EGGstremistar på Møhlenpris

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Fjolsine Flatbanck og betjent Drægebø står harmdirrande med skjelvande underlepper og ser på politibilen sin. Medan dei gav Barnevernet bistand til å hente eit barn i ei kommunal leilegheit på Møhlenpris på nordsida av den penisforma sentrumshalvøya i Bergen, har nokon kasta egg utover heile frontruta og panseret. Dei folketomme gatene og det lette yret er dårlege vitne. Fjolsine klør seg i hovudet so hestehalen lear lett på seg. Drægebø kviler hendene på hoftene med bøygd nakke og eit morskt ansiktsuttrykk.

«Faen, kven kan ha gjort dette?» spør hestehaleblondina med ei hås røyst.

«Truleg nokre ungdommar,» svarer Drægebø.

«Ungdommar? Klokka er elleve om føremiddagen! Dei fleste burde jo vere på skulen no.»

«Ja, stikkordet her er burde. Hugs kor vi er.»

Ut av ein Bunnpris-butikk på hjørnet kjem tre hijabdamer med fulle berenett og fulle sekkehjul (sekkar med hjul på, som kan trillast). Dei skravlar i veg på eit MENA-språk som forbyr vestleg forståing. Med det same dei ser politibetjentane, snur dei på hælane og trippar i veg nedover gata i ein fæla fart.

«Dei fekk det grådig travelt,» seier Drægebø. «Kan det ha vore dei?»

«Dei har nok ikkje opphaldsløyva i orden,» svarer Fjolsine og trekkjer på skuldrene. «Ikkje alle som får endeleg avslag vil ut av landet.»

«Nei, kven vil vel tilbake til desse utbomba, utarma ørkenlanda?» Han kastar eit nytt blikk på den tilgriste bilen. «Kva gjer vi med patruljebilen?»

«Stikk innom Bunnpris og kjøp vaskemiddel og nokre klutar. Vi blir til latter om vi viser oss i ein grisete patruljebil.»

Snart marsjerer Drægebø av garde, komisk rak i ryggen og med ei like komisk brysk mine i det skjeggete, firskorne ansiktet. Tilbake står Fjolsine i yret. Den barmfagre bysten eser lett i det ho hiv etter pusten, og ho står der og vrir på seg i veksande ubehag. Ho kastar eit raskt blikk over skuldra. Politidame-instinktet hennar seier ho at nokon stirar på ho. Kan det vere gjerningsmennene – eller, i dette tilfellet, gjerningsgutane?

Ho høyrer raske steg i asfalten, og ser nokre skrattande, melanin-rike skapningar forsvinne bak eit hushjørne. Drægebø er framleis inne på Bunnpris-butikken, og ho kan ikkje setje etter dei åleine. Tenestevåpenet heng i beltet, ivrig etter å skyte fyrst og spørje etterpå – iallfall på Møhlenpris, der det bur fullt av narkomane, «papirlause» innvandrarar og hardbarka kriminelle!

Brått landar det eit egg på asfalten like ved sida av ho. Blondina skrik og sprett til side, før ho trekkjer tenestevåpenet og siktar oppover. Ingen vindauge er opne, og det er minst tretti av dei der dette egget kunne ha kome frå. Med ville auge søkjer ho tilflukt inne i bilen, der ho med skjelvande hender plukkar opp sambandstelefonen.

«Hallo?» svarer Drægebø. «Eg står i kø i kassa. Masse MENA-damer framfor meg. Dei har omtrent kjøpt halve butikken kvar.»

«Drit i varene og kom til bilen!» seier Fjolsine med ei skjelven stemme. «V-vi må vekk herifrå med éin gong! Det er ikkje trygt her! Eg har blitt bombardert med egg!»

«Seriøst?» Stemma hans går opp eit toneleie.

«Ja, eg er seriøs som faen!» Stemma hennar går i fistel. Eit egg landar brått på frontruta, og Fjolsine hyler der ho rykkjer til i setet.

Sekundet etter kjem Drægebø styrtande ut av butikken med tenestevåpenet i handa. Fire storøygde hijab-damer glaner etter han frå døropninga. Han tek dei hundre meterane frå butikken bort til bilen i eit titals steg, og akkurat i det han opnar døra og hiv seg inn, landar eit nytt egg på frontruta.

