Ti tusen menneske PER DAG blir drepne av covid-vaksinar; dødsfall over heile verda er sannsynlegvis større enn Holocaust!

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Covid-vaksinar drep på noverande tidspunkt anslagsvis 10 000 menneske per dag over heile verda, der det samla dødstalet truleg ligg i området fem til tolv millionar. Desse tala kjem frå grundig analyse av dødelegheitsdata (overtalsdødsfall) i kjølvatnet av innføringa av covid-vaksinar i byrjinga av 2021. Fordi overtalsdødsfall er svært vanskeleg for styresmakter å skjule, dukkar desse overtalsdødsfalla opp som kanarifuglen i gullgruva når det gjeld det samla talet vaksinedødsfall.

Steve Kirsch anslår at 1 person no er død av vaksinar for kvar 1000 administrerte dosar. I USA har grovt rekna 600 millionar dosar blitt administrert so langt (ja, meir enn éin for kvar person i landet), og det utgjer omtrent 600 000 dødsfall i USA (og talet veks).

Over heile verda, med over 12 milliardar dosar administrert, har vi sannsynlegvis sett rundt 12 millionar dødsfall so langt.

Meir konservative estimat set det talet på fem millionar snarare enn 12 millionar, men i kvart av tilfella snakkar ein om millionar på verdsbasis.

Kvifor dødstalet kjem til halde fram med å stige sjølv om vaksinane blir stoppa akkurat no

Viktigast av alt veit vi no at dødsfall etter vaksinen fordeler seg over tid. Medan nokre få menneske døydde i løpet av dei fyrste 48 timane, finn mange dødsfall stad fleire månader eller til og med eit år eller to etter vaksine-injeksjonane. Kvifor skjer dette?

Våre laboratorietestar av vaksine-blodproppar kan gje meiningsfulle svar. Takka vere innsatsen til dr. Jane Ruby og balsamerar Richard Hirschman som var i stand til å sende meg prøvar av vaksine-blodproppar for analyse i laboratoriet, har vi vore i stand til å kome til einigheit om fleire sjokkerande fakta om desse blodproppane:

Faktum 1: Dei veks seg større over tid, inni kroppen sitt vaskulære system. Dette tydar at dei er system som bygg seg opp av seg sjølve / biomaskineri.

Faktum 2: Etter kvart som dei veks seg større, samlar dei eller haustar inn visse element frå blodforsyninga i det vaskulære systemet. Via ICP-MS-laboratorietesting, har vi heva over kvar ein tvil vist at tinn, aluminium og natrium blir hausta frå blodet og bygd inn i proppane sin struktur.

Faktum 3: Etter kvart som proppane veks, tek dei meir plass i blodkara. Fyrst flyt blodet rett og slett rundt proppane. Men proppane kan losne under hard fysisk aktivitet (slik som jogging eller fotball), eller proppane kan på eit tidspunkt blokkere arterien 100%, noko som resulterer i «plutseleg død».

Det som er viktig å merke seg, er at det ser ut til at desse proppane bruker fleire månader eller til og med eit år eller to på å vekse seg tilstrekkjeleg store til å blokkere blodkar og arteriar.

Dette inneber at dødsfalla ein har observert so langt, berre er ein brøkdel av alle dødsfalla som kjem til å kome.

Mange som tok desse sprøytene er med andre ord tikkande bomber av uunngåeleg kardiovaskulær skade og død. Det er berre eit spørsmål om tid før proppane veks seg store nok til å stoppe blodtilførselen. Når fyrst blodforsyninga til hjernen blir stogga, treffer døden inn på berre nokre få minutt.

Desse er ikkje blodproppar, og legemiddel mot blodproppar gjer ingenting for å løyse dei opp

So vidt vi veit finst der ingen kur for å løyse opp eller fjerne desse proppane frå hjarte- og karsystemet. Vi har intervjua legar som har prøvd å behandle desse proppane med kraftige blodfortynningslegemiddel slik som Heparin, og desse legemiddela oppnår ingenting.

