Mann gjekk til pistolåtak på CDC – meinte covid-«vaksinen» hadde øydelagt helsa hans

Ein mann som meiner at covid-«vaksinen» øydela helsa hans, skaut mot CDC-tilknytte bygningar i den amerikanske byen Atlanta 8.august 2025. Ein politibetjent vart drepen i tumultane, og gjerningsmannen sjølv vart funnen død inne i eit apotek i nærleiken. Risikerer uvaksinerte og vaksinemotstandarar no å hamne på statlege overvakingslister? Det fryktar Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice. Han skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein mann som trudde at covid-vaksinen øydela helsa hans, opna eld mot CDC-bygningar i Atlanta i går, i det som styresmaktene seier er eit hemnåtak, før han vart funnen død inne på ein CVS [apotekkjede] i nærleiken.

Politibetjent David Rose (33) frå DeKalb fylke vart drepen då han rykte ut til åstaden. Han etterlèt ei gravid kone og to barn. Ingen sivile – inkludert 92 barn i CDC-barnehagen – vart skadde. Fleire kuler vart fyrte av mot CDC-fasilitetar, som knuste glas og tvinga tilsette til å stengje seg inne i det SWAT-team kom til staden.

Den offisielle historia? Skyttaren trudde han hadde blitt sjuk av ein covid-19-vaksine og ønskte å ta hemn over CDC. Politikjelder fortalde CNN at den mistenkte ‘trudde at han var sjuk på grunn av covid-vaksinen’.

Lat dette søkkje inn: ein mann påstår at sprøyta øydela helsa hans… og no driv media allereie og spinn heile hendinga om til eit vidare ‘anti-vaksine-ekstremisme’-narrativ, som er designa for å sverte alle som nekta å ta dei eksperimentelle covid-sprøytene.

Dette er nøyaktig den same speleboka dei brukte etter skyteepisoden på Comet Ping Pong i 2016 – ein einsleg pistolmann, ei sensasjonell historie, og plutseleg vart alle som stilte spørsmål om elite-mishandlingsnettverk framstilte som farlege konspirasjonsekstremistar.

Overskriftene er ikkje akkurat subtile: ‘Anti-vaksine-ekstremist går til åtak på CDC’, ‘Uvaksinert [!] pistolmann går til åtak på folkehelsebyrå’. [Når vart folk som vart skadde av covid-‘vaksinen’ uvaksinerte? Oms.komm.] Legg merke til at dei ikkje berre snakkar om ein mann – dei legg heile fundamentet klart til å sause alle vaksineskeptikarar, alle uvaksinerte menneske, saman i éin bås som potensielle trugslar.

Slik fungerer narrativkontroll: ta ei isolert hending, fjern alle nyansar, og bruk den til å rettferdiggjere å gjere til målskive millionar som ikkje har gjort noko gale.

Om du er einig med skyttaren sine val eller ikkje, er den ekte faren her propagandaen som kjem i kjølvatnet – å gjere dissens om til ‘innanlandsterrorisme’ over natta.

Fyrst stengde dei oss ned. So sensurerte dei oss. Og no framstiller dei oss som valdelege kriminelle. Kor lenge går det før ‘vaksinenekt’ gjer at du hamnar på statlege overvakingslister?»

3 comments

  1. «kollapse convid/kvakksine narrativet» så sheeple skal angripe restene av «helsevesen»

    All part of nwo end game agenda.

    For å ta oppmerksomhet vekk fra SMART grid depop og tech slavebinding.

    60 ghz mmw absorberer oksygen(vitenskapelig bevist!) Gjett symptonene på å ikke kunne absorbere oksygen i de røde blodcellene dine…?

    Convidkartet fulgte 5G rolloutkartet

    stop5g.cz

    Bitchute.com: 60 ghz + graphene oxide

    Pumpa full av superledermateriale i et meget mikrobølgerikt miljø…..?

    Hallo?

    Noen hjemme?!

    Ja, nå må dere ikke la rykter om megagenocide, matsystemsabotasje og verdenskrig forstyrre pedojakten!

    Likt av 1 person

  2. Også propa mot at dronefolket skal angripe sine egne varslere atter en gang, sånn de alltid gjør når psykopatsh!tshowet skur i ovnen for profitt.

    Likar

Legg att svar til fhadfheaf Avbryt svar