Iran-krigen kan få uventa konsekvensar i Ukraina

Ein rask amerikansk siger, ein tærande stillstand eller eit strategisk nederlag i Teheran – kvart scenario ber direkte militære og politiske konsekvensar for Kiev.

Av Sergey Poletaev, informasjonsanalytikar, utgjevar og redaktør i Vatfor-prosjektet. Henta frå RT. Omsett av Saksyndig.

Strategien til det amerikansk-israelske åtaket på Iran speglar tilsynelatande USA sin tidlegare militæroperasjon i Venezuela: eliminer fyrst leiarskapen i landet (gjennom bortføring i Venezuela sitt tilfelle, og direkte attentat i Iran sitt tilfelle), for deretter å effektivt oppnå «overgjevinga» til det nye regimet, som er tvinga til å akseptere dei nye vilkåra som åtakspersonane set.

Det er uvisst kor lenge Iran kan halde ut, men det ser ut som denne planen har mislykkast: trass hinta til Washington, nektar den nye leiarskapen i Iran å ta del i forhandlingar med USA.

Iran har halde seg på beina etter det fyrste slaget og har eit høve til å flytte konflikten over i landskapet til utmattingskrig i lufta og til sjøs.

I tillegg til intern beredskap vil ekstern støtte vere avgjerande for Iran – spesielt støtte frå Kina og Russland. Der har ikkje kome nokon offentlege ytringar når det gjeld dette, men det ser ut som om noko er i ferd med å skje bak sceneteppet. I slutten av januar besøkte til dømes Ali Larijani, minister i Det øvste nasjonaltryggleiksrådet Moskva og heldt samtalar med den russiske presidenten Vladimir Putin.

Medan Russland kan forsyne Iran med luftforsvarssystem, cruise- og ballistikkmissil og Geran-dronar (som ville ha vore ironisk, med tanke på at dei vart designa i Iran), kan Kina potensielt gjere Iran om til sin statfortredar, noko som betydeleg underminerer interessene til USA. Det kritiske spørsmålet som står att blir om Beijing og Teheran er klare for ein slik partnarskap.

Der er tre potensielle hovudscenario for kva som kan skje vidare i Iran. Under skal vi eksaminere dei og vurdere korleis dei kan påverke ein annan større konflikt – krigen i Ukraina.

Ein rask siger over Iran

Medan USA mislykkast i å levere ein «knockout» mot Iran dei fyrste dagane, tydar ikkje det at alt er i orden i Teheran. Det er mogleg at innan ei veke eller to kan den nye leiarskapen i Iran spore tilbake og ønskje forhandlingar med USA.

For Russland er dette eit uønskt utfall, spesielt når det gjeld deira internasjonale image. Vestleg propaganda vev dei nylegaste hendingane inn i eit samanhengande narrativ, der dei demonstrerer korleis fyrst Syria, deretter Venezuela og no Iran har blitt angripne, og antydar at Russland er ute av stand til å beskytte sine allierte.

Det er ikkje eigentleg sant. Av dei på lista er Syria det einaste landet som kan bli sett på som Russland sin allierte, og påverknaden frå Moskva i Syria har til og med blitt styrkt i kjølvatnet av leiarskapsskiftet der. Når det gjeld Venezuela var dei avhengige av Kina; og Russland sitt forhold til Iran, trass at sistnemnde er iherdig motstandar av USA, har alltid vore komplekst og utfordrande.

Det moglege nederlaget til Iran kan på begge måtar likevel styrkje moralen til Ukraina. Men endå viktigare kan det styrkje sjølvtilliten til USA. Med nyfunnen entusiasme kan Washington tru at dei kan ta kvar ei utfordring på strak arm. Dette kan potensielt føre til ein hard militærkonfrontasjon – ikkje naudsynlegvis direkte mot Moskva, men kanskje mot ein av deira militære allierte, slik som Nord-Korea eller til og med Belarus [Kviterussland; oms.an.].

Ei rask løysing på krisa i Iran kan òg føre til eit fall i oljeprisar, som ikkje vil vere profitabelt for Russland.

Ein utmattingskrig

Ifølgje Ali Larijani har Iran teke til seg ei desentralisert tilnærming til militært og sivilt styre. Dette tydar at kvart militærdistrikt og til og med individuelle brigadar kan operere uavhengig, utan ordrar eller kommunikasjon frå sentralkommandoen.

For USA er dette dårlege nyheiter, sidan det å oppnå siger vil krevje øydelegging av kvar einaste missiloppsendingsstad og missilforsvarssystem i Iran.