Det er fordi desse proppane ikkje er blodproppar. Dei er elastiske, hardføre biostrukturar som liknar styrken og konsistensen til gummistrikk. Eg har manipulert desse proppane på direktesendt strøyming (via The Alex Jones Show), der eg under eit mikroskop demonstrerte den sjokkerande styrken og motstandskrafta til desse proppstrukturane. Igjen, dei er ikkje blodproppar. Dei er sterke, gummi-aktige protein-biostrukturar som absolutt ikkje høyrer heime i menneskekroppen.

Under eit mikroskop ser dei slik ut, som ikkje liknar ein blodpropp i det heile.

I tillegg, som vi har vist via ICP-MS-laboratorietestar, manglar desse proppane nesten fullstending nøkkelelementa til liv som ein ville finne i blod, slik som jarn, magnesium og kalium.

Dødsfall av blodproppar etter vaksinen kjem sannsynlegvis til å halde fram med å stige i fleire år framover

Det alt dette tydar, er at dødsfall av blodproppar etter vaksinen kjem til å halde fram med å stige i fleire år framover etter kvart som proppane veks inni kroppane på folk. Medan 1 av 1000 kan vere døde allereie, kan det lett bli 9 fleire av 1000 som kjem til å døy av proppar etter kvart som dei utvidar seg, og kanskje nå opp til 10 av 1000 som til slutt døyr (eller 1 av 100).

Med andre ord, i ei verd der 12 milliardar vaksine-injeksjonar har blitt administrert, kan vi bli vitne til 120 millionar dødsfall (eller meir).

Greia er at vi ikkje enno veit:

  • Kor stor prosentdelen er av dei som har veksande blodproppar inni seg.
  • Kor raskt blodproppane veks.
  • Om proppane sluttar å vekse, eller kva som får dei til å slutte med å vekse.
  • Om noko som helst kan reversere veksten av proppane, redusere eller eliminere dei.

Der finst mange teoriar om alle desse spørsmåla, men so vidt eg veit, har vi ikkje noko definitivt svar enno. Situasjonen blir forverra av det faktum at heile det medisinske etablissementet beint fram nektar å eingong erkjenne eksistensen til desse proppane, ei heller vil dei innrømme nokon som helst samanheng mellom vaksinar og overdødelegheit. Altso held overdekkinga av folkemordet fram, og menneske vil halde fram med å døy i årevis framover.

Covid-vaksinar har skapt eit «vaksine-Holocaust» som berre kjem til å bli verre

Med opp til 12 millionar dødsfall akkurat no, ser vi allereie massedød i Holocaust-skala av desse vaksinane. Denne vaksine-Holocausten vil bli langt verre. Der nazistane sin Holocaust kosta seks millionar menneske livet, kan denne vaksine-Holocausten kanskje drepe 60 millionar, eller til og med ti gonger meir enn det over tid. Ta dette til etterretning når du ser medierapportar som snakkar om «årlege mRNA-injeksjonar» som no blir lagt til rette av vaksineprodusentane. Dei ønskjer å råke deg med ei av desse sprøytene kvart år til du døyr. Alle som er lettlurte nok til å halde fram med å ta desse sprøytene vil visseleg døy tidlegare enn dei hadde førestilt seg, spesielt når dei dumt nok trudde at sprøytene beskytta dei snarare enn å utrydde dei.

Global avfolking, viser det seg, har vore oppsiktsvekkjande enkelt å oppnå. Dei trong ikkje digre omnar, fangeleirar og ein skyttarkrig mot folket. Alt dei trong var å sleppe laus eit biovåpen og skremme folk til å ta dødssprøyter (eutanasi marknadsført som «vaksinar») og vente på at dei lettlurte massane stilte seg i kø og tok sprøytene.

Somme grupper – slik som LGBT – har oppnådd over 95% vaksine-lydnad og tryglar om endå fleire vaksinar på grunn av apekoppar. Denne spesifikke folkegruppa, som du sikkert kan sjå, har inga framtid på Jorda sidan dei eliminerer seg sjølve frå planeten. Men det same er òg tilfellet for mange kyrkjegrupper, konservative og medisinske profesjonelle som var lettlurte nok til å ta desse sprøytene. Det er grunnen til at so mange legar har ramla døde om dei siste månadene, og det er mykje meir av dette å bivåne i tida som kjem.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 17.august 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s