Når lojalitet til arbeidsgjevar tek livet av pasientane

På sjukeheimar finst det som regel to typar avdelingar, korttid og langtid. Sjukeheim og død er nært knytt, sidan sjølve målgruppa er på slutten av livet. Til dømes vil alle bebuarar på langtidsavdelingar før eller seinare døy – overlevingsraten på ei langtidsavdeling vil i det lange løp dermed liggje på null. Enkelte korttidsavdelingar, som på papiret berre skal vere ein mellomstasjon for vurdering av kor pasientar best høyrer heime (heime hjå seg sjølv med heimesjukepleie, omsorgsbustader eller fast plass på sjukeheim), har diverre gått over til å bli reine avrettingsfasilitetane. Hamnar ein pasient på visse korttidsavdelingar, har vedkomande større sjanse for å overleve på slagmarka i Ukraina.

Domstolen i tyske Aachen fann nyleg ein 44 år gammal sjukepleiar skuldig i drap på ti pasientar. Han jobba som nattevakt og meinte det var for mykje å gjere på jobb. Løysinga hans vart dermed å på eiga hand redusere talet pasientar. Ugjerningane fann stad mellom desember 2023 og mai 2024. Han vart naturlegvis dømt til livstid. At enkelte går so drastisk til verks for å lette arbeidsbøra, kjem nok som eit sjokk på dei aller fleste. Og at slikt skjer òg i Noreg, men er fullstendig ukjent for folk flest, burde vere endå meir sjokkerande.

Den 44 år gamle nattevakta gav pasientane «store doser beroligende midler og smertestillende medisiner uten medisinsk grunnlag». For meg lyd dette særs kjent. Eg var nemleg vitne til det sjølv i den korte tida eg jobba på korttidsavdeling på ein privat sjukeheim i Bergen. Som eg sjølv skreiv i artikkelen «Saksyndig fyller 2 år», publisert 14.november 2023:

«Onsdag 1.mars 2023 byrja eg omsider i min nye jobb, ei 50%-stilling som helsefagarbeidar ved korttidsavdelinga på ein privat sjukeheim i Bergen. Eg oppdaga fort at noko skurra, både med personalgruppa og den nervøse, ustabile leiaren. Mellom anna vart eg nesten konsekvent nekta ekstravakter, og oppdaga til mi forferdig at sjukepleiarane dreiv og overmedisinerte pasientane. Dei administrerte til dømes morfin og midazolam ved minste teikn på uro, smerter og ubehag hjå pasientane

Dette gjaldt spesifikt dei to «spesialutdanna» sjukepleiarane som fekk meg oppsagt i prøvetid. Alt tyda på at kollegaene visste om dette. Til og med avdelingsleiaren og verneombodet visste om det. Alle heldt derimot kjeft. På den tida var det for meg inga logisk forklaring på kvifor ingen varsla – dei to tilårskomne damene hadde gjort seg sjølv til portvaktarar over liv og død, burde ikkje nokon gripe inn og få dei dømt til livstid for eit ukjent tal tilfelle av overlagt drap?

Nokre lesarar har i e-postkorrespondansar uttrykt undring over kvifor eg sjølv ikkje meldte dei to til politiet. Dei vurderer historia mi som urealistisk og usannsynleg på grunn av dette. Eg kontakta Foreningen Lov og helse med ei bekymringsmelding om mogleg overmedisinering og drap på pasientar på den sjukeheimen, men fekk aldri svar frå deira side (dei trudde truleg ikkje på meg). Og politiet ville neppe ha vore til nemneverdig hjelp. Erfaringsmessig henlegg dei saker som dei ikkje er interesserte i å etterforske. Då finst det plutseleg ingen ressursar eller tid – dei står heller i vegkanten og bøtelegg folk som manglar eit lys på bilen eller som køyrer fem kilometer for fort. At enkelte vel å få fortgang i dødsfall hjå eldre i ein underbemanna helsesektor, ser politiet ut til å stille godkjenne. Hadde eg gått til politiet med mistankane mine, hadde eg garantert blitt avvist allereie i skranken. Eller kanskje til og med meldt av sjukeheimen for falsk politimelding. Dei to drapssjukepleiarane hadde naturlegvis med teatralsk, kjensleladd innleving nekta for alt.

Kollegaer som held kjeft på grunn av grovt kritikkverdige forhold på jobben, har sin årsak i det ugjestmilde klimaet varslarar blir gjenstand for. Nettsida Monsens revelje skriv om saker der varslarar har blitt fiendegjort av arbeidsgjevarar, medan dei kritikkverdige forholda har fått halde fram. Få – om nokon – ønskjer å leggje hovudet sitt på hoggestabben, iallfall ikkje dei som veit korleis systemet eigentleg fungerer.

Eit konsept som blir misbrukt til dei grader, er lojalitetsplikta. Som Kenneth Ledang i eit debattinnlegg publisert i Namdalsavisa 6.november 2025 antydar, er lojalitet til arbeidsgjevar viktigare enn pasienttryggleiken. Om fire-fem pasientar blir avliva i veka på korttidsavdelinga på ein diger, travel sjukeheim, er ikkje so viktig. Det viktigaste er å vere lojal mot arbeidsgjevar og dermed ikkje snakke om dette. For enkelte er lønn viktigare enn ryggrad – sjølv om eg av personleg erfaring kan seie at lønna på den sjukeheimen ikkje var til å skryte av.

