Hellas har innført ei lov som FENGSLAR asylsøkjarar som har fått endeleg avslag, men som ikkje forlèt landet

Sjå òg «Politiet og rettsvesenet skil mellom nordmenn og ‘nordfjordingar’ – må nordmenn byrje å ta lova i eigne hender?», publisert 1.september 2025.

Når nokon søkjer asyl i Noreg, kan to ting skje. Anten får personen opphald i landet og blir tildelt ein kommune, eller so får personen avslag og må forlate landet innan ein bestemt tidsfrist. Alle som blir i landet lenger enn den fristen, oppheld seg dermed ulovleg i landet. Det ideelle resultatet er at dei blir returnert til heimlandet, eller til det fyrste landet dei fekk opphald i, jamfør Dublin-konvensjonen. Asylsøkjaren kan klage på avgjerda, men får ikkje medhald i over 90% av tilfella; personen har ved avslag på klage dermed fått endeleg avslag. Prosessen blir kalla retur, friviljug eller ufriviljug, og det er Politiets utlendingsenhet (PU) som utfører den ufriviljuge returen – gjerne midt på natta, når dei er sikre på at den ulovlege innvandraren ligg og søv, som regel i asylmottaket vedkomande bur gratis i.

Slik skal returprosessen fungere i ei perfekt verd, men slik er det diverre ikkje, verken i Noreg eller andre europeiske land. Vi høyrer stadig historier i media om asylsøkjarar som har fått endeleg avslag, som gjer alvorlege lovbrot for å bli verande i landet; dei er framleis i landet, men i fengsel i staden for i asylmottak (og då er det jo framleis Staten, altso vi, som spanderer diett og opphald på dei). Saksyndig har i tillegg høyrt rykte om at enkelte med endeleg avslag blir verande i landet i årevis fordi dei kjenner «dei rette folka», og utfører tenester for dei mot at dei trenerer returen so lenge som mogleg. Desse rykta går riktig nok ikkje an å verifisere, men med tanke på all korrupsjonen som elles går føre seg i Noreg, er ikkje påstandane uhøyrte.

Hellas har no gått nye vegar for å handtere dette særs vanlege problemet. Onsdag 3.september 2025 vedtok dei ei lov i kjølvatnet av ein regelrett invasjon av innvandrarar på Kreta, og der flyktningar som blir i landet etter endeleg avslag, risikerer strenge straffer. Nettstaden The National Pulse rapporterer (Saksyndig si omsetjing; linkar er å finne i originalartikkelen):

«Det greske parlamentet har vedteke ei lov som påfører strenge straffer på innvandrarar som blir verande i landet etter at asylsøknaden deira har blitt avvist. Under dei nye reglane står asylsøkjarar som blir avvist og som ikkje forlèt landet innan 14 dagar, overfor fem års fengsel og bøter som tilsvarer 30 000 dollar [301 000 norske kroner]. Den greske staten vil òg byrje å bruke elektroniske fotlenker for å spore personar som står i venteliste for å bli returnert.

Lovverket er del av ein vidare kampanje av statsminister Kyriakos Mitsotakis sin administrasjon for å slå ned på ulovleg innvandring. I juli sette Hellas asylsøknader på vent i tre månader etter ein dramatisk auke i ankomstar, då meir enn 2600 innvandrarar gjekk i land på Kreta den fyrste veka åleine. Mitsotakis forsvarte trekket, og sa at det var naudsynt å sende eit tydeleg signal til menneskehandlarar om at ‘passasjen til Hellas er stengt’.

Migrasjonsminister Thanos Plevris støtta sterkt den nye lova, og forklarte: ‘Vi har dei som er vonbrotne, og so har vi dei som er bortskjemde, som trur at Europa skuldar dei noko.’

‘Vi må leggje vekt på friviljug retur, men der vil bli konsekvensar for dei som vel å ikkje vende tilbake til landa sine,’ la han til.

Ei anna betydeleg endring under den nye lova, er fjerninga av ein lenge gjeldande provisjon som lét ulovlege innvandrarar søkje om juridisk status etter sju års kontinuerleg opphald i Hellas. Styresmaktene seier at målet er å hindre misbruk av systemet og redusere insentiva for ulovleg innreise.

Tidlege teikn antydar at tiltaka allereie har hatt ein effekt. Innan slutten av august hadde ankomstar av innvandrarar til Kreta falle til rundt 500, ned frå over 2600 i byrjinga av juli. Kreta har blitt ei nøkkel-smuglarrute sidan andre EU-statar har innført strengare grensekontrollar.

‘Alle europeiske land forstår no at det er ikkje mogleg å ha opne grenser, det er ikkje mogleg å ønskje ulovlege innvandrarar velkomne med blomster,’ sa Plevris. ‘Der burde vere ein tydeleg bodskap om at land har grenser, (at) Europa har sprengt sin kapasitet og dermed ikkje vil ta imot fleire ulovlege innvandrarar.’

Hellas åtvara tidlegare om at pågåande konfliktar i Midtausten, spesielt i Gaza, kan føre til ei ny oppblomstring av innvandring til Europa.»

Kommenter innlegget