Dei siste månadene har to barnevernsaker fått stor merksemd i alternative media: Shada-saka og Pilar Cortes-saka. Nettsida Rettsikkerhet.org, som gruppa Rettssikkerhet for alle står bak, har intervjua to sentrale personar i dei to sakene: Lege Rodgeir Vinsrygg og Pilar Catalya Cortes Skovly. Shada-saka blir mellom anna omtala og oppsummert i ein artikkel publisert 25.august 2025 av Einar Lysjord på ForbudtKunnskap.no, medan Pilar har blitt omtala på blant anna Steigan (her og her). Sakene er komplekse og urovekkjande, og teiknar eit bilete av Barnevernet som den rådande makta nok ikkje vil seie seg einige i. Difor må visse tiltak setjast i verk.
I Noreg er Barnevernet big business. Vi snakkar om ein milliardindustri der barn rutinemessig blir stolne frå foreldra sine, ofte på mangelfullt grunnlag, og selde vidare til representantar frå djupstaten (òg omtala som «det permanente byråkratiet»). Vi kan reelt omtale denne samanslutninga av mektige aktørar som det barnevern-industrielle komplekset – på engelsk Big Child, i analogi med Big Pharma. Visse personar investerer i aksjar i private barnevernsinstitusjonar, og får dermed bli med på «gildet». Dei som peiker på denne barnevernselefanten i rommet, går det ofte ille med.
Det norske Barnevernet er berykta i land som Polen og India. Sistnemnde laga likegodt ein Bollywood-film om dette tjuveriet av barn frå foreldre som ofte ikkje har gjort noko gale. Barnets beste ® kan trygt reknast som nytale for Statens beste. Eller det barnevern-industrielle komplekset sitt beste.
12.november 2025 publiserte iNyheter-redaktør Helge Lurås ein lengre artikkel om Shada-saka og lege Rodgeir Vinsrygg. Han ser ut til å trekkje i tvil og/eller bagatellisere dei mange kriminal-tekniske detaljane som burde opne opp for vidare etterforsking. Han konkluderer:
«Ved nærmere gjennomgang fremstår imidlertid påstandene som udokumenterte: bildene er uklare, uten metadata eller politiets bekreftelse. Rapporten preges av sterke påstander, men mangler etterprøvbar medisinsk eller rettsteknisk dokumentasjon.
For iNyheters del reduseres Vinsrygg og ‘teamets’ troverdighet når de ikke vil eller kan besvare medienes nokså grunnleggende spørsmål om det de påstår. Ingen av intervjuene jeg har sett med Vinsrygg stiller ham egentlig noen kritiske spørsmål. Det er påstander om et hendelsesforløp og en konspirasjon som ikke blir underbygget.»
Essensen i Lurås sin lange «analyse» av Shada-saka ser ut til å vere «her er det ingenting å sjå. Ikkje høyr på Vinsrygg. Shada tok livet av seg med ein iPhone-kabel.»
Rettssikkerhet for alle, som har både nettside og YouTube-kanal, er ei av gruppene som har løfta fram Shada- og Pilar-saka. Dette ser ut til å falle enkelte tungt for brystet. I ein kommentar publisert 6.desember 2025, kjem Lurås med det ein kan kalle sjukleggjering av intervjuobjekta til Rettssikkerhet for alle. Under to av intervjua nemner intervjuobjekta «gjerne i forbifarten» at dei er diagnostiserte med paranoid schizofreni. Sidan han ikkje vil nemne kven (han vil ikkje identifisere dei ved namn), blir det overlate til lesaren å finne det ut. Eller, slik Lurås kanskje ønskjer, å konkludere at alle involvert i Rettssikkerhet for alle er paranoid schizofrene! Kor passande og bekvemmeleg hadde det ikkje vore å til dømes fjerndiagnostisere «bråkmakarar» slik som Hans Eirik Olav, Rodgeir Vinsrygg, Vigdis Bollerud, Siri Ann Moen, Lillian Gran og Øystein Flenning. Lurås seier ikkje eksplisitt at nemnde personar er paranoide og alvorleg sinnslidande, men han kunne like gjerne ha sagt det.
iNyheter har fått «tips» om å undersøkje visse saker som har blitt laga intervju om på Rettssikkerhet for alle, inkludert den berykta Synnøve Fjellbakk Taftø-saka. Han avskriv varslar Taftø som psykisk sjuk, og påstandane ho kom med før ho vart tvangsinnlagt bør difor vurderast deretter. Lurås skriv:
«Husk at de mange som er tvangsinnlagt mener seg urettmessig innlagt og hevder at de tvert om er ‘normale’ og utsatt for en faktisk konspirasjon.
Derfor har jeg også sett på noen av de mest tipsede intervjuene på YouTube-kanalen ‘Rettssikkerhet for alle’. Og for meg er det ting som skurrer.
Virkeligheten er at mennesker med symptomer på paranoid schizofreni (det vi i gamle dager kalte forfølgelsesvanvidd) ofte fremstår langt mer sammenhengende, resonnerende og intellektuelt stringente enn hva mange forestiller seg. Sykdommen innebærer ikke at man mister evnen til å formulere seg. Den innebærer heller ikke at alle handlinger blir irrasjonelle. Mange lever tilsynelatende ordenlige [sic] liv, kan holde fast ved logiske resonnementer og virker fullt ut tilstedeværende.»
Vi skal med andre ord avskrive historiene til Rettssikkerhet for alle (spesielt påstandar om eit hemmeleg nettverk av frimurarlosjar!) fordi eit par stykke har fått ein psykiatrisk diagnose. «Her er det ingenting å sjå. Folka er psykisk sjuke og får lov til å presentere sine vrangførestillingar utan å bli kontradiktert.»
Kva tener Lurås på å sverte og sjukleggjere sentrale aktørar i desse betente sakene? 19.desember 2025 vart det publisert ein artikkel på Nyhetsspeilet skrive av «Hans K. Larsen» om det eg tidlegare i artikkelen kalla det barnevern-industrielle komplekset. Eit av bileta har ein bilettekst som er verdt å studere nærare:
«At barnevern er viktig for statsapparatets sionistisk-kommunistiske bakmenn, har vi forstått. Det burde ikke overraske noen at også etterretningstjenesten er involvert med flere enkeltprosjekt som beskytter barnevernet for at det skal kunne fortsette slik det er idag. Noen utvalgte medarbeidere har fått ressurser stilt til rådighet for å opparbeide en sentral posisjon i folks øyne, nettopp for å følge våkent med og passe på at ingen utenforstående stikker kjepper i hjulene for den gigantiske inntjening. Noen har lenge vært igang med å melke statskassen, med Arbeiderpartiets statsminister og hans regjerings velsignelse; klart det er mektige folk.»
Lurås si fortid frå etterretningstenesta er velkjent. Er iNyheter – i byte mot pressestøtte – eit slikt «enkeltprosjekt» som beskyttar det barnevern-industrielle komplekset? Er han ein utvalt medarbeidar som «har fått ressurser stilt til rådighet» (les: pressestøtte) for å «følge våkent med og passe på at ingen utenforstående» blandar seg opp i dette særs lukrative føretaket?
Lurås sjølv vil naturlegvis avvise dette på det sterkaste. «Her er det ingenting å sjå. iNyheter er ikkje eit etterretningsprosjekt eller kontrollert opposisjon. Skaff deg eit liv, Saksyndig!»
