Ukrainsk grensevakt har fått nok av Zelensky – hoppar av til Ungarn

Regimet i Ukraina ser ut til å stå for fall, ettersom stadig færre støttar den ikkje-legitime presidenten, den kokainavhengige, fallerte skodespelaren Volodymyr Zelensky. Mannen har sendt millionar av ukrainarar på flukt og fleire hundre tusen menn til den sikre død. Etter instruksar frå sine overordna i den supranasjonale djupstaten, har han sidan 2022 kjempa ein krig som er umogleg å vinne. Og han har ikkje tenkt å gje seg før siste ukrainar ligg død på slagmarka, for om han ikkje følgjer ordre til punkt og prikke, seier rykta at han då vil bli hengt i ein lyktestolpe i Kiev sentrum.

Om dette er sant eller ikkje, blir opp til ettertida å vurdere. Faktum er at Zelensky får stadig mindre støtte blant ukrainarar, mest av alt fordi han har ført dei bak lyset på ein måte som manglar sidestykke i landets historie. Denne mistilliten har spesifikt ført til at folk flyktar frå Ukraina og søkjer tilflukt i nabolanda. Spesifikt har ei grensevakt no hoppa av til Ungarn, noko Remix News melder. Dei skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein tilsett i Den ukrainske grensevakttenesta forlét posten sin og flykta mot Ungarn, og etterlét tenestevåpenet sitt, ifølgje den transkarpatiske journalisten Vitaly Hlahola sin Telegram-kanal.

Ifølgje hans informasjon, forlét den 29 år gamle sersjanten Vitalij Huga frå Unghvar sin post utan løyve nær den transkarpatiske grensemarkøren 336. Mannen forlét tenestevåpena sine, ei AK-74 åtaksrifle og ein Fort-12R-pistol, saman med ein skotsikker vest og anna utstyr på sin posisjon i skogen.

Like ved, i sjekkpunktfeltet, vart det funne spor som førde til Ungarn, der alle teikn peikte på at sersjanten hadde kryssa grensa ulovleg, ifølgje den ungarske nyheitsformidlaren Magyar Nemzet.

Tusenvis har kryssa grensa til Ungarn dei siste åra, der mange risikerer liva for å gjere det. Ofte bruker arbeidarar i området reint sjansespel for å raskt smette over grensa, heller enn å bli brukt som kanonføde til krigen aust i landet.

I eitt tilfelle skar ein sveisar som jobba på ei bru nær den transkarpatiske grensa eit hòl i brua og kraup gjennom metall-støttestrukturen til Ungarn på andre sida, i det som vart skildra som «eit vindauge til Europa».

Grensevakta rømde nesten på nøyaktig same tid som eit nytt lovverk vart innført, der det blir slått fast at alle menn som har fylt 17 år må bli registrert for militærteneste innan 31.juli. Ifølgje Chernihiv regionale verneplikts- og sosialstøttesenter, blir dataa etter registrering lagt inn i Det sameinte statlege registeret for vernepliktige og reservistar.

Senteret la vekt på at registrering ikkje er det same som å bli sendt til militærteneste. Spørsmålet er kor mange som vil ta denne forsikrande meldinga på alvor. Ukraina misser borgarar kvar dag i den meiningslause krigen, og der er press for å rekruttere yngre og yngre ukrainarar.

Alle som ikkje registrerer seg innan den spesifiserte fristen, må møte fysisk på distrikts- eller byrekrutteringssenteret.

Ukrainske menn i alderen 16 til 60 som er i utlandet må òg registrere seg.

Sidan byrjinga av 2025 har nesten 10 000 saker blitt oppretta i Ukraina på grunn av manglande betaling av bøter som blir påført folk for å bryte reglane for militærregistrering. Dette ligg nær talet på saker i heile 2023.»

One comment

Kommenter innlegget