I 17 år jobba eg i den norske helse- og omsorgssektoren, hovudsakleg som ein av få menn på arbeidsplassen. Noko eg la merke til, var at mine kvinnelege kollegaer ofte var vekke, og at kvinner med små barn var spesielt ofte vekke – anten på grunn av sjukdom hjå seg sjølv eller hjå barna. Dei hadde ofte spesialtilpassa turnusar der dei byrja seinare og slutta tidlegare (for å klaffe med levering og henting i barnehagen), og hadde færre kveldsvakter. Likevel kunne sjukefråværet på enkelte arbeidsplassar liggje oppunder 20%. Til samanlikning er sjukefråværet på min noverande, langt mindre kvinnedominerte arbeidsplass under 6%, og kvinnene står for mesteparten av fråværet.
Det er for meg openbert at arbeidslivet ikkje er laga for dei som har store plikter på fritida. Å oppdra barn må seiast å vere den største av alle «fritidsoppgåver». Kvinner slit seg ut fordi dei er dobbeltarbeidande: dei gjev 110% på fritida, og (om dei er verkeleg ukloke) 110% på jobben. Resultatet er utbrentheit og langtidssjukemelding, og dermed utfordringar og hovudbry for arbeidsgjevar med å dekkje inn personalmangelen.
Ein annan person som har trekt same konklusjon som eg, er småbarnsmor og tidlegare AP-politikar Ida Helene Rosenqvist. iNyheter skriv at ho «opplever at stadig flere kvinner i hennes omgangskrets sliter med utbrenthet og sykmeldinger. Selv kombinerer hun pendling og fulltidsjobb med ansvar for en toåring, og beskriver et arbeidsliv med for høye krav og lite fleksibilitet.»
Ho seier til VG at ho kjenner ingen med dårleg arbeidsmoral, og meiner at «problemet heller handler om at mange ikke tåler de høye forventningene i småbarnsperioden». Ifølgje VG viser tal at unge kvinner har langt høgare sjukefråvær enn menn – spesielt i alderen 30-34 år. Det er her verdt å merkje seg at dette gjeld både kvinner med og utan barn. Kva slit dei barnlause kvinnene ut på fritida?
Statsvitar og forfattar Unn Therese Omdal har eit forslag til løysing: Det norske arbeidslivet er framleis strukturert etter ein gammaldags modell, tilpassing er dermed naudsynt for å redusere sjukefråvær og sikre berekraft i samfunnet.
Utfordringa her er naturlegvis kor mykje ein skal tilpasse seg dei kvinnelege kollegaene som har valt å få barn. Skal denne særbehandlinga gå på kostnad av mannlege kollegaer? Eg ser føre meg at mennene på arbeidsplassen vil måtte jobbe mykje ekstraarbeid for å kompensere for den reduserte arbeidskapasiteten til sine kvinnelege kollegaer – og når dei kvinnelege kollegaene likevel blir langtidssjukemelde, kva gjer ein då?
Mi eiga personlege erfaring seier at tilrettelagt arbeid ikkje fungerer. Det skaper skeivfordeling av arbeidsoppgåver og i enkelte tilfelle driftsforstyrringar, i tillegg til å skape vond vilje hjå dei som arbeider utan tilrettelegging; dei vil før eller seinare sjå seg om etter ny jobb. Å vere småbarnsmor passar ikkje inn i eit arbeidsliv som stiller klare krav til tilstadevering og prestasjonar. Det er òg ein grunn til at kvinner i dag kan få foreldrepermisjon med 100% lønn i opptil eit år, nettopp for å kome seg nokolunde heilskinna gjennom det krevjande fyrste året til barnet. Om ho går ned til 80% lønn, kan ho vere i permisjon lenger. Om mannen enno ikkje har flykta frå heimen, kan han faktisk få pappapermisjon og vere med ungen når han eller ho har blitt større, slik at mor igjen kan vere i arbeid. Dette føreset naturlegvis ideelle omstende, som at helsa er perfekt hjå både mor og far.
Hadde vi levd i ei perfekt verd, hadde kvinna kunne brukt tida si på å ta seg av barna sine, i staden for å presse arbeidsgjevarar opp i eit hjørne med sine urimelege krav om tilrettelegging, særbehandling og puter under armane.
I gamle dagar var mor heime med barna og tok seg av huset. Far var ute og jobba dagen lang, og skaffa pengar til familien sin. Ei slik ordning ser ein berre unntaksvis i dag. Samfunnet er ikkje det same som det var på 1950-talet – for å underdrive kraftig. Arbeidstida i gamle dagar var lengre, og ein jobba seks dagar i veka i staden for fem. Det var ikkje forventa at far skulle ta seg av ungar i tillegg til å slite i ein ofte tung og farleg jobb. Det var heller ikkje forventa at mor skulle ut i arbeid – ikkje når ho hadde ein heil flokk med barn å ta seg av. Å vere husmor var i gamle dagar ein respektabel jobb. No blir slike kvinner behandla meir eller mindre med forakt. Tradwives blir dei kalla. Ein høyrde underleg nok aldri om kvinner som vart «utbrente» på den tida.
Det å kombinere barn med arbeid fungerer ikkje for alle – om det fungerer for nokon i det heile. Slik har samfunnet diverre blitt. Det er ikkje lenger nok med éi inntekt for å klare seg i kvardagen, og eg mistenkjer at denne situasjonen har blitt skapt med vilje for å øydeleggje kjernefamilien. Under slike forhold blir kvinner økonomisk tvinga til å føde færre barn, og stadig fleire ser ut til å velje å ikkje få barn i det heile.
Saksyndig har ikkje ei løysing på problemet med utbrente kvinner, høgt sjukefråvær og ein fødselsrate som på sikt vil utrydde det norske folket. Ikkje med mindre kvinner trekkjer tilbake til heimen og blir fødemaskiner, slik dei var før.
I kommentarfeltet til iNyheter-artikkelen finn ein som vanleg crème de la crème av visdom frå det norske folket. GP skriv:
«Folk må begynne å prioritere det som passer dem, om det er karriere eller kortere uke, og hvem i familien som skal stå på.
En sak er sikker og det er at hvis begge skal ha karriere så passer ikke barn inn i det.
Dessverre har det blitt vanskelig å greie seg for en familie på under to inntekter, det har våre politikere sørget for.
Problemet er også at noen er rimelig urealistiske til det virkelige liv, og at en bedrift ikke er et sosialkontor men er fullstendig avhengig av sine folk og å tjene penger, og sykefravær er ekstremt dyrt for en bedrift.»
invernes skriv:
«Småbarnsmødre skal være hjemme å passe barna og lage mat .»
The Blob skriv:
«En skulle tro kvinner er de eneste i verden. De krever tilpasninger på tilpasninger. De krever fordeler på fordeler. De krever at selve samfunnet skal innrettes på at kvinner får fortrinnsrett. Samtidig er det mange menn som har helt like og kanskje enda mer alvorlige utfordringer i arbeidslivet – noe disse fanatiske feministene gir fullstendig f**n i.
Kvinner dominerer parasittjobber i offentlig sektor. Og kvinner dominerer blant toppledere i etatene. Verken offentlig sektor eller toppledere i etatene evner å gjøre den jobben skattebetalerne forlanger. Likevel skriker disse j***a kjærringene om mer.
Hva med å gi dem mindre? MYE mindre.»
Sjå òg «Feminisme er eit avfolkingsproblem», publisert 8.november 2022, og «Åtvaring: Ikkje gift deg med ein feminist om du ønskjer barn», publisert 28.februar 2024.
