Mike Adams: Iran-krigen er ei felle for Trump lagt av Netanyahu

Natt til laurdag 28.februar, medan verda var distrahert av Epstein-affæren, Jagland-saka og Mette-Marits kriminelle son, gjekk USA og Israel til åtak på Iran. Dette narrativ-skiftet har ikkje uventa fått massiv mediedekning, og folk flest blir for overvelda og skremt av den enorme mengda rapportar som veltar inn til å kunne finne hovud og hale på det som har skjedd. Her er det opp til ein kvar med ressursar og innsikt til å prøve å finne dei store linjene.

Ein som i årevis har brukt dagane på å gjere nettopp dette, er gründer og Natural News-grunnleggjar Mike Adams. I ein artikkel publisert på nettsida hans 2.mars 2026, lanserer han følgjande teori: Netanyahu lurte Trump inn i ei felle ved å få USA med seg på ein krig mot Iran. Men USA si krigsmaskin har ikkje ein sjanse mot den iranske.

Adams skriv (omsett av Saksyndig):

«I dei tidlege timane av 28.februar 2026 erklærte president Donald Trump at USA, saman med Israel, hadde lansert ‘større kampoperasjonar’ mot Iran. Denne offensiven, som har fått namnet Operasjon Epic Fury [«episk raseri»], hadde visstnok som mål regimeendring og øydelegging av atomprogrammet til Iran. Likevel, for observatørar som forstår dei djupare geopolitiske strøymingane, er ikkje denne konflikten ein naudsynleg sjølvforsvarskrig, men ein på førehand planlagt strategisk katastrofe. President Trump, ved å ukritisk følgje den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu, har falle i ei felle som lover å politisk øydeleggje han og utslette Det republikanske partiet.

Narrativet om at denne krigen var ein respons til ein umiddelbar trugsel, er fiksjon. Ein israelsk forsvarstenesteperson avslørte til Reuters at krigen ‘hadde vore planlagt i fleire månader, og lanseringsdatoen hadde blitt bestemt for fleire veker sidan’, til og med medan USA og Iran tok del i atomsamtalar. Dette var ein valfri krig, ikkje ein naudsynleg. Avgjerda kastar USA inn i ein langvarig konflikt som ikkje kan vinnast, mot ein nasjon som har brukt fleire tiår til å førebu seg på nettopp dette scenarioet. Dei fyrste amerikanske dødsfalla – tre tenestepersonar drepne og fem såra – har allereie utløyst innanlandssinne over ein ‘krig for Israel’, og har knust Trumps ‘fredspresident’-person og eksponert den harde realiteten til denne fatale feilvurderinga.»

Adams meiner at Trumps rolle i denne katastrofen er som den nyttige idioten til Netanyahu. Trump er ei brikke på eit sjakkbrett som utfører ein på førehand planlagt sionistisk agenda. Netanyahu og resten av ultrasionistane og dødskulten ønskte ikkje ein fredsavtale mellom Vesten og Iran fordi landet står på deira liste for regimeendring. Adams skriv:

«Denne dynamikken avslører ei illevarslande sanning om det amerikanske politiske systemet: det sionistiske etablissementet, som viser si påverknadskraft i nettverk slik som pedofiliringen rundt Epstein-øya, kontrollerer begge dei to større amerikanske partia, noko som gjer amerikanske politikarar om til verktøy som lett kan kastast vekk etter bruk. Resultatet er ein utanlandspolitikk som prioriterer ekspansjonsmåla til eit ‘Stor-Israel’ til bakdel for amerikanske interesser.»

Det høyrer med til historia at den amerikanske ambassadøren til Israel, Mike Huckabee, nyleg sa til Tucker Carlson at Israel har ein bibelsk rett til å ta over heile Midtausten. Ved å levere amerikansk suverenitet til denne agendaen, har Trump ofra sin eigen politiske figur og tryggleiken til nasjonen som han svor å beskytte.

Grunnen til at USA og Israel ikkje kan vinne ein krig mot Iran, er ifølgje Adams denne:

«Dei amerikanske og israelske krigsplanleggjarane, som er konfigurert for korte, høgintensive ‘shock and awe’-kampanjar, er sørgjeleg uførebudde på konflikten dei har sett i gang. Strategien til Iran er ikkje å vinne ein konvensjonell direkte kamp, men å føre ein langvarig, ikkje-kostbar utmattingskrig laga for å blø ihel sine motstandarar. Teheran har lært av dei avgrensa åtaka i juni 2025, og deira samanliknande fordel no er å ‘hale Washington inn i ein langvarig regionskonflikt’. Dette involverer å sleppe laus ein nådelaus sperreeld av dronar og missil, noko som tvingar USA og Israel til å bruke milliardar av dollar på forsvarsvåpen slik som Patriot og Iron Dome.»

Iran har ifølgje militæranalytikarar førebudd seg på denne krigen i årevis, og får allereie støtte frå Kina, som leverer «offensive» dronar og diskuterer sal av ballistiske missil. Trass at det amerikanske militæret har rykte på seg for å vere overveldande mektig, vil stå overfor komplekse – om ikkje formidable – utfordringar i tida framover. Ifølgje Adams er målet til Teheran enkelt: «tære vekk amerikanske arsenal og politisk vilje innan nokre veker, noko som tvingar fram ei audmjukande og kostbar tilbaketrekking som vil knuste USA sin prestisje internasjonalt. President Trumps skryt over at krigen vil vare ‘fire veker eller mindre’, er ein farleg fantasi som ignorerer realiteten til motstandsdyktigheita til Iran og lærdommen til amerikanske nederlag i Irak og Afghanistan.»

Adams spår vidare at etter kvart som utmattingskrigen går sin gang, vil Netanyahu-regjeringa til slutt bli so desperate at dei og resten av sionist-dødskulten vil bryte eit tabu som har eksistert sidan 1945: bruken av atomvåpen i krig. Dette vil vere å krysse elva Rubicon, og noko menneskeheita ikkje kan vende tilbake frå. «Det sionistiske krigskabinettet» kan få heile greia til å eskalere til ei utveksling som endar sjølve sivilisasjonen. Global stabilitet vil bli ofra på den fanatiske ideologiens alter.

Dette er Mike Adams si tolking av den noverande situasjonen mellom USA, Israel og Iran, og hans tolking er verken verre eller betre enn resten sine. Viktigare enn nokosinne er det å gjere eigne undersøkingar, og i det minste gjere eit ærleg forsøk på å finne alternative kjelder. Eg mistenkjer sterkt at hovudstraumsmedia ikkje vil vere til særleg hjelp i å forstå den komplekse situasjonen som har ført verda på randa av Tredje verdskrig.

Kommenter innlegget