Arbeidsforhold verkar begge vegar: Sjefar bruker «silent firing» mot «quiet quitting»

Sjå òg «Unnasluntring eller strategi for å meistre ein krevjande jobbkvardag?», publisert 21.august 2022.

I dagens arbeidsliv – for dei som er so heldige at dei har jobb, vel å merke – ser det ut til å vere stadig fleire som opplever dårleg balanse mellom jobb og fritid. Leiarane ser ut til å krevje av dei tilsette at dei skal leve for å jobbe, i staden for å jobbe for å leve. Resultatet er at mange hamnar i ein skvis mellom arbeidet på den eine sida og privatlivet på den andre. Vi høyrer i tillegg om leiarar som knapt har eit skilje mellom arbeid og fritid; dei tilsette bør helst vere tilgjengelege 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. På sikt vil ikkje dette gå for dei aller, aller fleste.

Enkelte utviklar personlege strategiar for å greie jobben dag ut og dag inn i årevis. Strategisk bruk av eigenmeldingar og mildt sagt kreativ bruk av sjukemelding er to døme på slike strategiar. Om ein ikkje heilt føler for å utnytte den sjenerøse sjukelønnsordninga, finst det ein slags mellomting mellom fråvær og nærvær: Quiet quitting («stille oppseiing»). Ein melder seg litt ut av arbeidssituasjonen og gjer berre det ein absolutt må. Om dette er ein lur strategi på sikt, kan diskuterast. Dei aller fleste vil nok nytte seg av den når arbeidskvardagen og privatlivet byrjar å bli litt vel krevjande.

Naturlegvis vil dei aller fleste oppegåande sjefar før eller seinare finne ut at kollegaene har eit litt vel avslappa forhold til jobben. Då vil dei trekkje fram det som Helge Lurås i ein iNyheter-artikkel publisert 23.november 2025 omtalar som silent firing: leiarar som medvite gjer kvardagen so uuthaldeleg at tilsette seier opp sjølve. Stikkorda her er passiv, men kontrollerande leiaråtferd, og har oppstått som ein naturleg motreaksjon på unnasluntrande tilsette som er for feige til å seie opp.

Som Lurås skriv:

«Formålet kan være å unngå konflikt, unngå sluttpakke eller arbeide rundt lovverk ved å få medarbeideren til å si opp av egen vilje.

– Ved å skape et så dårlig arbeidsmiljø at medarbeideren selv sier opp, unngår lederen de vanskelige samtalene eller de juridiske og økonomiske konsekvensene ved en oppsigelse, sier HR-sjefen Louise Hoe Nielsen i et intervju med Berlingske

Artikkelen listar deretter opp fem punkt som kan vere indikatorar på at ein tilsett er «stille oppsagt» av sjefen:

  1. «Systematisk forbigåelse av medarbeideren: lederen unngår å snakke med nettopp deg, og du blir forbigått når det gjelder lønns­forhøyelse eller nye oppgaver.
  2. Overdreven fokus på små feil: små feil blåses opp, det kan føles som en hets.
  3. Fratagelse av oppgaver eller ansvars­områder: de spennende og utfordrende prosjektene gis konsekvent til andre, slik at du begynner å føle deg inkompetent.
  4. Mikrostyring: du blir utsatt for menings­løs kontroll og føler deg mistenkeliggjort.
  5. Medarbeiderens innspill blir kritisert eller ignorert i møter: forslag blir avfeid, eller det er ‘ikke tid’ til å høre hva du har å si.»

Spesielt innan IT og teknologi skal denne strategien vere vanleg. Det at ein tilsett seier opp sjølv i staden for å bli oppsagt, handlar om elementær bedriftsøkonomi. Ein tilsett som blir sagt opp, kan gå til søksmål, og slik kontroversiell avslutning av arbeidsforholdet kan dermed bli ein dyr affære for arbeidsgjevaren. Om den tilsette skulle tape søksmålet, vil vedkomande garantert fortelje korleis han eller ho vart behandla av arbeidsgjevaren, og dermed risikerer verksemda òg omdømmetap.

Det skal her påpeikast at arbeidsgjevarar òg kan bruke denne strategien for å halde nede dyktige tilsette som dei opplever som ein trugsel mot seg sjølve. Ein dårleg leiar sitt verste mareritt er å få ein tilsett som er mykje smartare og dyktigare enn ho sjølv – då er vegen kort til hersketeknikk-verktøyskrinet.

Slik uønskt åtferd frå arbeidsgjevarar er òg berre eitt av mange symptom på det stadig meir psykopatiske arbeidslivet i Vesten, der visse mørke karaktertrekk og total mangel på skruplar og moral er sikraste vegen til toppleiarstilling.

Kommenter innlegget