Som Ledang skriv (uthevingar er i originalartikkelen):

«Helsevesenet er fullt av dyktige fagfolk som daglig ser hvordan systemene rundt dem ikke fungerer som de skal. Likevel hører vi sjelden deres stemmer i offentligheten. Hvorfor er det slik at de som kjenner pasientenes virkelighet best, så sjelden deltar i debatten om hvordan helsetjenesten faktisk fungerer?

Helsevesenet preges av en sterk lojalitet til arbeidsplassen, kollegene og ledelsen. Denne lojaliteten er i utgangspunktet verdifull, men den kan også virke lammende. Å si fra om systemfeil eller feilslåtte reformer kan lett bli oppfattet som illojalt eller som et angrep på egne ledere. Mange velger derfor å tie.»

Og vidare:

«Når lojalitetsplikten i praksis trumfer ytringsfriheten, forsvinner et viktig korrektiv: den faglige, erfaringsbaserte stemmen fra gulvet.

I mange deler av helsevesenet ser vi dessverre eksempler på det jeg vil kalle angstbitersk lederskap – en lederstil preget av kontrollbehov, frykt for kritikk og manglende trygghet på egen rolle. Slike ledere tåler dårlig uenighet og søker å dempe eller sanksjonere faglig motstand.»

Det finst mange usikre, kvinnelege leiarar rundt om på ymse avdelingar og helseinstitusjonar som aldri burde ha vore i leiarrolla. Dei har blitt kvotert inn i slike krevjande roller mest på grunn av kjønnet sitt, enn sine faktiske kvalifikasjonar og erfaring. Når tilsette påpeiker alvorlege forhold på arbeidsplassen, tolkar desse redde, usikre vesena det som om dei tilsette kritiserer dei som personar og/eller leiarar. Alt blir teke personleg, og ei varslingssak blir dermed gjort personleg: Fokuset blir flytta frå dei kritikkverdige forholda til sjølve varslaren. Det er i våre dagar rein rutine for arbeidsgjevarar å gjere varslingssaker om til personalsaker, med alvorlege følgjer for den eller dei som varslar. Når kjensler styrer arbeidsdagen, blir øydelegging og elende resultatet.

Sjå òg «Vaginokratiet: Den øydeleggjande feminiseringa av samfunnet», publisert 7.november 2025.

Når leiarar er meir opptekne av at arbeidsplassen dei har blitt kvotert til å leie skal framstå på ein god måte, enn at den faktisk er det, blir babyen kasta ut med badevatnet. Som sjukepleiar og tidlegare helseleiar Helene Samnøy skriv i eit innlegg publisert i Sykepleien 6.november 2025:

«Det ansettes kommunikasjonsdirektører og -rådgivere for å sikre fasaden utad. Ikke for å ta vare på pasientene eller dem som faktisk gjør jobben.

Millioner brukes på advokater, konsulenter og kommunikasjonsrådgivere – penger som burde gått til omsorg, trygghet og fagfolk. For hvis folk ble behandlet rettferdig og med respekt, ville det knapt vært behov for så stort fasadeapparat.»

Blir leiinga for «topptung», misser dei kontakt med dei på golvet. Vanlege føretak går konkurs med denne driftsstrategien, medan helseføretak ikkje kan slåast konkurs, og difor må driftast vidare – helst med ny leiing som faktisk veit kva dei driv med. Dei som berre søkjer seg til slike posisjonar på grunn av lønn og prestisje, må avvisast fordi:

«Når makt og prestisje belønnes over verdighet og ansvar, åpnes døren for dem som søker posisjon, ikke mening. Da vokser fryktkulturen frem. Den som holder folk tause – som skyver ut de kloke og de modige. De som taler sannhet når det koster.

Vi må våge å innrømme at feil skjer. For alle fagfolk – leger, sykepleiere, bioingeniører, farmasøyter, renholdsarbeidere, radiografer og mange flere – er mennesker, ikke maskiner.

Når vi erkjenner feil og lærer av dem, styrker vi tilliten og kvaliteten. Når vi skjuler dem for å beskytte en fasade, mister vi sjelen i det vi bygger.

Dette handler ikke bare om lønnspolitikk. Det handler om moral, etikk og menneskesyn. Når frykt, fasade og prestisje styrer helsetjenesten, forvitrer selve meningen med den.»

Den private sjukeheimen i Bergen framstår på utsida som profesjonell og hjartegod. Dei har ein mektig, internasjonal organisasjon i ryggen, og eit godt utbygt propagandaapparat, både internt og eksternt. Dei som kjenner føretaket frå innsida, veit altfor godt at denne fasaden berre er nettopp det – ein fasade. På innsida er alt ròte til beinet. Lojaliteten til arbeidsgjevar lammar dei tilsette, og berre dei som har brote ut av denne sektliknande arbeidsplassen, vågar å snakke ut om dei uhyrlege forholda som rår der.

Kommenter innlegget