Hunden til eit homofilt par fekk apekoppar i anus – korleis gjekk so DET til?

Henta frå Revolver.news. Omsett og noko redigert av saksyndig. Meiningane til artikkelforfatteren er ikkje nødvendigvis dei same som dei til Saksyndig. Teksten har som føremål å underhalde.

Kanskje finst der ei uskuldig forklaring for denne?

Andy Ngo på Twitter:

«Det fyrste kjende tilfellet av menneske-til-hund-smitte av apekoppar har blitt dokumentert i eit medisinsk tidsskrift, The Lancet. Hunden fekk det frå eigarane sine, eit ikkje-monogamt homofilt par i Paris. Hunden utvikla eit analt sår og lesjonar i slimhinnene.»

Igjen, har nokon som helst ei forklaring?

Og gløym heller ikkje denne historia: (Chuck Callesto på Twitter):

«USA registrerer fyrste to tilfelle av apekoppar hjå BARN – California-smårolling og eit spedbarn i Washington D.C. vart sannsynlegvis smitta av ‘hushaldningskontakt’, og begge hadde kontakt med homofile eller biseksuelle menn, seier CDC-sjefen…»

Kva slags kontakt? Burde det ikkje i det minste rettferdiggjere ei etterforsking?

Den historia er å finne her:

«To barn er blant meir enn 2500 menneske i USA som har fått apekoppar, ifølgje CDC-direktør Rochelle Walensky (lege).

‘Vi har no sett to tilfelle som har oppstått hjå barn. Begge barna er spora tilbake til personar som kjem frå menn som har sex med menn-samfunnet – samfunnet av homofile menn,’ fortalde dr. Walensky Washington Post i eit direktesendt intervju 22.juli. ‘Og so, når vi har sett desse tilfella hjå barn, har dei generelt vore det eg kallar ‘nær’ det mest risiko-utsette samfunnet.’»

I mellomtida raser ein debatt i det homofile samfunnet: burde dei stoppe med å ha massive orgiar i tide og utide? Frå Washington Post:

«I mars 1983 publiserte forfattar og aktivist Larry Kramer eit stykke i New York Native ved namn 112 And Counting – ein nifs referanse til den amerikanske teljinga av AIDS-tilfelle to år inn i plagen.

‘Dersom denne artikkelen ikkje skremmer livskiten ut av deg, har vi verkelege it problem,’ skreiv Kramer. Han kravde at hans homofile medbrør konfronterte det politiske etablissementet som sat likegyldige og såg dei døy. Men han skjelte òg huda full homofile menn som blånekta å endre si eiga seksuelle åtferd for å hindre spreiinga av AIDS.

I dag, overfor det raskt veksande apekopp-utbrotet, står homofile og biseksuelle menn, som nesten alle dei 9492 amerikanske diagnosane har skjedd, ved eit liknande vegskilje. Eit virus som i overveldande grad smittar gjennom seksuell kontakt mellom menn, forårsakar enorme lidingar. Og medan folkehelseleiarar no robust støttar homofile menn, mislykkast dei framleis i å kome med tidig prevensjon og behandling, og forkludrar ofte bodskapen.

Som under AIDS-krisa, kan ikkje homofile menn vente på staten. Vi må endre vår seksuelle åtferd no. Vi må gjere dette som ei myndiggjeringshandling for å beskytte oss sjølve.

Fram til apekoppane forhåpentlegvis går tilbake, kan og burde dette tyde at vi må redusere talet seksualpartnerar, halde oss vekke frå sexfestar, praktisere monogami og til og med vere seksuelt fråhaldande.»

Tidlegare debatterte liberale korleis ein best kunne redusere «stigma» blant homfile, utifrå det dokumenterte faktum at deira seksuelle aktivitet står for det store fleirtalet av apekopp-tilfelle.

Steve Sailer på Twitter:

«CDC kom med eit dokument om apekoppar 12.juli [2022] med tittelen «Å redusere stigma i kommunikasjon og samfunnsengasjement», der dei instruerte pressa til å spele om igjen 1980-talet sin AIDS-strategi, der dei misleia folket om korleis homofile ikkje hadde skulda:

‘Leggje vekt på at alle kan få apekoppar, og fremje dette som ei folkehelsebekymring for alle. Det å fokusere på tilfelle blant homofile og bifile menn kan utilsikta stigmatisere denne befolkninga, og skape ei falsk kjensle av tryggleik blant dei som ikkje er homofile og bifile menn.’»

Hmmm… (framleis Steve Sailer på Twitter):

«I New York by har det vore 336 tilfelle av apekoppar. Ingen som vi kjenner til er kvinner. 321 identifiserer seg som menn, 7 som «transkjønna og Gender Non-Conforming ikkje-binære», og 8 er ukjende.»

Nedstengingar? To veker for å stoppe spreiinga? Stengje ned homoorgiar eller saunaer? Ikkje so fort [jepp, framleis Steve Sailer]:

«Helse-tsaren i New York skrider til verket mot apekoppar!

Stengde han ned superspreiar-arrangement for homofile?

Naturlegvis ikkje. I staden krev han at WHO endrar namnet ‘apekoppar’ til ein eller annan uforståeleg kombinasjon av bokstavar for å unngå ‘stigma’.»

Berre nok ein dag i det globalistiske amerikanske imperiet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s