Sjå òg «Kva har skjedd med Hemali?», publisert 7.juni 2025.
No ser det ut til at Hemali er oppe og går igjen, etter å ha lege nede i lengre tid. Per dags dato er det nyaste innlegget på sida frå 19.april 2025, og er dag 2 av podcasten «Tarmkroken». Dette er gode nyheiter for dei som trudde sida hadde gått av med døden, slik ein del andre sider har gjort.
Konstituert redaktør er framleis Anders Struksnes, som etter eiga utsegn har meir enn 35 års internasjonal erfaring innan helse og naturmiddelindustrien med forsking, kommersialisering og kommunikasjon. Han har fyrst og fremst vore «sentral i å bygge opp den digitale og kommersielle infrastrukturen i Hemali de siste 3 årene». Ulikt den førre og mest kjende redaktøren, Julia Schreiner Benito, er han derimot ikkje ein skrivande redaktør.
For dei som lurer på kva Julia driv med, so er ho no skribent i Helsemagasinet vitenskap og fornuft, som er drive av Stiftelsen vitenskap og fornuft. I tillegg til å publisere artiklar om helse, politikk og alternativbehandling, har dei òg sin eigen nettbutikk. Dei har i tillegg eit fagråd som består av 19 personar som anten generelt støttar verksemda, og/eller gjev faglege innspel til artiklar som bladet publiserer. Ansvarleg redaktør Dag Viljen Poleszynski har betydeleg lenger fartstid som redaktør og skribent enn Julia, som har gjort det utan tvil kloke valet å forlate Hemali og innta ei sosialt tryggare rolle.
I skrivande stund trur ikkje Saksyndig-redaktøren at Hemali har ei særleg interessant framtid. Eg satsar heller på sistnemnde blad, og abonnerer på det. Det ser ut til at Hemali har spelt si rolle, og har kome med mange viktige bidrag til debatten – sjølv om Hemali i likskap med andre alternativmedia har fått særs hard og stygg medfart av statskontrollerte nettroll på Facebook.
Hemali var eit bra nettmagasin under «pandemien». No… Andre medieformidlarar er langt meir interessante – og ikkje minst produktive. Som sagt, er det nyaste innlegget på Hemali frå april i år. Men vi veit aldri kva som kan dukke opp rundt neste sving. Om Hemali er ei søkkande skute, har i so fall Julia fått «hyre» på eit langt større og sikrare skip.