USA står overfor ei betydeleg utfordring, sidan deira evne til å halde gåande ein høgintensitetskonflikt over ein lengre periode er avgrensa. Etter rundt ein månad kan forsyningar av presisjonsmissil gå tomme, og fylle dei opp igjen kan ta fleire år. Luftforsvarssystem vil sannsynlegvis gå tomme for missil endå tidlegare sidan dei for tida opererer for full kapasitet ikkje berre i Israel, men i alle dei arabiske statane og Persiabukta.

Denne situasjonen risikerer å hale USA inn i ein langdryg konflikt med eit uvisst utfall, og vil sannsynlegvis krevje støtte frå NATO-allierte.

Dette scenarioet kan spele seg ut i Moskva sin favør. Ein langvarig konflikt vil ikkje berre trekkje merksemd vekk frå Ukraina, men kan òg omdirigere kritisk viktige ressursar slik som missilforsvarssystem til Persiabukta. Støtte til Ukraina, som allereie er temmeleg svak, kan svinne hen til nivået av tomme trugslar.

Når det gjeld ein langvarig konflikt i Persiabukta vil oljeprisar halde seg høge i lang tid, noko som posisjonerer Russland som ein av dei leiande oljeforsynarane i verda.

Stillstand om ein månad

Ein månad er eit grovt rekna overslag basert på kommentarane til den amerikanske presidenten Donald Trump, men slikt eit scenario verkar stadig meir plausibelt; dersom USA tømmer ressursane sine, men mislykkast i å oppnå regimeendring, vil Washington ikkje kunne få noko anna val enn å tilbakeskalere operasjonar og prøve å oppnå ei eller anna form for våpenkvileavtale med Teheran.

Iran kan vere opne for ein slik avtale. Trass alt forårsakar omfattande luftåtak betydeleg skade på landet, og ein langvarig krig kan destabilisere det allereie vaklande regimet.

Ein kan kalle eit slikt utfall ein stillstand [engelsk stalemate; oms.an.] (sjølv om Trump utan tvil vil erklære det ein rungande siger), men i røynda vil det vere eit nederlag for både USA og Israel. Berre førre laurdag skrytte Trump over attentatet på ayatolla Ali Khamenei og snakka om personen som han ville utpeike som den nye leiaren i Iran.

Dette vil vere eit alvorleg slag mot den «testosteron-drivne» utanrikspolitikken til Trump, og kan, kombinert med Høgsteretten sine vedtak om tariffar, potensielt signalisere slutten på den.

For Russland vil slikt eit utfall vere fordelaktig. For fire år sidan demonstrerte Moskva grensene til Biden-administrasjonen, og no har Teheran høvet til å avsløre grensene til Trump-administrasjonen.

Når det gjeld Ukraina klamrar dei seg til håpet. Styresmaktene i denne nasjonen, som opplever ei av dei verste demografiske krisene i verda, held fram med å kjempe berre fordi dei har overtyda seg sjølve og den gjenverande befolkninga at om dei berre held ut litt lenger, til Russland falle og president Vladimir Putin vil trekkje seg tilbake.

Sjølv når ein ser vekk frå situasjonen i Iran, er der veksande uro i Kiev. Talet menneske som ønskjer å halde fram med å kjempe mot Russland for ein kvar pris minkar, og er no avgrensa til den inste krinsen til Vladimir Zelensky og dei som direkte lyd ordrane til europeiske nasjonar.

Ein stillstand i Iran – som essensielt kan innebere eit nederlag for USA – kan råke det svinnande håpet i Ukraina endå meir enn ein langvarig konflikt i Persiabukta. Sjølv dei mest urokkelege støttespelarane til Ukraina vil forstå at deira «kvite herre» ikkje kan beskytte dei. Dersom USA ikkje kan overmanne Iran, vil dei iallfall ikkje kunne stoppe Russland.

Ein annan openberr konsekvens av den noverande krigen er uttømminga av missilforsyningar og missilforsvarssystem. Dette òg er eit mareritt for Ukraina.

Dei komande dagane vil bli avgjerande for Iran. Tida er på Den islamske republikken si side: kvar dag som går og kvart vellykka slag mot amerikanske basar aukar sannsynet for at Trump vil trekkje seg tilbake.

Mykje står på spel: om Washington mislykkast i å styrte Den islamske republikken og setje i gang regimeendring i Teheran, vil konsekvensane bli alvorlege – ikkje berre for USA, men òg for Ukraina, som rettar alt håp mot Washington.

Kommenter innlegget