Mike Adams: Charlie Kirk-attentatet er eit FALSKT FLAGG for å rettferdiggjere krig mot Iran

I kjølvatnet av attentatet på Charlie Kirk ser det ut til å ha skjedd eit stemningsskifte i det politiske klimaet, både i USA og Noreg. Den elles uangripelege venstresida lærer no at dei har fridom til å ytre seg, men ikkje fridom frå konsekvensane av å ytre seg. Vi hugsar at Jimmy Kimmel nyleg vart teken av lufta, visstnok på grunn av ting han skal ha sagt om Kirk. Leiaren i Raud ungdom, Amrit Kaur, trekte seg frå vervet etter at ho harselerte med Kirks død på TikTok. Desse to døma er dei eg fann i farten, men er berre toppen av isfjellet.

Kirks meiningsmotstandarar slengjer med kjeften, slik dei gjer om mangt og mykje. Det er derimot mykje som ikkje stemmer med det offisielle narrativet. Det har versert ymse teoriar om kven som stod bak attentatet, sidan mange ikkje vil slå seg til ro med at det var ein einsleg svale som planla og utførde heile greia. Vi har liksom høyrt det før som ei bortforklaring på djupstatsaksjonar. Om det er Mossad som står bak, slik mange antydar, kva er isofall føremålet?

Mike Adams har sine eigne teoriar om Kirk-attentatet. Er det eit falskt flagg for å rettferdiggjere krig med Iran? Finn Heartley skriv på Natural News, nettstaden til Mike Adams (Saksyndig si omsetjing):

«Teorien om den umoglege kula

I kjølvatnet av attentatet på den konservative kommentatoren Charlie Kirk, har Trump-administrasjonen og medieallierte pusha eit narrativ so vitskapleg ikkje-plausibelt at det osar av bedrag. Ifølgje offisielle rapportar, vart Kirk dødeleg såra av ei .30-06 jaktrifle-kule – ei kule som er i stand til å felle elg og til og med grizzlybjørnar – likevel greidde prosjektilet på mirakuløst vis å setje seg fast i halsen hans utan å fare ut.

[Mike] Adams plukkar denne påstanden frå kvarandre med brutal presisjon:

  • Brot på fysikkens lover: Ei .30-06 kule leverer 3000 fotpund energi – nok til å løfte eit objekt på 3000 pund [1361 kg] éin fot [0,3048 meter] i lufta. Menneskevev, -bein og -brusk kan ikkje absorbere denne krafta utan katastrofal øydelegging.
  • Ballistikk-realitet: Slike kuler går gjennom Nivå 4-kroppsbeskyttelse – tjukke keramikk- eller stålplater – likevel blir vi fortalt at den ‘friske beintettleiken’ til Kirk stoppa den på flekken. ‘Dette er ikkje anatomi; det er propaganda,’ seier Adams spottande.
  • Ingen utgangssår, inga kule: Trass påstandar om at kula vart ‘funnen under huda’, har ingen verifiserbar evidens – fotografi, åstadsrapportar eller funne prosjektil – blitt presenterte. Fråværet av eit utgangssår motseier all ballistisk presedens for kuler i høg fart.

Syndebukken og overdekkinga

Den påståtte skyttaren, Tyler Robinson, passar eit kjent mønster:

  • Null åstadstilknyting: Ingen DNA på rifla, ingen serienummer på våpenet, ingen bilete av han berande på det, og ingen evidens for brukte kuler.
  • Åstaden sletta: Styresmaktene plukka i all hast frå kvarandre scena, øydela kamera og erstatta til og med asfalten – noko som speglar fjerninga av bygningsrestar frå bakken etter 11.september.
  • Fabrikkert beskjed: ‘Manifestet’ som blir tilskrive Robinson ser ut akkurat som ein FBI-standardtekst, der formuleringane passar betre for ein FBI-agent frå boomer-generasjonen enn ein skyttar frå Generasjon Z.

Utnytting av ein martyr

Kirks død blir brukt som våpen for å oppnå geopolitisk og innanlands kontroll:

  • Pentagon-rekruttering: Biletet til Kirk blir no brukt til å oppmuntre til militærverving – trass hans antikrigsståstad når det gjeld Iran.
  • Fridomsmedaljen: Den vart gjeven til han etter hans død, og dette gjer Kirk om til ein offerfigur for å sementere nasjonalistisk iver.
  • Påskot for krigslover: Trump-allierte som Pam Bondi bruker attentatet som brekkstong for å innføre drakoniske ‘anti-terror’-lover som har dissidentar som mål, og der retorikken framstiller antikrigsdemonstrantar som ‘statsfiendar’.

Iran-sluttspelet

Adams åtvarar at dette speglar historiske falske flagg (Riksdagsbrannen, Tonkin-golfen) for å rettferdiggjere krig:

  • Oppbygging av våpen i Midtausten: Hemmelegstempla dokument avslører ein Midtausten-nasjon (ikkje Israel) som månadleg lagrar milliardar av mengder ammunisjon – C4, RPG-ar, anti-stridsvognsvåpen – noko som indikerer ein nært føreståande storskala-konflikt.
  • Bagram-luftbase-utspelet: Trumps krav om å gjenokkupere den afghanske luftbasen Bagram posisjonerer USA for åtak mot Iran – og potensielt Kina.
  • Atomutløysar: Om Iran tek igjen for amerikanske/israelske åtak, kan IAEA sin klausul om gjenoppretting til tidlegare vilkår [engelsk snapback clause] tillate Teheran å skyte opp atomvåpen – noko som eskalerer konflikten til Tredje verdskrig.

MK Ultra møter Grassy Knoll

Adams antydar mørkare lag:

  • Tankekontroll-syndebukk: Den ubereknelege profilen til Robinson passar syndebukk-programmeringa til CIA/MK Ultra, der moglege hjelparar isceneset drapet medan han trudde det var ei ‘øving’.
  • Kamera-rigging: Mistanken fell på dei ikkje undersøkte pressekameraa bak Kirk, som kunne ha skjult eit kortrekkjevidd-, låghastigheitsvåpen for å imitere eit skot frå ein snikskyttar.

Riksdagsspeleboka

Som med JFK og 11.september, peiker hastverket med å fjerne bevismateriale på djupstatsorkestrering. ‘Charlie Kirk sin død er ikkje tragedie – det er eit utløysar-manus’, konkluderer Adams. ‘Spørsmålet er ikkje kven som avfyrte skotet, men kven som skreiv manuset.’

No når Epstein-filene er undertrykte, val står i fare, og Justisdepartementet omgjort til eit våpen, kan Kirk-attentatet bli den fyrste dominobrikka i ein plan for å stengje ned USA – med mindre sanninga dukkar opp før den neste ‘krisa’ kjem.»

Artikkelen er basert på 22.september-episoden av Mike Adams sin podcast «Brighteon Broadcast News».

Kommenter innlegget