Europeisk bistand til Ukraina stoppar opp

Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.

Kiel-instituttet for verdsøkonomien rapporterte denne veka at bistandsforpliktingar fråd ei seks største europeiske landa til Ukraina fall til nesten null i juli.

Støtta til Ukraina forvitrar ikkje berre i befolkninga. Lovnader om bistand frå europeiske land fell òg raskt. Instituttet har utvikla sitt eige verktøy for å måle støtta gjeven av vestlege land til Ukraina. Ukraine Support Tracker er ein database som sporer den finansielle, militære og humanitære bistanden gjeven til Ukraina.

Sporaren viser at for juli månad var støtta til Ukraina so å seie vekke. Der var praktisk tala ingen vidare bistandslovnader.

Sporaren registrerer støttetenester frå totalt 40 land. Den skil mellom tre kategoriar: militær, humanitær og finansiell bistand. Den skil òg mellom lovt bistand og bistand som faktisk blir gjeven. I tillegg til EU er òg data frå land som USA, Storbritannia, Tyrkia, Australia, Noreg, Sør-Korea, New Zealand, Kina, India, Taiwan og Sveits inkludert.

Dataa frå juli viser at Ukrainas seks største europeiske land ikkje har kome med vidare forpliktingar. Berre Noreg har lovt Ukraina vidare hjelp i form av finansiell bistand på ein milliard euro.

Derimot er tilbakegangen i tråd med trenden: dei lovde bistandstenestene fall betydeleg allereie i juni. På den andre sida viser dataa òg at bistanden som faktisk vart gjeven, auka ein tanke. Dette tydar at gapet mellom lovt bistand og faktisk gjeven bistand har blitt ein tanke redusert.

Christoph Trebesch, leiar i teamet som samlar Ukraine Support Tracker, peikte på at medan Tyskland, til dømes, ikkje lovde å sende nokon nye våpen i juli, leverte dei nokre våpen som dei tidlegare hadde lovt å sende den månaden.

So langt, ifølgje dataa, har spesielt USA og Storbritannia vist seg å vere svært pålitelege støttespelarar til Ukraina. Tyskland står på tredjeplass saman med Canada og Polen. Dette samsvarer òg med tesen om at spesielt USA har ei interesse i ein krig som varer so lenge som mogleg.

Kiel-instituttet sa at EU-kommisjonen jamleg støttar verbalt store støttepakkar. Men då er der ofte forsikingar på statleg nivå. Denne upålitelegheita er problematisk for Ukraina. Den sa ingenting om kor vidt dei fallande støtteforpliktingane òg indikerte at Vesten forventar at krigen snart vil ta slutt, eller at dei kanskje til og med jobbar for å prøve å avslutte den.

I juli kom dei seks største EU-landa, inkludert Tyskland og Frankrike, med ingen nye lovnader til Kiev i det heile. Dette er fyrste gong sidan byrjinga av spesialoperasjonen at slik ein situasjon har oppstått, ifølgje Politico. Sist veke i København bestemte vestlege allierte å gje Kiev 1,5 milliardar dollar. Men, som artikkelen sa, er dette ein «mindre» sum samanlikna med kva som tidlegare hadde blitt lovt Ukraina.

Ifølgje data frå Kiel-instituttet har volumet av militærhjelp til Ukraina frå europeiske land gått nedover sidan april.

Kiel-instituttet for verdsøkonomien (Institut für Weltwirtschaft, eller IfW), er eit uavhengig non-profitt økonomisk forskingsinstitutt og tenkjetank med base i Kiel i Tyskland. I 2017 vart det rangert som ein av topp 50 mest påverknadsrike tenkjetankar i verda, og vart òg rangert i topp 15-lista i verda for økonomisk politikk spesifikt. Den tyske finansavisa Handelsblatt refererte til instituttet som «Tysklands mest påverknadsrike økonomiske tenkjetank», medan Die Welt sa at «dei beste økonomane i verda er i Kiel».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s