Sjå òg «Systemet krev at DU skal ofre deg, men gjev ingenting tilbake», publisert 18.november 2025.
Helsemagasinet Vitenskap og fornuft publiserte 24.november 2025 ein kommentar skriven av tidlegare Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito. Temaet er ein viss covid-«vaksine» og dei livsøydeleggjande konsekvensane av den. Mange har i dag fått helse og karriere øydelagt av mRNA-injeksjonane som i si tid vart hylla som «trygge og effektive» og «ein veg ut av ‘pandemien’». Dei som trudde på denne løgna, fekk svi. Det gjorde på sett og vis òg dei som ikkje trudde på den, men der vart det fyrst og fremst karriere og omdømme som fekk eit skot for baugen – vi beheldt helsa (meir eller mindre).
Som Julia skriv innleiingsvis:
«Av og til trer kløften mellom stat og borger fram: Saken som i morgen skal opp for Trøndelag tingrett, illustrerer hvordan et «vi» kan bli til fronter. Marianne Foss (47) gjorde det samfunnet ba om, hun vaksinerte seg. Nå vil ikke staten vedkjenne seg hennes tap.»
Marianne gjorde den forståelege feilen å tru at ho var ein del av eit fellesskap – eit «sterkt vi». Ho vart fortalt på innpust og utpust og til alle døgnets tider at «vi» måtte ta injeksjonane for å beskytte dei svakaste i samfunnet. Noreg kunne ikkje opne opp igjen før « vi» hadde gjort vår dugnad, som Feite-Erna kalla dette prosjektet. Men dette «vi» forsvann i ein fæla fart då Marianne vart sjuk av denne «trygge og effektive vaksinen». Ho fekk den invalidiserande sjukdommen ME:
«Hvor ble ‘viet’ av da vitale, energiske, glade Marianne fikk de første symptomer på ME umiddelbart etter vaksinering? Da hun ikke lenger kunne være den mammaen hun ønsket? Hvor ble det av da fastlegen siden diagnostiserte henne med ME og fastslo at vaksinene var årsak, men Norsk pasientskadeerstatning likevel avviste henne fordi ‘forskning på en slik sammenheng ikke finnes’?»
Det Julia kallar varme appellar om solidaritet vart om til «kald jus om manglende dokumentasjon». Fellesskapet som trong ho vart om til eit system som ikkje trur på ho. Korleis Staten plutseleg gjekk over til å behandle ho, blir glimrande oppsummert:
«Vi bevitner et samfunn som krever tillit, men som ikke returnerer den. En stat som forventer vår lojalitet og solidaritet, men som bruker formalia når lojaliteten får en pris. Én ting er sykdom, noe annet er mistro og mistenkeliggjøring. Statens tone endret seg fra dugnad til: Bevis deg selv. Bevis din smerte. Bevis oss feil. Bevis alt vi ikke vil se. Bevis at du hører hjemme i vår omsorg.»
Kort oppsummert seier Staten «vi» når dei treng deg, men «du» når du treng den. Staten kan over natta bli din verste fiende, som ifølgje Marianne sin advokat vil gjere alt for å knuse ho. Marianne var ein del av eit fiktivt «vi», som når ho sjølv fekk alvorlege helseproblem på grunn av ein injeksjon Staten bad ho om å ta, plutseleg vart ein «motpart» som må knusast. Dette er, som Julia heilt korrekt formulerer det, eit svik.
Eller, som ein av mine tidlegare leiarar i Bergen kommune sa til NRK i desember 2023: «Ein hån å kalla koronavaksinen trygg og effektiv». Det er òg ein hån å kalle Staten din venn. Slik oppfører ikkje venner seg – det er opportunistiske parasittar som oppfører seg sånn. So fort eit menneske ikkje lenger kan utnyttast, må vedkomande fjernast før børa blir for stor å bere for «fellesskapet».
Staten er i beste fall ein byråkratisk illusjon – i verste fall din mest formidable fiende på grunn av den uavgrensa makta den har. Som Ulf Ayirtahsk Berg skreiv på bloggen sin Hverdagsfilosofen 8.mai 2025:
«Hvis absolutt makt korrumperer absolutt, kan man se for seg visse problemer ved en samfunnsform der menneskene mentalt tror de bor oppi en spilleske som noen har laget og derfor også eier og kontrollerer. Kyr får mat og varme og alt de trenger, men de er eiendeler. At man ikke sulter og fryser ihjel, betyr ikke at ingenting foregår i kulissene, som befolkningen kanskje ikke ville likt hvis de virkelig hadde vært informert.
Hvis skjulte aktører sitter plassert i samfunnsordningen, og de er absolutt korrupte mennesker, kan jo situasjonen beskrives som at makten er i hendene på folk som har andre verdisyn enn det befolkningen som helhet sitter med. Det kan tenkes at de som har kommet til å sitte med makten, ikke bryr seg om befolkningens menneskelige interesser. Det kan gjelde fysisk helse, læring og utvikling, familiens fremtid, og den virkelige nasjonens fremtid.»
Det finst ikkje eit «fellesskap» eller eit «vi», med mindre «vi» her blir brukt i konteksten «vi og dei». Eliten og det Feite-Erna kalla samansuriet. Kløfta mellom stat og borgar har alltid vore stor, men blir spesielt stor når borgaren treng hjelp av dei same psykopatiske parasittane som har øydelagt livet hennar.
Sjå òg «Det nye, barbariske verdssystemet ønskjer fyrst og fremst å fjerne deg so fort du blir ‘ubrukeleg’ i deira auge», publisert 4.oktober 2022.
