Biletet er KI-generert.
I motsetnad til alternative aktørar som Steigan, Derimot, iNyheter, UtenFilter og Rabulisten, er Saksyndig på ingen måte ein prominent blogg. Talet lesarar bleiknar i forhold til nemnde aktørar. Det som skil denne bloggen frå resten av alternative media, er at dette med få unntak er og har vore eit enkeltpersonsprosjekt. Dette prosjektet kjem på toppen av full jobb og eit privatliv.
Av og til blir Saksyndig nemnt der ute, og det er interessant å lese korleis folk reagerer på innhaldet på bloggen. Saksyndig blir titt og ofte nemnt på Facebook. Nettstaden vart tidleg klassifisert som ein «satireblogg» eller «humorblogg» av nettrolla, og dette kan vere ein av grunnane til at eg ikkje har fått nemneverdige problem som ei følgje av dette prosjektet. Folk tek ikkje heilt på alvor det som blir publisert. Den andre grunnen er at bloggen er lite kjent hjå folk flest.
Som lesarane sikkert har lagt merke til, har eg den siste tida eksperimentert med KI-genererte bilete, sidan dette er noko «alle» gjer for tida. Eg har òg konsultert ChatGPT for å få ei nokolunde objektiv framstilling av bloggen. ChatGPT skriv følgjande om nettstaden:
«Saksyndig.com er en norsk nettblogg/nettavis hvor en redaktør og et lite team publiserer artikler, nyheter og meningsstoff om samfunnsspørsmål, politikk, helse, kultur og aktuelle tema — ofte med en subjektiv og kontroversiell vinkel. Nettsiden bruker slagordet ‘rett på sak der andre teier’ og inneholder både redaksjonelle tekster og leserbidrag som uttrykker sterke personlige synspunkter.
📌 Hovedtrekk ved Saksyndig.com:
- Eier/redaktør: Nettsiden drives av en anonym redaktør som tidligere har jobbet som helsefagarbeider i Norge, og som skriver at han valgte anonymitet på grunn av politisk press og reaksjoner.
- Innhold: Publiserer innlegg om norske og internasjonale saker, meninger, essay og leserbidrag. Temaene kan være politiske og omstridte, og ikke nødvendigvis presentert som objektiv journalistikk.
- Stil: Retorikken er gjerne direkte, personlig og kan oppleves som provoserende eller kontroversiell for enkelte lesere.
- Formål: Ifølge redaktøren er formålet å ta opp problemstillinger som han mener mediene eller samfunnet ‘tier om’, og å oppfordre leserne til å undersøke kilder selv.
Saksyndig.com er altså ikke en tradisjonell, saklig nyhetsredaksjon, men snarere en plattform for kommentarer og synspunkter med en tydelig subjektiv profil.»
Kva meiner lesarane mine om bloggen? Meiningar er som nasar, dei fleste har sin eigen. Eg har heilt sidan starten med jamne mellomrom fått tilbakemelding frå lesarane om kva som fungerer på bloggen og kva som ikkje gjer det. Ikkje alle tilbakemeldingar er av det gode slaget. Ein lesar slutta å følgje Saksyndig fordi eg publiserte for mykje stoff som allereie var publisert, eller skreiv om saker som «alle andre» skreiv om; vedkomande meinte at bloggen burde skifte namn til «Saks-yndig» (yndig bruk av saks/klipping og liming?). Ein annan lesar slutta å følgje Saksyndig fordi vedkomande meinte at det var for mykje skjønnlitterære tekstar, og at dei førde til at ingen tok bloggen på alvor. Ein tredje lesar lika ikkje fargen på bloggen (!).
Av og til dukkar det opp tilbakemeldingar det er verdt å ta til seg. Saksyndig har i fleire månader hatt eit samarbeid med forfattaren Lysalv. I motsetnad til Saksyndig-redaktøren har han gått på forfattarskule (forfattarstudiet i Tromsø) og har god kjennskap til teoretiske verkemiddel og kva som gjer ein tekst god. Saksyndig-redaktøren har mastergrad frå universitetet og har fyrst og fremst erfaring med akademisk skriving og omsetjingsarbeid. Skjønnlitterære tekstar har alltid vore ein hobby for meg. Tilbakemeldingane frå Lysalv indikerer at kvaliteten på Saksyndig sine skjønnlitterære tekstar kunne ha vore betre. Med hans eigne ord:
«[…] For det første, det er en grunn til at mesteparten av litteratur unngår å omtale kroppslige funksjoner. Det fungerer svært dårlig til hva enn slags inntrykk man forsøker å gi, også et humoristisk inntrykk. I beste fall lykkes man å appellere til det mest lavpannede segmentet i befolkningen og frastøte seg alle andre. […]
En annen ting er at all dialog og handling bør være essensiell på en eller annen måte. Drama er tross alt kondenserte følelser, og tekstskriving er en illusjon og en konstruksjon som skal omtale disse følelsene. Alt behøver ikke å relatere til hovedplottet, men man må for all del unngå småprat, pjatt og skvalder, eller spissfindige og snedige detaljer.
Det er også snakk om overtydelighet i skildringer. Vi trenger ikke så mange adverb for å beskrive det som skjer, dersom dette fremgår tydelig i teksten (og det bør det).
Dette er noen av problemene som hindrer selv en føljetong som dette å ha varig verdi. Noe man kan komme tilbake til som en form for tekstkunst. Nå er det for mye fyllmasse med likegyldigheter, ispedd svært utfordrende vulgariteter nå og da, som hindrer det øvrige innhold å komme til sin rett.
Dersom forfatteren en gang har en ferdigstilt roman eller korthistorie, tilbyr jeg meg å se på prosjektet og finne ut hva som kan forbedres. Det er det som behøves. En konsentrasjon av innsats. En forfinelse. Det kalles for kunst.»
Lysalv har fleire gode poeng. Alle tilbakemeldingar blir registrert frå mi side. Sjølv om eg som redaktør har siste ordet når det gjeld publisering, vil eg ha rådet hans i mente når eg skriv tekstar i framtida. Det høyrer forresten med til historia at ein fjerde lesar uttrykte indignasjon over at Saksyndig byrja å publisere Lysalv-tekstar, og at vedkomande i ein kjensleladd e-post skreiv at vi to var «dysfunksjonelle» og aldri ville fungere i eit romantisk forhold. I alle dagar… For å seie det slik: det er ikkje fyrste gong nokon har prøvd å fjerndiagnostisere oss, men her kan det verke som om det ikkje berre er Saksyndig- og Lysalv-tekstar som er eit problem i livet til vedkomande!
Vi lever i interessante tider. Faktisk skjer det so mykje underlege ting akkurat no at røyndommen overgår sjølv dei villaste fantasiar.
Som vanleg vil eg oppfordre lesarar til å halde fram med å gje tilbakemeldingar. Og dersom du sit med ein tekst du ønskjer å få publisert, send den til saksyndig@saksyndig.com
