Hovudstraumsmedia innrømmer at populariteten til Zelensky KOLLAPSAR

Ramon Tomey i Natural News rapporterer:

Hovudstraumsmedia (MSM) har innrømt at populariteten til den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky har nådd eit botnpunkt, nesten tre år etter at den russisk-ukrainske konflikten braut ut i februar 2022.

Times of London avslørte den ampre stemninga mot komikaren som vart statsoverhovud i ein artikkel frå 29.november. Dei viste til ei meiningsundersøking gjort av det Kiev-baserte Social Monitoring Center (SMC) som spurde 1200 ukrainarar, og der resultata vart publiserte i slutten av førre månad.

Ifølgje spørjeundersøkinga føretrekte rundt 60% av dei ukrainske respondentane at Zelensky ikkje stilte til gjenval. Ynkelege 16% ville stemme på han om han skulle stille til gjenval.

Zelensky vart valt til president i 2019 etter at han vart massivt populær for hovudrolla i TV-serien Folkets tjener. Sjølv om hans femårige periode gjekk ut i mai, er han framleis de facto leiar i Ukraina sidan landet sette på vent vala sine til krigen mot Russland er over.

SMC-spørjeundersøkinga fann òg ut at general Valerii Zaluzhnyi, for tida Ukrainas ambassadør til Storbritannia, er den figuren i landet folk stoler mest på. 27% av respondentane uttrykte ønske om å stemme på den tidlegare sjefskommandøren for dei ukrainske væpna styrkane (AFU) dersom han stiller som presidentkandidat.

I februar sparka Zelensky Zaluzhnyi frå AFU etter at der visstnok var usemje om korleis krigen skulle handterast. Zaluzhnyi var ikkje derimot heilt sett ut av handling, sidan han seinare vart utpeikt til å tene som den ukrainske ambassadøren til Storbritannia i juli. (Relatert: Den tidlegare sjefskommandøren i Ukraina åtvarar soldatar under opptrening om å førebu seg på dei brutale realitetane til krig, inkludert å DØY.)

«Sjølv om han enno ikkje har uttrykt openlyst at han har politiske ambisjonar, har det at han [Zaluzhnyi] har blitt utpeikt til ei diplomatisk stilling i London av mange analytikarar blitt sett på som eit forsøk frå Zelensky på å stille han på sidelinja,» heldt The Times fram.

Den ukrainske lovgjevaren Oleksandra Ustinova sa til avisa: «Det er særs vanskeleg å vere ein populær president når du har hatt ein fullskala-krig i tre år. Folk er leie og nesten alle har nokon dei har mist. Det er ei diger utfordring for Zelensky.»

Kritikarar: Zelensky reagerte ikkje raskt og effektivt på krigstidsutfordringar

Ifølgje The Times, har Zelensky sine kritikarar skulda han for å mislykkast i å reagere raskt og effektivt på krigstidsutfordringar. Dei har òg kritisert han skarpt for å omringe seg med folk frå Kvartal 95 Studios, komiproduksjonsselskapet som Zelensky grunnla då han framleis jobba i underhaldningsindustrien. Blant personlegdommane frå Kvartal 95 som no tener i administrasjonen til Zelensky, finn vi Andriy Yermak, som for tida er stabssjefen på presidentens kontor.

Korrupsjonsskandalar i AFU har òg sverta biletet, la avisa til. Dei drakoniske militær-mobiliseringslovene i landet har òg bidrege til at populariteten til Zelensky har gått i dass. Men dei allereie ynkelege vurderingsresultata kan gå endå djupare ned i rennesteinen om han pressar på med USA sitt forslag om å lågne vernepliktsalderen.

Ein senior-tenesteperson i den avtroppande administrasjonen til president Joe Biden oppmoda Kiev om å lågne mobiliseringsalderen frå noverande 25 år til 18. Men Verkhovna Rada, det ukrainske parlamentet, må fyrst stemme for lågninga av vernepliktsalderen. Den vil fyrst bli iverksett når Zelensky godkjenner den.

«Å halde seg populær i dette landet er utruleg utfordrande, spesielt under ein vanskeleg krig,» sa den ukrainske journalisten og forfattaren Illia Ponomarenko. «Det er eit mønster vi har sett før.»

«Vi vel ein ny ‘frelsar’ av nasjonen som president med skyhøge godkjenningsratar. [Og so blir vi] raskt desillusjonerte og, i best tenkjelege tilfelle, sikrar deira rekordnederlag i det neste valet.»

Men Tyler Durden i ZeroHedge skreiv at «det ‘neste valet’ kan vere lenger unna enn nokosinne, sidan Zelensky høgst usannsynleg vil gje frå seg makta so lenge krigen mot Russland held fram.»

Han la til: «Medan det krigstrøytte USA og befolkninga i Europa for lengst har mist fascinasjonen sin for Zelensky,… er det mindre vanleg for MSM å innrømme at stjernemakta hans har fullstendig bleikna vekk.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig. Sjå òg dette klippet frå InfoWars, der Zelensky absurd nok hevdar at Ukraina kan vinne mot Russland utan hjelp frå USA.

Kommenter innlegget