Russia Today (RT) formidlar:
Over 300 personar har vorte etterforska i 2024 for å ha mogleggjort at dei som lurer seg unna verneplikta kan flykta frå Ukraina, har det statlege etterforskingsbyrået (SBI) i Kiev sagt.
Den ukrainske regjeringa senka vernepliktsalderen til 25 i vår, og prøvde å utvida rekruttutvalet for å fylla opp tapa på slagmarka i konflikten med Russland. Nyleg har Kievs støttespelarar i USA og Europa bede om ein reduksjon i vernepliktsalderen frå 25 til 18.
«I år opna SBI-offiserar 287 straffesaker på siktingar for ulovleg smugling av menneske over statsgrensa,» sa byrået tysdag.
SBI-agentar har dokumentert over 11 millionar hryvnia ($264 700) i bestikkingar betalt i samband med desse regelbrota, medan dei innrømmer at heile beløpet som skifta eigar «sannsynlegvis [er] mykje høgare».
Fleirtalet av personane som er involverte i ordningane har vore medisinske og innkallingsfunksjonærar og rettshandhevingsoffiserar, sa SBI. Dei bruker oftast falske medisinske diagnosar for å fjerna vernepliktskvalifiserte personar frå vernepliktslistene.
I dei siste månadene har korrupte mobiliseringstenestemenn byrja å krevja bestikkingar ved grensekontrollar, og dessutan ein auke i personlege eskortetenester og falske ekteskap, sa SBI, og tilskreiv dei nye forsøka til suksessen med undertrykkinga si av tidlegare ordningar.
Rapporten tysdag nemner berre personar som er mistenkte for å hjelpa ukrainarar med å unngå mobilisering ved å smugla dei til utlandet. Mellom januar og oktober i år vart rundt 60.000 personar sikta for desertering, ifølgje Financial Times. Det var meir enn dobbelt så mange i 2022 og 2023 til saman, noterte nyheitsformidlaren.
I samsvar med den endra mobiliseringslova frå april, må alle ukrainarar i alderen 18-60 bera kortet sitt og visa det til tryggingspersonell på førespurnad. Likevel er dei på 25 år eller yngre framleis teknisk unntekne å bli pressa til militærteneste.
USAs utanriksminister Antony Blinken argumenterte nyleg for å senka denne terskelen til 18, og hevda at Kiev treng personell på slagmarka.
Ukrainas Vladimir Zelensky utelukka dette i ei fråsegn tysdag, og sa at Vesten må fokusera på å senka Russlands militære potensial og ikkje våpenalderen i Ukraina.
«Me må fokusera på å utstyra eksisterande brigadar og trena personell til å bruka dette utstyret,» sa Zelensky. «Me må ikkje kompensera mangelen på utstyr og trening med unge soldatar.»
Kievs krav om ferske soldatar har utløyst framveksten av press-gjengar over heile landet, som har vorte spelte inn medan dei tvangshentar folk frå gata. Nokre ukrainarar har stått imot tvangsinnkallingane med makt, ettersom meir enn 260 angrep på vernepliktskøyretøy har vorte registrerte i år.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