«Dette er reine krigssona!» utbryt han. «Vi må vekk før vi blir eit offer for desse—for desse eggstremistane!»

«Pliiis, Drægebø, ikkje kleine vitsar no!» Fjolsine startar bilen og køyrer derifrå med skrikande dekk. Vindaugsviskarane jobbar hardt med å fjerne alt eggsølet.

«Kleine vitsar…?» mumlar Drægebø ein smule paff.

«Møhlenpris har blitt akkurat som dei forstadene i Sverige der politiet ikkje vågar å rykkje ut!» seier Fjolsine i det ho blinkar seg inn på Puddefjordsbroen og køyrer i retning Gyldenpris. «Heile området har blitt ei no go-sone!»

«Burde vi sende ein patrulje med spesialpoliti dit?»

«Anten det eller… eller Mattilsynet! Dette er heilt klart sløsing med egg i våre tider med stadig eggmangel!»

«Innbyggjarane på Møhlenpris må vere særs misfornøgde med jobben vi gjer.» Drægebø gnir seg på den skjeggete haka. «Eller, rettare sagt, jobben vi ikkje gjer.»

«Har du tenkt å gå på Politiforum og klage ‘anonymt’ igjen?» Ho sender han eit skarpt blikk i det dei køyrer av brua og endar opp i ei busslomme. «Eg veit godt kven som stadig fortel om ‘pinlege episodar’ i Bergenspolitiet! Eg kjenner igjen skrivestilen din, og ikkje minst alle skrivefeila og teiknsetjingsfeila!»

«Skrivefeila…?» mumlar han ein smule paff.

Fjolsine går ut av bilen, opnar bagasjerommet og finn fram eit lite arsenal av spray, i tillegg til ein papirrull frå Biltema. Drægebø rekk akkurat å gå ut av bilen før Fjolsine byrjar å spraye frontruta. Ho slengjer bryskt rullen til han, og han må pent hjelpe ho å vaske alt eggeklinet av frontruta og resten av bilen.

Ut av ei høgblokk i nærleiken kjem ein velkledd forretningsmann med gråstenk i tinningane og Rolex-klokke. Han lukkar buksesmekken med eit tilfreds flir i ansiktet. Då han ser dei to politibetjentane berre eit steinkast frå han, frys han til med store auge, før han snur på hælen og styrtar ned fortauet til ei sidegate.

Ut av eit hus på andre sida av vegen kjem ein neger i svart hettegenser og saggebukser, berande på ein kvit plastpose. Den eine bukselomma buler av noko som heilt klart er eit handvåpen. Han ser dei to politibetjentane og mumlar «shit!» – med auga i hårgarden beinar han oppover bakken; fyren forsvinn so fort at hettegenseren har problem med å halde følgje med han.

Ut av ein undergang like i nærleiken kjem ei blodig, skamfaren tenåringsblondine som hulkar høglytt. Ho ser politibetjentane, som begge står med ryggen til ho, og skal til å rope på hjelp – men tre par sjokoladebrune hender trekkjer ho hardt og brutalt inn i undergangen igjen.

Omsider er bilen nokolunde plettfri. Alt det eggetilgriste papiret blir kasta i næraste søppeldunk, som er breiddfull og stinkande.

«Vel, dett var dett,» seier Fjolsine. «Dette er diverre den mest føremålstenlege jobben vi har gjort i dag.»

«Hmm, kva oppdraget som vi hadde i den kommunale leilegheita på Møhlenpris?» spør Drægebø.

«Lat oss ikkje snakke om det no.» Ho blir raud i kjakane. «Greitt, vi tek lunsj. Du køyrer, eg er altfor sliten til å køyre sjølv.»

«Som du vil,» seier han med eit skuldertrekk.

Akkurat i det dei skal til å opne bildørene, blir dei begge trefte av to store klattar måseskit. Over dei fyk ein måse og gneldrar nærast i skadefrygd og triumf.

«Til og med måsane!» utbryt Fjolsine og trampar foten i bakken. «Til og med måsane!!» Ho hyttar med neven mot den freda fuglen.

Den frustrerte hestehalen og det oppgjevne skjegget forsvinn ned gata i ein politibil som no er tilgrist av måseskit.

Kommenter innlegget