Sjå òg «Vaginokratiet: Den øydeleggjande feminiseringa av samfunnet», publisert 7.november 2025.
Det har skjedd ei dramatisk endring i kjønnsrollene våre i dagens samfunn. Menn og kvinner har hatt ulike roller som saman har utfylt kvarandre på ein nærast guddomleg perfekt måte. At menn er frå Mars og kvinner frå Venus er ikkje berre ei poetisk utsegn, men ein god metafor på kor ulike kjønna eigentleg er. I den perfekte arbeidsfordelinga gjer kvar deltakar den oppgåva han eller ho er flinkast til, og resultatet blir på alle måtar vellykka.
I vårt moderne samfunn er dette diverre ikkje slik. På bakgrunn av konsept som «likestilling» og «gå ut av komfortsona» finn stadig fleire menneske seg i situasjonar som dei ikkje har føresetnader for å handtere, med til tider katastrofale følgjer. Moderat kjønnskvotering plasserer kvinner i leiarstillingar med ansvar og arbeidsmengd som mange av dei openbert ikkje meistrar, og omvendt blir menn plassert i omsorgsstillingar der dei møter utfordringar som ei kvinne kunne ha løyst langt betre. Dette fører til frustrasjon hjå begge kjønn.
26.oktober 2025 vart det publisert ein artikkel av samfunnsdebattant Dag Myhre på nettstaden Lykten, der han skriv om dei uheldige endringane i kjønnsrollene. Noreg skal no vere nede i under 1,4 barn per kvinne – og det krevst minst 2,1 barn per kvinne for å halde sivilisasjonen ved like. Resultatet blir, som Myhre skriv, «at populasjonen blir eldre og eldre, og at færre og færre unge i produktiv alder må forsørge flere og flere gamle.»
Den fallande fødselsraten hjå norske kvinner er ei av mange årsaker til at vi snakkar om ei eldrebølgje som samfunnet i nær framtid ikkje vil kunne handtere. Det finst ikkje nok «varme hender» til å ta seg av dei eldre – og den norske helsesektoren blir, som eg har skrive ved fleire høve tidlegare, mindre norsk for kvart år som går.
Sjå òg «Urovekkjande trend: Det blir stadig fleire utlendingar og stadig færre nordmenn i helse og omsorg», publisert 2.juni 2023.
Medan fødselsraten stuper i Vesten, er den framleis høg i Afrika sør for Sahara, spesielt i Nigeria, som med sine 180 millionar innbyggjarar er venta å bli verdas tredje mest folkerike land i 2100 med utrulege 700 millionar. Kva er skilnaden på Noreg og Nigeria? Nigerianarane ser ut til å framleis ha tradisjonelle kjønnsroller, der kvinner er heime med barna, medan mennene er ute og skaffar inntekt til (den stadig større) familien. Iveren etter å auke folketalet tek dei med seg til Vesten, med det resultatet at det i løpet av nokre generasjonar kan skje ei utskifting av befolkninga i vertslandet. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori, dette er rein matematikk. Om ei norsk kvinne føder 1,4 barn og ei nigeriansk kvinne føder 8 barn, seier det seg sjølv kven som blir i fleirtal 30 år frå no av.
Kva har skjedd i Noreg og resten av Vesten? Vi har noko som Nigeria ikkje har nemneverdig mykje av: Karrierekvinner ®. Som Myhre skriv:
«Når kvinner blir like opptatt som menn av karriere, blir det ikke mye tid og krefter igjen til familie og barn. På sikt har dette rammet samfunnet gjennom familie-oppløsninger, barn som ikke fikk den omsorgen og starten i livet de skulle hatt, og en reduksjon av kvalitet i yrker og næringer — fordi kjønnskampen i det offentlige har blitt så hard med kvotering av kvinner inn i de fleste yrker. Kvotering betyr i praksis at underkvalifiserte kvinner går foran menn med bedre kvalifikasjoner.»
