Minnemarkering for Charlie og Iryna i Bergen gjennomført utan sabotasje frå våre fiendar

Sjå òg «Rabulisten-redaktør gjer det ingen andre nordmenn gjer: Arrangerer minnestund for to kvite drapsoffer», publisert 21.september 2025.

21.september 2025 fann det stad ei minnemarkering i Bergen for amerikanske Charlie Kirk og ukrainske Iryna Zarutska. Begge miste nyleg livet under dramatiske omstende; Kirk i eit påstått attentat, Zarutska etter at ein svart mann stakk ho ned på eit tog i den amerikanske byen Charlotte. Den fredelege markeringa i Vestlandshovudstaden fann stad utan kontrovers. Dette kjem som ei lette for dei av oss som hadde gode grunnar til å frykte det motsette.

Rabulisten-redaktør Tore Rasmussen og hans forlag Legatum stod bak markeringa. Rabulisten skriv same dag:

«Bergen fikk søndag sin egen minnemarkering for Charlie Kirk og Iryna Zarutska, to ofre for politisk og etnisk vold. Arrangementet ved Musikkpaviljongen ble gjennomført stille og verdig, og samlet omkring 100 deltakere over to timer.»

Dei skriv vidare:

«Til tross for at LO-tillitsvalgt Axel Fjeld i forkant hadde oppfordret folk til å møte opp og forstyrre samlingen, gikk markeringen rolig for seg. Fjeld valgte etter det Rabulisten erfarer, selv å ikke møte opp.»

Axel Fjeld, ein tillitsvalt i Norsk Jernbaneforbund, oppfordra i forkant av markeringa folk til å møte opp og forstyrre minnemarkeringa. Han skreiv på Blåsky:

«Til alle i Bergen! Fascisten Tore Rasmussen arrangerer samling for Charlie Kirk imorgen kl 12-14 ved Musikkpaviljongen i Byparken. Rasmussen har bakgrunn fra Vigrid og er utvist fra Storbritannia pga hans koblinger til fascistiske organisasjoner. Oppfordrer alle til å møte opp og vise avsky!»

I Rabulisten-artikkelen om Fjeld sin «aksjon» kjem nettavisa med tilsvar:

«I Fjelds innlegg påstås det at Rasmussen er «utvist fra Storbritannia». Dette stemmer ikke. Rasmussen besøkte London sommeren 2023. Han ble midlertidig nektet innreise i mai 2018, i en periode der han var bosatt i London og ledet ikke-voldelige patriotiske ungdomsorganisasjonen Generasjon Identitet i Storbritannia.

I et intervju med Lykten i 2022 utdypet Rasmussen konteksten. Han fortalte at organisasjonen satte søkelys på de pakistanske grooming-gjengene, inspirert av blant andre Tommy Robinson.»

Koplinga Rasmussen har til Vigrid er riktig, men det er over 20 år sidan han var med i organisasjonen.

Rabulisten skriv i ein annan artikkel at Alternativ Media i forkant av si eiga minnemarkering av Charlie Kirk i Oslo, vart utsett for åtak frå Raudt-politikar Sofia Rana. Ho oppfordra til motdemonstrasjon mot den planlagde minnemarkeringa. Ho sjølv har koplingar til Antifascistisk aksjon (AFA), og har i mange år vore ein motstandar av både Alternativ Media og Legatum Publishing. Minnemarkeringa til Alternativ Media fann stad etter planen, og utan «venstreekstrem mobilisering».

One comment

Legg att svar til Tjostrolf Avbryt svar