Etter mordet på Iryna Zarutska (23): Black Lives Matter påstår at undertrykte menneske har rett til å bruke vald

I kjølvatnet av det fælslege mordet på den 23 år gamle ukrainske flyktningen Iryna Zarutska på eit tog i den amerikanske byen Charlotte, har ein offisiell Black Lives Matter-konto strødd salt i såra på dei etterlatne, og på ukrainarar og kvite menneske generelt. Kontoen ser ikkje berre ut til å forsvare den svarte drapsmannen, den hevdar at undertrykte menneske har rett til å bruke vald.

Sjå òg « ‘Homofile’, ‘schizofrene’ Muhammad (31) laug til tyske styresmakter for å bli verande i landet etter avslag på asylsøknaden – myrda deretter 16 år gammal ukrainsk jente», publisert 9.september 2025. Saka har store likskapstrekk med togdrapet i USA.

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Iryna Zarutska vart tragisk drepen førre veke i det som styresmakter kallar eit ‘uprovosert åtak’ gjort av Decarlos Brown Jr. (34), som hadde blitt arrestert fleire gonger tidlegare og hadde fleire dommar over eit tiår, og som hadde blitt sleppt ut etter ein arrestasjon i januar.

BLM-innlegget på Instagram kom som respons på nyheitsreportasjar om mordet, og det stod å lese: ‘Vi har ein rett til vald. Alle undertrykte menneske har ein rett til vald. Og eg skal fortelje dykk noko. Det er som retten til å tisse. Du må ha rett stad, du må ha rett tid, du må ha rett situasjon. Og eg er absolutt overtyda om at dette er det.’

Folk er fly forbanna. Samanliknar dei vald med tissing? Å seie at undertrykte menneske ‘har ein rett til vald’? Kritikarar seier det er fullstendig uansvarleg. Å framstille vald i raserelatert terminologi vil skape endå meir splitting.

Jusekspertar seier at slike innlegg er farlege. Sjølv om det ‘berre er ord’, kan det å seie til millionar av følgjarar at vald er greitt, få alvorlege konsekvensar. Og akkurat no er spenningane allereie høge.

Støttespelarar av BLM prøver å forsvare det, og seier det berre handlar om frustrasjon knytt til urett, ikkje ei reell oppfordring om å skade nokon. Men folk flest kjøper ikkje det.

‘Desse folka er valdelege, farlege rasistar,’ sa sosialmedie-influenser Tim Poole. ‘Det inspirerer ikkje rettferd – det seier til folk at det er greitt å vere valdelege. Det er forskrudd,’ svarte ein X-brukar.

Sidan inga tydeleggjering frå BLM enno er komen, nører innlegget opp til raseri og debatt på nettet. Folk spør: når kryssar aktivisme linja og går over i vørdløyse? Og gjer denne forma for bodskap ting verre i staden for betre?»

På den lyse sida har Elon Musk lovt å bidra med éin million dollar til eit prosjekt som skal heidre den ukrainske jenta, melder iNyheter. Donald Trump sa like etter mordet at folk som Decarlos Brown Jr. må låsast inne. Når det gjeld sjølve hendinga, har fleire kommentert at det tok fleire minutt før dei andre passasjerane greip inn og forsøkte å hjelpe jenta.

3 comments

  1. Likar IKKJE!

    Men må kommentere galskapen til disse blm-undermenneskene, for da er det vel logisk nok at me har full rett til forsvar mot rabiate tullinger!
    Men at nokon ikkje torde gripe inn er forståeleg, iom at nødvergeretten er totalt uthola, hvertfall her til lands.

    Likt av 1 person

    • Det interessante (om noko ved kaldblodig mord er «interessant» i det heile) er at dette mordet har fått sopass stor merksemd i vestlege media som det har. Vanlegvis blir kriminalitet gjort mot kvite av farga dyssa ned og skjult etter alle kunstens reglar. Men ikkje i dette tilfellet. «Nokon» ønskjer å skape merksemd rundt akkurat dette mordet.

      Likt av 1 person

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar