Frykta for å bli erstatta

Det moderne arbeidslivet er ikkje for kven som helst, for å underdrive kraftig. Skal ein opp og fram, lyt ein ha trekk som ein gjerne ikkje finn hjå hyggjelege folk. Tallause psykologar (reelle og påståtte) trekkjer fram narsissisme, psykopati og machiavellisme som bortimot essensielle for å klatre til topps i hierarkiet. Omsyn til medmenneske er i ein slik kontekst ein stor bakdel. Konsekvensane av desse reglane ser ein i dagens moderne samfunn: Dei som sit på toppen viser med sine handlingar at dei ikkje vil oss vel.

Berre det å halde ut på eit ikkje-leiarnivå i arbeidslivet kan stundom utvikle seg til ein kamp dei færraste vinn. Her kjem temaet til denne meiningsartikkelen inn: frykta for å bli erstatta. I våre dagar står fleire yrke i fare for å forsvinne på grunn av den etter mitt syn uansvarlege framveksten av kunstig intelligens (KI). Spesielt skribentar, blir det antyda, må her erkjenne den harde realiteten. Tekstforfattarar kan enkelt erstattast med eit tastetrykk (bokstavleg tala). Og her legg eg trykk på kan. Det tydar ikkje at vi bør.

Å bli erstatta i jobben er ikkje eit nytt fenomen. Blir du for gammal, dyr og kravstor, er det god bedriftsøkonomi av arbeidsgjevar å erstatte deg med ein yngre, billegare og meir omgjengeleg kollega. Om det er god personalpolitikk, kan diskuterast. Arbeidsgjevar vil naturlegvis forsvare sitt val med nebb, klør og frodande juristar, og arbeidstakar må finne seg ei anna kjelde til inntekt.

Sjølv har eg mistanke om at min eigen avgang frå den norske helsesektoren i 2023 skuldast at eg rett og slett vart for gammal, dyr og kravstor. Ikkje berre for éin arbeidsgjevar, men for alle saman. Ryktet spreidde seg – eg var visstnok «vanskeleg» og ikkje verdt bryet. Eg kunne som helsefagarbeidar utan spesialisering enkelt erstattast av ei ungjente på 20 år, som i tillegg var langt meir fotogen enn eg sjølv er. Ja, arbeidsgjevarar i helsesektoren legg relativt stor vekt på utsjånaden til sine kollegaer. Spesielt på avdelingar med alvorleg sjuke menneske er vakre ungjenter eit etterlengta syn for såre auge. Ligg ein gammal mann for døden, vil han heller bli stelt av to søte jenter enn av ein 40-årig mann med «uakseptable» politiske meiningar.

Slikt kan ikkje ein arbeidsgjevar ope og ærleg innrømme. Dei kallar det heller «personlig egnethet» og «personalkjemi», godt hjelpte av HR sine juristar. Som ekte ordsmedar vrir og vender dei på språket slik at den eigentlege meininga går tapt i lingvistisk kamuflasje.

Samstundes – underleg nok – har helsesektoren blitt ein slags siste utveg for menn som har slite seg ut i tunge og farlege jobbar i heilt andre sektorar. Prosjektet, som blir kalla «Menn i helse», skaffar arbeidsplassar til slike menn, som med god (og uforklarleg) hjelp frå arbeidsstaden til slutt kan bli utdanna til «helsefagarbeidarar». Lat dykk ikkje lure. Dei er ikkje eigentleg helsefagarbeidarar, og slik ulovleg bruk av ein autorisasjonskrevjande tittel er ein hån mot oss som faktisk er helsefagarbeidarar. Dette tydar at verken yrket eller yrkestittelen blir teke på alvor på toppen. Det blir forsiktig antyda at slike som meg kan erstattast på dagen i ein sektor som skrik etter folk. Her kan 20-årige ungjenter og kulemaga lastebilsjåførar erstatte meg. Og igjen legg eg vekta på kan. Det tydar ikkje at dei bør.