Dette blir kombinert med at unge menn blir stadig meir usikre på rolla si som mann, og at karrierekvinner ® ønskjer seg menn som tener meir enn dei sjølve (i tillegg til at dei «må» vere høgare, eldre og betre utdanna). Dei ser på seg sjølve som øvste sjikt, og vil ha partnarar på same eller høgare nivå som seg sjølve. Slike menn veks ikkje på tre – ein kan spekulere i om slike kvinner nokosinne finn seg ein mann som er bra nok for dei i deira auge. Og resultatet? Dei utset det å finne ein partnar so lenge – både på grunn av karrieren og kresenheita – at når dei fyrst finn ein mann som er «god nok», har det biologiske toget gått.
Ein kvar mann med sjølvrespekt vil nok vegre seg for å inngå eit forhold med ei smådesperat, 35-årig karrierekvinne ® som ønskjer seg barn før det er for seint. Han vil heller ha ei yngre dame, både fordi det er langt tryggare for ei 25 år gammal dame å bere fram ein frisk unge, og fordi yngre kvinner som ikkje er besett av karriere og kjønnskamp gjerne er litt meir triveleg å vere saman med. Enkelte menn vel fullstendig vekk norske kvinner og vender blikket mot utlandet.
Som Myhre skriv vidare:
«Det er jo sannsynligvis forbundet med dødsstraff i dagens kulturelle klima å si det: men mye tyder på at kvinnekampen, feminismen, den såkalte likestillingen — er en nemesis som truer med å ødelegge våre samfunn og hele vår sivilisasjon. Mest sannsynlig ved at en annen kultur som ikke har samme holdninger om kjønnskampen, vil ta over.»
Og her kjem land som Nigeria, Thailand, Filippinane og Aust-Europa inn i biletet. Spesielt austeuropeiske kvinner blir høgt ettertrakta av vestlege menn fordi dei framleis har tradisjonelle verdiar og oppfører seg på ein verdig måte. Kvinner frå nemnde nasjonar er ikkje opptekne av å framheve seg sjølve og gjere suksess i arbeidslivet for ein kvar pris. Dei er vakre, jordnære, pragmatiske og emosjonelt stabile. Thailandske og filippinske kvinner er glimrande omsorgspersonar og passar perfekt på sjukeheimar, der dei glir lett inn og blir del av sjølve omsorgsinfrastrukturen til avdelingane. Mange austeuropeiske kvinner er i tillegg høgt utdanna og særs intelligente, noko det vestlege arbeidslivet diverre berre unntaksvis utnyttar.
(For å ta ein liten digresjon: Den perfekte sjukeheimen i mine auge, om det norske folket verkeleg skulle forsvinne, består av austeuropeiske kvinner i leiinga og som sjukepleiarar, filippinske kvinner som helsefagarbeidarar, og nigerianske kvinner som pleieassistentar og reinhaldsarbeidarar. Alle gjer det dei kan best, og resultatet er glimrande, om ikkje fenomenalt.)
Nordmenn og andre vestlege folkeslag er absolutt i faresona for å bli skifta ut fordi dei ikkje føder nok barn. Men slaget er ikkje tapt enno. Det norske folket har framleis sjansen til å forkaste den noverande samfunnsordenen. Norske menn har fridom til å velje seg koner frå andre, meir menneskevennlege kulturar, og norske kvinner har all rett til å gå tilbake til husmorrolla – altso bli meir like dei kvinnene som norske menn no reiser tusenvis av mil for å få tak i. Og i motsetnad til mange norske kvinner, so likar utanlandske kvinner sex!
Karrierekvinnene ® vil døy barnlause – etter eige ønske – og etter kvart bli ei ubetydeleg fotnote i historia som nok vil vekke undring om nokre tiår – omtrent slik som lobotomi-turneane til Walter Freeman i USA og Canada tilbake på 1950- og 60-talet. Det redselsfulle, samfunnsøydeleggjande sosiale eksperimentet som feminismen er, må avviklast so snart som mogleg medan vi framleis kan. Om ti år kan det vere for seint.
