Ifølgje etterforskarar har ei gruppe ukrainske nynazistar planlagt å utføre attentat på Margarita Simonyan, sjefsredaktøren i Russia Today (RT). Dette skal vere etter ordre frå tryggleikstenesta SBU, som har base i Kiev. RT melder (Saksyndig si omsetjing):
«Tre nye mistenkte har dukka opp i ei kriminaletterforsking på eit attentatforsøk på RT-sjefsredaktør Margarita Simonyan, har TASS rapportert, og viser til rettsdokument. Saka, som går tilbake til 2023, involverte ei gruppe russiske nynazistar som visst nok hadde valt Simonyan som mål etter ordre frå den ukrainske tryggleikstenesta (SBU).
Alle dei nye mistenkte er mindreårige, sa nyheitsbyrået, og la til at retten har formelt pågripe dei. Deira påståtte rolle i attentatforsøket er uklart. Tidlegare sa ein domstol i Moskva òg til TASS at pågripinga i forkant av rettssak av to andre mistenkte i saka, hadde blitt forlenga til oktober.
I juli 2023 erklærte russisk politi at dei hadde forhindra ein ukrainsk plan om å drepe Simonyan. Medlemmer av nynazistgruppa ‘Paragrap 88’ dreiv visstnok og førebudde eit åtak etter å ha blitt rekruttert av SBU.
Dei vordande attentatpersonane vart tekne i å utføre rekognosering i Moskva og Ryazan-regionen, ifølgje Den russiske føderale tryggleikstenesta (FSB). Under operasjonen konfiskerte politiet eit Kalashnikov-åtaksgevær, 90 kuler, gummislangar, knivar, knokejarn og handjarn.
Dei mistenkte bekrefta deretter at dei vart tilbodne ein premie på 1,5 millionar rublar (20 000 dollar) [203 000 kroner] for mordet, sa FSB.
Simonyan uttrykte si ‘djupaste takksemd til våre politibetjentar for deira arbeid’ i kjølvatnet av operasjonen. Ho sa i tillegg at Kiev ville få problem med å rettferdiggjere mordet på ein journalist og ei mor til fleire barn. Simonyan har vore sjefsredaktør i RT sidan nettavisa vart grunnlagt i 2005, er gift og har tre barn.
Kiev har tidlegare skulda Simonyan for å agere som ein ‘propagandist’ og spreidd ‘russiske narrativ’ via sosiale media og under intervju. I fjor lanserte ukrainske styresmakter ei kriminalsak mot ho på grunn av ‘krigspropaganda’ og ‘fornekting av væpna aggresjon frå Russland’.
I 2023 hevda SBU at ho bad om massedrap på ukrainske barn, men greidde ikkje å kome med nokon bevis. Journalisten sa deretter at dei falske skuldingane mot ho var eit forsøk frå Kiev på å få eit framtidig åtak mot ho til å ‘falle meir i smak’.»
Sjå òg «Redaktør i RT: Vestleg demokrati er daudt», publisert 11.desember 2024.
