Fleire land åtvarar mot å reise til USA

Sjå òg «Ei sak har fleire sider: Innreisenekt til USA og skadefrygd på Uten Filter», publisert 27.juni 2025.

Det er ikkje berre berre å kome inn i USA. Å ha ein streng og i enkelte tilfelle vilkårleg immigrasjonspolitikk kan riktig nok halde kriminelle aktørar ute – men bakdelen er at lovlydige borgarar med reint rulleblad òg risikerer å bli nekta innreise, ofte på grunn av bagatellar. Fleire av USA sine næraste allierte åtvarar no sine landsmenn mot å reise til USA, melder Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice. Ho skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I årevis var det USA som kom med åtvarande reiseråd til borgarar som skulle over Atlanteren. Men rollene har overraskande blitt snudde. Ifølgje Yahoo har fleire land, inkludert langvarige allierte som Australia, Canada og Storbritannia no byrja å åtvare borgarane sine om å reise til USA.

MensJournal rapporterte: Australia oppdaterte reiseråda sine i juni, og åtvara om skytevåpenvald, borgarprotestar og uføreseieleg immigrasjonspoliti. Medan reiserådet deira framleis er på Nivå 1 (‘utvis normale tryggleiks-føre-var-tiltak’), oppmoda australske tenestepersonar reisande om å vere merksame i folketette område slik som kjøpesenter, kollektivreise-knutepunkt og offentlege møtepunkt. Dei åtvara òg om Visa Waiver-programmet, som slår fast at amerikanske styresmakter kan nekte folk innreise utan noka forklaring.

New Zealand heva si åtvaring til Nivå 2 på grunn av rapportar om borgarar som vart pågripne eller forseinka på grunn av avvik i reisedokumenta deira. Canada følgde i kjølvatnet og la til åtvaringar om valdskriminalitet og masseskytingar i storbyar inkludert Los Angeles, New York og Chicago. Kanadiske tenestepersonar sette òg søkjelys på narkotikahandel nær den amerikansk-meksikanske grensa som ei kjelde til aukande bekymring.

Europeiske land held ikkje tyst heller. Tyskland, Frankrike, Danmark og Finland kom alle med åtvaringar om nye amerikanske retningslinjer for kjønnsmarkering, som kan påverke reisande som bruker ‘X’ eller ikkje-binære kjønnsidentitetar. Sidan januar har innreise i enkelte tilfelle blitt nekta med mindre reisedokumenta samsvarer med det kjønnet personen hadde ved fødselen.

Storbritannia tok det eit steg lenger. Deira utanrikskontor åtvara at små dokumentfeil kan føre til pågriping eller utsending, og la vekt på kor mykje lovene varierer i ymse amerikanske delstatar.

Konsekvensane er allereie på overflata. Verdas reise- og turismeråd estimerer ein nedgang på 12,5 milliardar dollar i inntekter frå internasjonal turisme til USA i 2025, forårsaka delvis av desse åtvaringane. Det er eit alvorleg skot for baugen for byar som lit på besøkande frå heile verda for å fylle opp restaurantar, hotell og attraksjonar.»

Kommenter innlegget