Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
I sterk strid med interessene til Bergen kommune er stemninga på utestaden Folk & Røvere munter og animert – slavane kan i nokre vedunderlege timar gløyme at dei er slavar. Metaforisk brød og sirkus blir servert av hasjaugeblondina og hennar mørkhuda, afrikanske kollega. No når jula omsider er forbi, er ho kledd i det stikk motsette av ein julekjole: eit svart, tettsitjande antrekk som liknar på lateks, og som knapt skjuler brystvortene og himmelen mellom hennar bein.
Blondina og hennar mangfaldsinnkvoterte kollega tappar lyst øl til dei mange herrane og fruene som stadig dukkar opp bak disken. Dei fleste er i godt tilårskomen alder, i eit stadium av livet der dei omsider kan seinke skuldrene og vente på sjukeheim og døden, gjerne medan dei skriv kontroversielle artiklar for Derimot. Blondina og kollegaen kunne ha vore barnebarna til denne muntre gjengen.
Klokka er på slaget to denne laurdagsettermiddagen. Det er på dette trivelege tidspunktet at dei to kontrollørane frå det djupt hata Kontor for skjenkjesaker dukkar opp i døra, kledde i sine mørkegrøne regnponchoar. Hasjaugeblondina får auge på dei to høge, barmfagre brunettene, og krympar seg medan ho bit seg i leppene. Ho står der hjelpelaust på utstilling og kan aldri sleppe unna. Dei to kåte rovdyra trippar gjennom det smekkfulle lokalet og slår rot ved disken.
«Jaha, her var det folksamt…!» seier den eine kommunejenta, allereie synleg oppglødd.
«Vel, det er jo laurdag, og folk har fri,» seier blondina medan ho vrikkar lett på dei nakne, bleike skuldrene. Dei mange sølvsmykka raslar i den djupe kløfta.
«So godt som alle her inne er nok for gamle til å framleis vere i jobb…!» seier den andre kommunejenta. «Faktisk er snittalderen ganske høg her i dag…! Er det eit slags seniortreff?»
«Kanskje.» Blondina trekkjer på skuldrene. «Er det forbode å ha mange gamlingar på utestader no?»
«Vel, berre enkelte nattklubbar har ei øvre aldersgrense…!» seier den fyrste kommunejenta. «Og denne utestaden kjem aldri til å bli ein nattklubb…! Ikkje om helvete frys til is…!»
«Vi har då ingen intensjonar om å bli nattklubb. Gud forby!» Blondina ler kort og nervøst, før ho smyg seg over til tappetårna for å servere ein ny runde lyst øl til fire velkledde herremenn med sølvfarga hår.
«Er dagleg leiar til stade?» spør den andre kommunejenta. «Vi skulle hatt ein prat med han…!»
«Han måtte ein snartur til Hamburg,» seier blondina.
«Hm, kva gjer han der?» spør den fyrste kommunejenta.
«Narkotika, sexturisme, innspeling av pornofilm.» Blondina trekkjer på dei nakne skuldrene. «Eg veit då faen. Fyren er ein vaksen mann og kan gjere som han vil.»
«Hehe, vaksne, norske menn kan på ingen måte gjere som dei vil…!» flirer den andre jenta medan ho sakte strekkjer på seg. «Og kjøp av sex er strengt forbode…! Kanskje lyt vi stikke innom politistasjonen og melde han…!»
«Vel, berre for å presisere, so aner eg ikkje kva han gjer i Hamburg. Og eg bryr meg ikkje nemneverdig. Kva fyren driv med på fritida er ikkje mi sak – eller mitt problem.» Ho smiler småfrekt til dei. «Blir det nok ein prikk no, frøkner?»
«Vi likar ikkje at det er so mange gamle menneske i lokalet…!» seier den fyrste jenta medan ho med eit mørkt, lystent blikk mønstrar dei mange kvithåra hovuda. «Gamle menneske kan ramle og brekke bein eller rett og slett daude…! Har de hjartestartar tilgjengeleg?»
