Av Rhoda Wilson/Steve Kirsch. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
Rhoda Wilson:
Kva er talet dødsfall i verda av Covid-injeksjonar? Ved å gjere ei grov utrekning kjem Steve Kirsch til eit omtrentleg tal på 12 millionar.
For å setje talet i kontekst, so er det 40 gonger so mange amerikanarar som vart drepne i Andre verdskrigen. Det er meir enn det dobbelte av talet drepne av Covid, skreiv Kirsch.
Andre verdskrigen er ein einig om at byrja 3.september 1939 då Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Tyskland etter at Tyskland invaderte Polen. Den slutta i 1945 etter at Japan formelt overgav seg.
Ifølgje Britannica døydde om lag 298 000 amerikanarar i løpet av Andre verskrig. Totalt døydde om lag 40 til 50 millionar menneske over heile verda i løpet av dei seks åra krigen varte.
Den fyrste Covid-sprøyta vart levert av Storbritannia 8.desember 2020, og markerte «starten på eit historisk massevaksineringsprogram». Frankrike leverte si fyrste sprøyte 19 dagar seinare, 27.desember 2020.
Covid-sprøytekampanjen har so langt gått føre seg i 20 månader. Ifølgje Our World in Data, har 12,46 milliardar sprøyter blitt levert, 5,89 millionar per dag.
Derimot, ifølgje data samla inn av Bloomberg, «var den største raten grovt rekna 8,46 millionar dosar per dag… 159 sprøyter per 100 menneske i verda.»
15.august [2022] vart Storbritannia det fyrste landet i verda som godkjende Moderna si «neste generasjons»-Covid-sprøyte – Spikevax Bivalent.
Steve Kirsch:
Margaret Anna Alice spurde om nokon kunne gje eit estimat over det globale dødstalet av Covid-sprøyter.
Etter mitt syn er eit rimeleg estimat å dele talet dosar på 1000.
Dersom du gjer det for dei 600 millionar dosane som er levert i USA, får du 600 000 dødsfall, som er temmeleg i nærområdet.
Eit meir forsiktig tal er å dele talet dosar på 2500. Dette er talet som Mathew Crawford estimerte frå globale data: 411 dødsfall per million dosar. Tidlegare tilbaud eg ein million dollar i premie til alle som fann ein betydeleg feil i arbeidet hans. Ingen tok utfordringa. Dette er dokumentert på min Substack og i Twitter-straumen min, men naturlegvis vart alt eg la ut på Twitter sletta av dei fordi det var utrygt. Ein million dollar utan skjulte klausular. Ingen gjekk med på det.
So det forsiktige anslaget gjev deg 5 millionar drepne (berre 16 gonger talet amerikanarar som vart drepne i Andre verdskrig).
Vi nærmar oss dei 6 millionar jødane som vart drepne i Holocaust i løpet av 12 år.
Men vi drep menneske over heile verda minst seks gonger raskare enn tyskarane gjorde.
Vi drep nesten 10 000 menneske kvar einaste dag (den siste raten var om lang 8,46 millionar dosar per dag).
Interessant nok er ikkje dette sjølv-begrensande, fordi 385 000 babyar blir fødde kvar dag.
So drepinga kan halde fram på ubestemt tid, sjølv om fødselsraten går ned med 90% på grunn av sprøytene.
I fall du lurte. Eg tenkte berre eg skulle påpeike det.
Dosedata var frå denne Bloomberg-artikkelen.
Samandrag [Steve Kirsch]
Vi drep avsindig mange menneske, men verdsleiarar ser den andre vegen og seier ingenting, medan alle vi andre ser det høge talet rapportar i media om folk som døydde «uventa» og høyrer inga forklaring frå det medisinske samfunnet eller frå CDC [FHI/Helsedirektoratet her i Noreg: oms.komm.].
Vi skal liksom stole på at dei har orden på tinga, sjølv om dei ikkje vil stå fram på kamera saman med nokon som ikkje les frå eit manus med førehandsgodkjende spørsmål.
Vaksinen blir aldri nemnt i nokon av desse rapportane om uforklarlege dødsfall.
Likevel har menneske over heile verda lagt merke til at desse uventa dødsfalla berre skjer med vaksinerte. Hmm… Eg lurer på kvifor?
CDC kjem ikkje til å krevje at medisinkyndige utfører undersøkingar eller utfører passande testar for å påvise samanhengen. Dei kan lett gjere det. Men dei gjer det ikkje. Det fortel deg alt du treng å vete om korrupsjonen.
So, det vil kome ein uforklarleg auke i uforklarlege dødsfall på grunn av ukjende årsakar fordi ingen i hovudstraumsmedia nokosinne kjem til å innrømme at dei tok feil, og stille nokre spørsmål som ikkje står i manus.
Sjølv Donald Trump er redd for å snakke ut om kva som skjer. Han held seg stille òg.
Det er grunnen til at vi ikkje har nokon debattar, berre sensur.
Hundrevis av menneske i CDC er klare over kva som skjer, men dei kjem ikkje til å snakke ut, for då vil dei misse jobben. Sjølv dei som har sagt opp held seg stille. Det er verkeleg forbløffande.
So, drepinga held fram i uforminska styrke.