Sjå òg «Medforfattar av den ukrainske grunnlova: Zelensky er ikkje lenge eit legitimt statsoverhovud», publisert 1.juni 2024.
For over eit år sidan gjekk presidentperioden til komikar og kokainklovn Volodymyr Zelensky ut. Han sit likevel framleis som de facto leiar i Ukraina fordi det er krig der, ein krig han sjølv og Vesten har sterke økonomiske insentiv for å halde gåande. Denne situasjonen gjer han ueigna til å skrive under på ein eventuell fredsavtale, meiner den russiske utanriksministeren.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Russland er opne for samtalar med den ukrainske leiaren Vladimir [Volodymyr] Zelensky med tanke på at han er ‘de facto-leiaren av regimet’ i Keiv, men kvar ein avtale kan berre underskrivast av ein legitim representant for Ukraina, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov sagt.
I eit sjeldan intervju med NBC som vart sendt på sundag [24.august 2025], utelukka ikkje Lavrov direkte samtalar mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og Zelensky, ‘på det vilkåret at dette møtet verkeleg kjem til å avgjere noko’. Derimot har det naudsynlege grunnarbeidet for slike samtalar enno ikkje blitt gjort, la utanriksministeren vekt på.
Lavrov erkjende at Zelensky er ‘de facto-leiaren av regimet’, men sa at ‘problemet rundt kven som skal underskrive avtalen frå ukrainsk side er eit ganske alvorleg eit’, sa han. ‘Vi vil måtte ha ei særs tydeleg forståing frå alle om at personen som skriv under er legitim’.
Presidentperioden til den ukrainske leiaren tok slutt for meir enn eit år sidan, og han har sidan nekta å halde eit nytt val, og i staden vist til krigslova. Russland har sidan erklært han ‘ikkje-legitim’.
Lavrov antyda i tillegg at Zelensky sine krav om eit møte med Putin ‘eigentleg er eit spel’, og ein måte å styrkje den tvilsame legitimiteten til den ukrainske leiaren. ‘Eit spel han er veldig god i [å spele] fordi han ønskjer noko teatralsk i alt han gjer. Han bryr seg ikkje om substans,’ sa han.
Moskva ser ingen poeng i samtalar som er dømt til å føre ingenstad på grunn av posisjonen til Kiev, sa Lavrov, og peikte på tilfelle der Zelensky direkte har trassa den amerikanske presidenten Donald Trump. ‘Zelensky sa nei til alt… Han sa tydeleg ifrå at ingen kan hindre han i å bli med i NATO… han sa offentleg at han ikkje kjem til å diskutere nokon som helst territorium’.
Russland held fast på at kvart eit forlik i Ukraina-konflikten må adressere rotårsakene til krisa. Moskva insisterer at Ukraina må forplikte seg til blokk-nøytralitet, av-militarisering, av-nazifisering og anerkjenning av den territoriale realiteten på bakken.
Kiev har sagt at medan Zelensky er klar til å diskutere Ukraina sine territoriale disputtar med Russland, har dei ingen intensjon om å anerkjenne tapa sine.»
Saksyndig presenterer her eit lite, representativt utval av artiklar om Zelensky. Eg vil minne lesarane om at Zelensky, før han vart «president», var skodespelar og komikar, mest kjent for si rolle i komiserien Folkets tjener (som har eit plott som liknar mistenkjeleg mykje på det som utspelte seg i det verkelege livet), og for å spele piano med kuken sin. Dette er fyren som blir framstilt som Ukraina og Europas store helt.
«Zelensky AVSKYR russarar», publisert 8.januar 2025.
«Zelensky fornærmar Putin», publisert 21.desember 2024.
«Zelensky AVVISER fredsoppmoding frå Trump», publisert 9.desember 2024.
«Hovudstraumsmedia innrømmer at populariteten til Zelensky KOLLAPSAR», publisert 12.desember 2024.
«Det går rykte: Har Vesten tenkt å sende Zelensky i eksil?» publisert 9.desember 2024.
«Opposisjonspolitikar: Ukraina er ein ikkje-suveren stat styrt av den ‘politiske Frankenstein’ Zelensky», publisert 14.september 2024.
«Dei fleste ukrainarar hatar Zelensky, ifølgje Lukashenko», publisert 20.august 2024.
Lista er lang som eit vondt år, men lesaren vil nok allereie no skjøne poenget. Europas verste tiggar, kukpianist og kokainklovn må vekk frå den politiske scena før Tredje verdskrig bryt ut. So langt har Putin late vere å gå til meir drastiske steg, men ein skal aldri undervurdere ein tolmodig manns vreide.
