.»

Melissa sine mellomstore puppar såg ut til å ese i det ho trekte pusten. Handa hennar skalv lett.

«Har du nokosinne blitt kalla arrogant av nokon?» spurde ho.

«Orsak?» spurde Karl.

«Har nokon nokosinne kalla deg arrogant?» spurde Melissa med ei lett skjelven stemme.

«Sjefen min Carina sa ein gong at ho var redd for intelligensen min,» sa Karl. – «Men so er eg jo sinnssjukt smart.»

«Du er openbert ikkje smart nok til å få ei akademisk stilling som du tydelegvis er kvalifisert for,» sa Elias. Karl såg på han med eit stygt blikk. Elias smilte avvæpnande. – «Eg prøver ikkje å fornærme deg. Ikkje på nokon måte. Og eg trur oppriktig at du er smart. Kanskje mykje smartare enn både Melissa og eg. Men, med tanke på det du har fortalt oss…» Han og Melissa såg på kvarandre, før dei vende seg mot Karl. – «… er du komfortabel med å bli testa for høgtfungerande autisme?»

«Eg er temmeleg sikker på at eg ikkje er autistisk,» sa Karl og kryssa armane over brystet.

«Har du det ryddig og fint i leilegheita?» spurde Elias.

«Eg har ikkje leilegheit. Eg har eit heilt hus, som eg arva frå foreldra mine.»

«Er foreldra dine døde?» spurde Melissa.

«Dei har flytta. Og ja, huset mitt er uklanderleg reint til ei kvar tid.»

«Har du noko gjeld?» spurde Elias.

«Eg måtte ta opp bustadlån for å pusse opp for å møte visse energikrav, og eg har eit studentlån. Men, bortsett frå det, kunne ikkje privatøkonomien min ha vore betre.»

«So huset ditt er plettfritt og økonomien din er fullstendig under kontroll,» sa Elias. – «Og du har ingen venner. Kor ofte møter du foreldra dine.»

«Aldri.»

«Møter du aldri foreldra dine?» spurde Melissa med store auge.

«Vi vart einige om at det var best at vi aldri møttest igjen.»

«Det er svært uvanleg!» utbraut Elias. – «Kva skjedde? Misbrukte dei deg då du var liten?»

«Nei, på ingen måte.»

«Det skal mykje til for at foreldra og barna aldri møter kvarandre igjen,» sa Melissa. – «Kva skjedde eigentleg?»

«Ingenting skjedde. Vi vart berre einige om å ikkje møtast meir.»

«Nei, det er kva venner gjer. Det er kva par som slår opp gjer. Det er aldri noko foreldra og barna deira gjer.» Melissa rista bestemt på hovudet.

«Karl, vi har lyst til å teste deg for Asperger,» sa Elias.

Kommenter innlegget