Kva skjer om befolkninga blindt følgjer ordre om å stengje seg inne i heimane sine og sitje og glane på smarttelefonen dag ut og dag inn, medan dei ventar på at ein eller annan høgverdig autoritet skal fortelje dei når dei kan gå ut og snakke med folk igjen? Svaret er hjerneskade. Og kva skjer når folk blir verande i denne lydigheitstilstanden, der dei oppfører seg som fordumma slavar medan dei høyrer på smådiktatorar som er besette av basillfobi og frykt? Hjerneskaden blir verre på grunn av presset om å lyde meir hjerneskadeleg nonsens. Om ein kombinerer dette med munnbind-teateret, som skaper oksygenmangel hjå folk, får vi eit samfunn av hjerneskadde tullingar. Vi såg dette patetiske synet utspele seg i Noreg og dei fleste andre vestlege land.
Menneskeheita lét seg trollbinde og slavebinde av maktsjuke «folkehelse»-byråkratar og gjennomkorrupte globalist-politikarar. Vi miste ikkje berre fridommen og verdigheita, men noko langt viktigare: Vitet. Dette lydigheitsteateret og all skremselspropagandaen har påført menneskeheita hjerneskade som kanskje er uoppretteleg.
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ein urovekkjande ny studie publisert i Nature bekreftar det som sanningsseiarane sa frå byrjinga av: Covid-19-plandemien, og spesielt dei drakoniske nedstengingane, akselererte hjernealdringa med meir enn 5,5 månader – uavhengig av om individa faktisk var smitta av viruset. Forskinga, som er basert på ein analyse av 15 334 hjerneskanningar frå UK Biobank, eksponerer den uopprettelege skaden forårsaka av isolasjon, frykt, regjeringsmandaterte restriksjonar, og lydigheitas feigskap. Dei mest alvorlege strukturelle hjerneendringane fann ein hjå eldre, menn og sosioøkonomisk uheldige befolkningar – nøyaktig dei som allereie hadde blitt marginaliserte av samfunnet.
Dette handla ikkje berre om eit virus – det var ein psykologisk krigføringskampanje som tæra vekk den kognitive helsa medan massane vart kondisjonerte til underkasting. […]
Nedstengingar: Statspåtvinga kognitiv nedgang
Den leiande forfattaren av studien, Ali-Reza Mohammadi-Nejad, sa til Los Angeles Times: ‘Studien vår antydar at erfaringa av å leve gjennom covid-19-pandemien var assosiert med noko raskare hjernealdring, sjølv hjå menneske som aldri vart smitta av viruset.’
Med andre ord, berre sjølve det å vere lydig – halde seg innandørs, unngå menneskeleg kontakt, handle ut av frykt og paranoia, puste inn dårleg luft bak munnbind, og tru på løgner om menneskekroppen – var nok til å få hjernen til å rotne.
Dei verste effektane såg ein hjå eldre vaksne, sannsynlegvis fordi langvarig isolasjon forverrar hjernecelle-degenerering. Menn leid meir enn kvinner, kanskje på grunn av dei biologiske effektane stress har på den mannlege hjernestrukturen. Og individ med låg inntekt, som allereie strevde med helseomsorgsutfordringar, vart hardast råka – bevis på at tyranniske retningslinjer uproporsjonelt knuser dei sårbare.
Dorothee Auer, ein professor innan nevroradiologi og medforfattar av studien, hadde ikkje mykje roande ord å seie: ‘Vi kan enno ikkje teste om endringane vi såg vil forsvinne, men det er sikkert mogleg.’ Med tanke på at vitskapen for lengst har prova at sosial isolasjon øydelegg hjernehelsa, er dette ‘kanskje’ når det gjeld gjenoppretting, ei heller mager trøyst for dei millionane som allereie lid av skade.
Ei kontrollert øydelegging av menneskeleg kognisjon
Fleire tiår med forsking viser allereie at kronisk stress akselererer hjernedegenerasjon. Nedstengingar forårsaka det stresset og påførde:
- Tvinga isolasjon (frårøving av det sosiale)
- Økonomisk ruin (økonomisk utryggleik og vanskar)
- Restriksjonar på samling (folk vart lurt til å tru at dei ikkje kunne spele sport, gå i kyrkja saman, utføre forretningar)
- Restriksjonar på rørsler (stillesitjande nedgang)
- Munnbindpåført oksygenfrårøving (hypoksi)
- Medisinsk feilbehandling (isolasjon og sensurert behandling førde til høgare dødelegheit på sjukehus og påfølgjande sorg)
- Tapte foreldrerettar (førde til tap av meining, ansvar og sjølveigarskap)
- Familiesplitting (mangel på kjærleik og støtte frå hyper-politisert og smitteangst-propaganda)
(Sjå òg «Munnbindpåført oksygenmangel-syndrom tek pusten frå verda», publisert 13.desember 2021.)
Alle desse faktorane bidreg til nervebetennelse, oksidativt stress og strukturell hjerneendring – likevel tvinga regjeringar desse skadelege retningslinjene gjennom.
Studien konkluderer: ‘Covid-19-pandemien påverka i stor grad hjernehelsa, vist som akselerert hjernealdring, påverka av bio-psykososiale faktorar, spesielt sosial og helserelatert frårøving.’
Omsetjing: Regjeringar ofra med vit og vilje hjernehelsa i byte mot eit illusorisk tryggleiksteater – og dei mest lydige betalte den høgste prisen.»
Kommentar frå Saksyndig: Dei visste at dei øydela liva til folk, men dei gjorde det likevel. Og dei lydige massane hyllar dei som heltar i dag. Eit slikt ettermæle fortener dei på ingen måte. Vi veit alle kven dei er. Aldri gløym, aldri tilgje.