«Hehe, godt forsøk. Dette er ikkje eit treningssenter eller ein institusjon.» Blondina tappar ein ny runde lyst øl. «Vi reknar med at dei aller fleste kundane våre overlever besøket. Å hengje opp ein hjartestartar på veggen kan sende litt feil signal.» Ho ser på dei stive, synlege brystvortene på dei prominente bystane til kommunejentene. «Vil de ha ein cola? Dagleg leiar spanderer.»
Dei to regnponcho-brunettene vekslar blikk seg imellom.
«Mmm, det er litt problematisk for oss at dagleg leiar ser ut til å aldri vere her…!» seier den andre jenta. «Det kan nesten verke som om han unngår oss, om du skjøner…!»
«Han er ein oppteken mann, rett og slett.» Blondina vekslar blikk med sin mørkhuda kollega. «Om de absolutt må snakke med han, so kan de få mobilnummeret hans.»
«Nei, det står då ikkje om liv…!» stønnar den andre jenta ømt i det ho sakte strekkjer på seg. «Men vi noterer oss at det er uvanleg mange pensjonistar her i dag…!»
Ein dresskledd eldre herre med sølvfarga hår og bart har akkurat fått seg ein halvliter lyst øl. Han kastar eit blikk på dei to jentene.
«Si meg,» byrjar han på velklingande bergensk. «Lurer dåkker på koffor det e så mange seniorer her i dag?»
«Vel…!» byrjar den eine jenta medan ho vekslar blikk med kollegaen. «Det er jo uvanleg mange av dykk her i dag…! Er de ute og feirar noko?»
«Eg vil ikkje påstå at det e uvanlig mange av oss,» seier mannen. «Og ka e det å feire, egentlig? Den norske ytringsfriheten?» Han ler høgt, før han drikk øl ivrig frå glaset.
Dei to kommunejentene vekslar blikk seg i mellom. So mønstrar dei denne eldre mannen frå topp til tå.
«Blondie, du har ein synleg rusa gjest i lokalet…!!» seier ei av dei. No er begge synleg opphissa.
«Hm, han verkar ikkje rusa slik eg vurderer han,» seier blondina. Ho får eit småfrekt smil i det bleike, herja ansiktet. «Om de er ueinige i mi vurdering, kan de jo ringje naudetaten. Kanskje rykkjer politiet ut for å måle promille – om dei då ikkje er opptekne med å pule kvarandre.»
«Vi noterer oss at bartenderen som vanleg er frekk og ufin mot kommunen sine representantar…!!» seier den eine jenta. «Og at utestaden ikkje har promillemålar tilgjengeleg…!!»
Brått byrjar den andre jenta å gni det regnponcho-kledde underlivet mot hjørnet på bardisken, noko som får alle rundt ho til å heve augnebryna, inkludert den velkledde eldre herren med det lyse ølet. Kollegaen gispar medan ho held seg for munnen, sprutraud i det vakre ansiktet. Jenta som gnir seg mot bardisken strekkjer på seg so regnponchoen sprakar herleg, og eit obskønt stønn lyd frå hennar bivrande lepper.
«Skjerp deg, Karen…!!» utbryt den storøygde kollegaen. «Du skjemmer ut Bergen kommune…!!»
«Åh, eg kan ikkje styre meg…!!» stønnar Karen medan ho held fram med å gni seg mot disken.
«Slik åtferd høyrer ikkje heime på ein utestad,» seier blondina smilande. «Eg må be Bergen kommune sine representantar om å forlate lokalet.»
Den fyrste jenta klapsar Karen på den store, velforma rumpa, og ho stoppar særs motviljug denne offentlege onaniøkta. Sprutraud og kokande av kjæte trippar ho etter kollegaen ut av det smekkfulle lokalet, og får servert ein kommunal reprimande ute i sprengkulden.
«Beklagar dette,» seier blondina til dei mange lettare forfjamsa og indignerte seniorane. «Kommunale kontrollørar blir med rette nekta sex og kjærleik. Dei har valt feil side i denne krigen mot menneskeheita, og må betale for det i form av ufriviljug sølibat medan draumen om eigne barn og eit normalt samliv blir ei dør som sakte lukkar seg etter kvart som tida går.»
Dei mange eldre berre glaner på ho med hovuda på skakke i nokre sekund. So held dei fram med å drikke og prate. Og stemninga er atter ein gong – i sterk strid med interessene til Bergen kommune – munter og animert.