I heile min yrkesaktive karriere har eg fått det same rådet frå «ringrevar» og andre særs erfarne kollegaer: Ein må gjere seg sjølv uunnverleg for arbeidsgjevar. Det har eg gjort i min noverande jobb, som eg har hatt i to år. Ein liknande strategi prøvde eg riktig nok på fleire tidlegare jobbar i helsesektoren – med varierande hell. Arbeidsgjevar kunne alltids finne ein eller annan måte å bli kvitt meg, og so fekk det heller våge seg at dei ikkje fann ein erstattar. Dei ville heller ha kaos og vanstyre enn meg. For å seie det slik: Dei hadde valet, men valde skalet.

Frykta for å bli erstatta har fått eit nytt ord: ochisia, henta frå nettstaden The Dictionary of Obscure Sorrows. Nettstaden er driven av videoskaparen, stemmeskodespelaren, grafikk-designaren og forfattaren John Koenig. Denne språkmektige amerikanaren har laga ei rekkje nyord for å beskrive moderne psykologiske tilstandar som språket fram til no har mangla gode ord for. Ochisia er eitt av dei. Den eigentlege definisjonen er frykta for at rolla du ein gong hadde i livet til nokon kan erstattast utan vidare seremoni. Ordet kan enkelt utvidast til å gjelde den generelle frykta for å bli erstatta.

Eit anna ord frå same nettside er alazia, frykta for at ein ikkje lenger er i stand til å endre seg. Endring er enklast i barndommen og ungdommen, men blir stadig vanskelegare etter kvart som åra går og ein går seg fast i eit spor. Over ein viss alder blir alle endringar, same kor trivielle, ein kamp mot inngrodde vanar. Det har truleg å gjere med tilpassingsevna til menneskehjernen, som blir mindre dess eldre ein blir. Å lære nye språk er til dømes langt vanskelegare som 40-åring enn som 20-åring. Denne frykta for å ikkje kunne endre seg blir med rette følt av mange tilsette i arbeidslivet. Enkelte arbeidsgjevarar vil ha endring og utvikling òg der behovet ikkje finst. Mange har høyrt om ordet utviklingstvang, og det er eit faktum at arbeidsgjevar som regel er den aktive og ivrige parten når slikt skal gjennomførast – helst for ein kvar pris.

Ochisia og alazia kan kombinerast til følgjande læresetning: Dei som ikkje kan endre seg, kan enkelt erstattast. Og det er udiskutabelt i arbeidsgjevars interesse å erstatte dei òg. Det er dårleg bedriftsøkonomi for ein sjukeheim å halde på 58-årige Gudrun som ikkje aner korleis datamaskiner, e-post og rapporteringssystem fungerer. Då må kollegaene gjere jobben for ho, mot mindre lønn sidan dei har mindre ansiennitet. Gudrun har blitt for gammal og dyr – og sannsynlegvis kravstor òg, sidan «alle» damer krev ei viss tilrettelegging når dei nærmar seg pensjonsalder. Ein verkeleg kynisk arbeidsgjevar vil finne ein måte å bli kvitt ho på, om det so blir å mobbe ho ut i ei langtidssjukemelding og uføretrygd. Slikt har skjedd, og det vil garantert skje igjen. Dette kan sjåast på som ein overordna strategi i det moderne arbeidslivet. Desse stadige, unyttige endringane kan ha som mål å luke ut dei som ikkje konstant tilpassar seg dei nye arbeidsforholda. Det er darwinisme frå eit arbeidslivsteoretisk perspektiv.

Misforstå meg rett: Av og til er endringar absolutt naudsynlege. Når eit system blir stilleståande og dysfunksjonelt og alle lid, skal endring finne stad. Når noko ikkje fungerer, må det rettast på. Problemet i dagens arbeidsliv, og dermed samfunnet generelt, er at endringar skjer til feil tid og på feil stad. Det som bør endrast, endrar seg ikkje – og omvendt. Dei som prøver å seie i frå, blir gjort om til problemet og fjerna ved hjelp av juridiske gymnastikkøvingar og regelrette lovbrot. Det dysfunksjonelle systemet opererer utifrå sjølvopphaldingsdrift. Enkeltindivid blir oppfatta som trugslar og behandla deretter. Kjerneproblemet i vår moderne misere er at sjølve systemet vil at endringar skal skje, men alle andre enn sjølve systemet skal endre seg.

Om enkelte aktørar vart erstatta, ville alt bli so mykje betre. Og det er dei som verkeleg burde oppleve ochisia.

Kommenter innlegget