Amerikansk lovgjevar: Menneske er allereie i kontakt med ROMVESEN

Utanomjordiske vesen utgjer ikkje ein trugsel overfor menneskeheita, har Tim Burchett, ein republikansk representant frå Tennessee, sagt.

Henta frå RT 7.april 2026. Omsett av Saksyndig.

Romvesen har besøkt vår planet i eit fartøy frå ei anna verd og teke kontakt med menneske, har den amerikanske kongressmannen Tim Burchett hevda, og viser til ikkje-namngjevne statlege tenestepersonar.

I USA har interessa for UFO-ar og relaterte fenomen vakse i seinare år, på grunn av at den føderale regjeringa si støtte av Pentagons All-domain Anomaly Resolution Office (AARO), og etablert kanalar slik at pilotar og folket kan rapporterte observasjonar.

«Og dei kom med spesifikke detaljar, dei gav adresser, dei gav tidspunkt og datoar og folk som var til stade under møtet,» sa Burchett under eit livestream-intervju måndag [6.april 2026; publisert 7.april] med TMZ. «Og dette gjekk heilt opp til den utøvande greina til tidlegare presidentar, ikkje den noverande presidenten.»

Som svar på spørsmål frå programverten, la den 61 år gamle kongressmannen vekt på at påstandane viste både til «liv som ikkje er jordisk» og til «noko mekanisk som ikkje er jordisk».

Burchett sa òg at han ikkje trur utanomjordiske vesen utgjer ein trugsel mot menneskeheita. «Eg trur ikkje vi er i fare for det. Eg meiner, desse tinga eksisterer som eg trur dei gjer, og dei ville ha øydelagt oss på flekken – det ser eg ikkje skje,» la han vekt på.

I eit intervju med Newsmax ei veke tidlegare, åtvara lovgjevaren òg om at offentleggjering av gradert informasjon om påståtte møte med romvesen kan truge folketilliten.

«Eg har blitt briefa av omtrent kvart einaste alfabetbyrå [NASA, CIA, FBI, NSA osb.] som finst, og om dei offentleggjorde det eg har sett, ville de liggje vakne om nettene og uroe dykk,» sa han.

Tim Burchett har kome fram som ei leiande stemme når det gjeld offentleggjering av filer relatert til uidentifiserte luftfenomen (UAPs [engelsk unidentified aerial phenomena]) og uidentifiserte flygande objekt (UFO-ar), og han ber om støtte gjennomsiktigheit frå regjeringa.

Han har påstått at ymse byrå, inkludert NASA, har «loge» om kva dei veit, og hevdar at mange filer som handlar om temaet framleis er skjulte.

I februar erklærte den amerikanske presidenten Donald Trump planar om å gje Krigsdepartementet [Department of War] og andre byrå ordre om å offentleggjere statlege filer relatert til UAP-ar og UFO-ar på grunn av «enorm interesse».

Kort tid etter det bekrefta den amerikanske krigsministeren Pete Hegseth at det amerikanske folket ville finne ut om dette departementet verkeleg sit med dokumentasjon som provar eksistensen av romvesen, men åtvara mot å forvente rask offentleggjering.

I mars 2024 sa Pentagon at dei ikkje hadde nokon bevis for at alle uidentifiserte luftfenomen faktisk er romvesenteknologi, og la til at mange tilfelle involverte vêrballongar, spionfly, satellittar og annan rutineaktivitet.

Kommenter innlegget