Storbritannia skal innkvartere ulovlege innvandrarar i militærbrakker etter folkeraseri mot innvandrarhotell

Tal frå Home Office, innanriksdepartementet i Storbritannia, viser at innkvartering av asylsøkjarar kostar skattebetalarane nesten seks millionar pund – 81,2 millionar kroner – per dag. Dette har naturlegvis vekt sterk indignasjon blant britar flest, og der har vore omfattande demonstrasjonar. Ikkje berre på grunn av det enorme pengesluket masseinnvandring utgjer, men på grunn av kriminaliteten knytt til enkelte innvandrarar. No har det britiske forsvarsministeriet løysinga: innkvartere heile gjengen i militærbrakker i staden for hotell.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Det britiske forsvarsministeriet planlegg å huse ulovlege innvandrarar i militærbrakker etter utbreidde protestar over regjeringa sin bruk av skattepengefinansierte hotell.

Demonstrasjonar braut ut i heile Storbritannia etter at ei 14 år gammal jente vart seksuelt overfallen i juli av ein innvandrar som var innkvartert i eit hotell i småbyen Epping.

Per juli månad var 45 000 asylsøkjarar innkvarterte i hotell, noko som kosta nesten seks millionar pund (8,1 millionar dollar) per dag – ei utgift som har skapt folkeraseri oppi den stadig verre finanskrisa i Storbritannia. På laurdag åleine [6.september 2025] kryssa meir enn 1000 innvandrarar Den engelske kanalen i småbåtar for å ta seg inn i landet, ifølgje Home Office.

‘Vi ser på den potensielle bruken av militære og ikkje-militære fasilitetar for mellombels innkvartering for folk som kom over til oss i desse småbåtane, som kanskje ikkje har rett til å vere her,’ sa forsvarsminister John Healey til Sky News sundag [7.september 2025].

Han la til at innvandrarar vil måtte bli ‘raskt prosessert’ for å avgjere om dei kan bli sendt ut av landet.

‘Eg ser på det med Home Office, og eg erkjenner at tapet av tillit i folket dei siste åra når det gjeld Storbritannia si evne til å kontrollere grensene sine, lyt gjerast noko med.’

Den britiske statsministeren Keir Starmer stokka om i kabinettet sitt laurdag [6.september], og utpeikte Shabana Mahmood som den nye innanriksministeren [engelsk Home secretary] etter å ha lovt å takle innvandrarhotellkrisa og flaumen av ulovlege innvandrarar. Ho har visstnok fått løyve til å slå ned på innstrøyminga.

Starmer har stått i ein storm av kritikk på grunn av krisa, som mange har sett som eit bevis på at Downing Street prioriterer rettane og tryggleiken til innvandrarar over dei til det britiske folket.

Popularitetsraten til Starmer har kollapsa på grunn av hans innvandringsståstad, so vel som måten han har handtert pakistanar-gjengvaldtektsskandalen. Nesten 70% av britane har ei ufordelaktig meining om Starmer, ifølgje ei spørjeundersøking gjort av YouGov førre månad.»

Kommenter innlegget